Historisk arkiv

Uendra sjukefråvær i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr. 29/98
Dato: 29. juni 1998

Uendra sjukefråvær i staten

For første gong på tre år aukar ikkje det totale sjukefråværet blant statstilsette. Tal frå første kvartal i år viser at mens langtidsfråværet framleis aukar, blir dette oppvege av nedgang i korttidsfråværet. I forhold til same periode i fjor gjekk fråvær på inntil 3 dagar ned med 5,5 prosent, mens fråvær frå 4 til 14 dagar gjekk ned med 6,8 prosent. Fråvær på over 14 dagar auka med 4,8 prosent.

Arbeids- og administrasjonsminister Eldbjørg Løwer seier at ho er fornøgd med at ein nå ser teikn på stagnasjon i utviklinga, etter at sjukefråværet sidan 1994 har auka jamnt med til saman 19,4 prosent. Statsråden understreker likevel at det er altfor tidleg å seie noko om dette er ein trend eller eit eingongstilfelle.

- Regjeringa er opptatt av å senke sjukefråværet i staten, som i samfunnet elles. Det er sett i gang ulike prosjekt i spesielt utsette verksemder og eit direkte påtrykk mot verksemder som ikkje har eit etablert og fungerande helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Slik håper eg vi kan gjere vårt til at sjukefråværet kan avta framover, seier statsråd Løwer.

Kvinnelege statstilsette hadde ein nedgang i det totale sjukefråværet på 1,5 %, viser tala frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet. For mennene heldt auken i fråværet fram med 1,3 %. Sjukefråværsnivået blant statstilsette låg på 6,2 % i første kvartal 1998. Det er dei deltidstilsette og kvinnene som har det største sjukefråværet.


Kontaktpersonar: Avdelingsdirektør Finn Melbø eller førstekonsulent Lilly Ann Elvestad, Arbeidsgivaravdelinga tlf. 22 24 44 80 / 22 24 49 04

Lagt inn 1. juli 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen