Historisk arkiv

Mobilisering av arbeidskraft og justering av arbeidsmarknadstiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr: 47/98
05.10.98

Mobilisering av arbeidskraft og justering av arbeidsmarknadstiltak

Etter fem års samanhengande vekst i sysselsettinga er det nå teikn til at veksten avtar. For året sett under eitt ventar ein likevel at arbeidsløysa går svakt ned også til neste år. Presset i arbeidsmarknaden vil dermed vere stort også i 1999.

- Formidling til arbeid vil vere hovudoppgåva for arbeidsmarknadsetaten i 1999, seier arbeids- og administrasjonsminister Eldbjørg Løwer. - Arbeidskraft skal mobiliserast på brei basis blant heilt ledige og delvis sysselsette. Det er også eit mål at det skal bli lettare å komme inn i arbeidslivet for grupper som har problem med å komme inn på arbeidsmarknaden, seier statsråden. For stillingar der det er mangel på kompetente søkjarar vil arbeidsmarknadsetaten også formidle arbeidskraft frå utlandet.

Løyvingsforslaget for ordinære arbeidsmarknadstiltak i 1999 er basert på eit gjennomsnittleg nivå på om lag 8 000 plassar, ein reduksjon på om lag 2 000 plassar frå 2. halvår 1998. Arbeids- og administrasjonsministeren varslar at på bakgrunn av uvissa knytt til utviklinga på arbeidsmarknaden, kan dette tiltaksnivået bli vurdert på nytt i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 1999.

For yrkeshemma baserer ein seg på i gjennomsnitt 19 700 plassar under dei spesielle arbeidsmarknadstiltaka for desse, om lag ei vidareføring frå 1998.

- Målet om at minst tre fjerdedelar av dei yrkeshemma skal vere i tiltak er dermed oppretthalde for 1999, seier statsråd Løwer. Ho påpeiker at yrkeshemma også kan delta på tiltak finansierte over ytingar til yrkesretta attføring og på ordinære arbeidsmarknadstiltak.

For å betre tilbodet til yrkeshemma personar med alvorlege psykiske lidingar, vil ein etablere nye tiltaksplassar øyremerkte denne gruppa i tråd med opptrappingsplanen for psykisk helse 1999-2006.

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen