Historisk arkiv

Sikring av statlege verdiar og utvikling på Fornebu

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr: 46/98
05.10.98

Sikring av statlege verdiar og utvikling på Fornebu

Regjeringen har sett av 50 millionar kroner for 1999 til å sikre etterbruk og vidareutvikling av statens eigedommar på Fornebu.

- Investeringa skal sikre at vi har den handlefridomen som er nødvendig for å nå dei mål regjering og Storting har sett for etterbruken av Fornebu. Det er blant anna behov for infrastrukturtiltak som vatn, kloakk og veg i tillegg til vedlikehald og opprusting av eigedommane, påpeiker arbeids- og administrasjonsminister Eldbjørg Løwer.

Staten er den største grunneigaren på Fornebu med eit areal på 2 000 dekar. Oslo kommune har tilbakefallsrett på dei resterande 1 500 dekar. Staten har allereie selt unna ca 270 dekar til Norske Skogindustrier ASA, Telenor AS og SAS Park Hotel AS. Det siste salet blei underskrive sist veke, då SAS Park Royal Hotell AS kjøpte tomt og bygningsrettar frå staten for 71 700 000 kroner. Totalt er det nå selt for vel 576 millionar kroner i eigedommar og bygningar på Fornebu. I statsbudsjettet ber nå Arbeids- og administrasjonsdepartementet om fullmakt til å føreta sal på Fornebu innanfor ei ramme på 500 millionar kroner.

- Eg føler at vi er godt i gang med å realisere salet av staten sine eigedommar på Fornebu. Saman med SAS førebur nå Statsbygg ei internasjonal utlysing av det såkalla Koksa- området på 90 dekar med bygningar. Tilbod reknar vi med kjem i februar neste år. Samtidig ventar vi at Bærum har klar sin kommunedelplan II. Den må vere på plass før vi kan selje dei eigedommane som står att, påpeiker Eldbjørg Løwer.

Salet av Koksa-området vil omfattast av ein IT-klausul i tråd med dei visjonar regjering og Storting har for Fornebu som eit kompetansesenter med brei satsing på IT-verksemd. I samarbeid med KUF og NHD vil regjeringa i løpet av hausten presentere ei stortingsmelding om etablering av et IT/Kunnskapssenter på Fornebu.

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen