Historisk arkiv

Rapport frå det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr. 2/98
Dato 19.01.98

Rapport frå det tekniske berekningsutvalet - pressekonferanse

Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera held nå på å sluttføre arbeidet med rapporten sin før inntektsoppgjeret 1998.

Rapporten gir oversikter over utviklinga i lønner og inntekter, prisar og konkurranseevne mv. Som tidlegare blir det gitt ein prisprognose for 1998.

Utvalet legg fram rapporten på ein pressekonferanse i morgon

tirsdag 20. januar kl. 12.00.

Stad: Møterom 1129 i R5, Akersgata 59.

Leiaren for utvalet, direktør Svein Longva i Statistisk sentralbyrå, vil gjere greie for rapporten og saman med andre medlemmer av utvalet svare på spørsmål.

Eit samandrag av rapporten vil vere tilgjengeleg for pressa.

Kontakt for nærmare informasjon: Ekspedisjonssjef Bernhard Nestaas, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, tel. 2224 4760.

Lagt inn 19. januar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen