Historisk arkiv

208 millionar til dei politiske partia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr. 59/1999
Dato: 4. oktober 1999

208 millionar til dei politiske partia

Regjeringa foreslår å løyve vel 208 millionar kronar i tilskott til dei politiske partia. Løyvingsframlegget ligg på same nominelle nivå som i regjeringas budsjettforslag for 1999. Det inneber ein reduksjon med 4,6 pst i forhold til den løyvinga Stortinget vedtok i fjor. Tilskottet til dei sentrale partiorganisasjonane er foreslått til 108,8 mill mot 118,8 i vedtatt budsjett for 1999. Tilskotta til kommune- og fylkespartia er på same kronebeløp som i det vedtatte budsjetter for inneverande år.

Støtta til dei politiske partias sentrale organisasjonar blir fordelt forholdsvis etter stemmetal ved siste stortingsval. Det same gjeld partias sentrale ungdomsorganisasjonar. For å oppnå støtte må partia ha stilt lister i minst halvparten av valkrinsane og ha oppnådd meir enn 2,5 pst tilslutning. Tilskottet til lokalpartia og partigruppene i fylkestinga og kommunestyra blir fordelt ut frå resultatet ved kommune- og fylkestingsvalet hausten 1999.


Kontaktperson: Eksp.sjef John Engstrøm, Administrasjonsavd., tlf 2224 4610

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen