Historisk arkiv

Privat formidling og utleige av arbeidskraft i helsevesenet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr: 4/98
22.01.98

Innkalling til pressekonferanse

Privat formidling og utleige av arbeidskraft i helsevesenet

Statsrådane Løwer og Høybråten orienterer om regjeringsvedtak

Kongen i statsråd vil fredag avgjere anken frå fleire vikarbyrå som tidlegare har fått avslag på søknader om dispensasjon frå forbodet mot utleige av arbeidskraft.

Søknadene galdt utleige av helsepersonell, og blei avslått av dåverande kommunal- og arbeidsminister Kjell Opseth. 6 av dei 12 byråa som søkte dispensasjon anka avslaget inn for Kongen.

Arbeids- og administrasjonsministeren har også hatt til behandling spørsmålet om dispensasjon frå forbodet mot privat arbeidsformidling, med sikte på å opne for privat formidling av legar frå utlandet.

På ein pressekonferanse fredag vil arbeids- og administrasjonsminister Eldbjørg Løwer og helseminister Dagfinn Høybråten orientere om Regjeringas avgjerd i ankesakene om dispensasjon frå forbodet mot utleige av helsepersonell, og Løwer vil orientere om si avgjerd i spørsmålet om privat arbeidsformidling av legar frå utlandet.

Tid: Fredag 23.1 kl 12.30 (halv ett).

Stad: Møterom 1129 i R5, Akersgt. 59.

Kontakt for nærmare informasjon:
Informasjonssjef Leiv Ellingsen, AAD, tlf. 2224 4609, p.søkar 9669 7719.

Lagt inn 22 januar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen