Historisk arkiv

Aktiv arbeidsmarknadspolitikk for utsette grupper og program for eit enklare Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr. 54/1999
Dato: 4. oktober 1999

Aktiv arbeidsmarknadspolitikk for utsette grupper og program for eit enklare Noreg

  • Intensivert arbeidsformidling og omstillingstiltak
  • Prioritering av tiltak for yrkeshemma arbeidssøkjarar
  • 395 millionar til utvikling av Fornebu-området
  • Forseinka fullføring av Rikshospitalet gir nye kostnader
  • Fullføring av Kongebustaden på Slottet
  • «Eit enklare Noreg» for alle
  • God kontroll med år 2000-arbeidet i statsforvaltninga
  • Nye retningslinjer for justering av grunnbeløpet i folketrygda

Dette er noen hovudpunkt i budsjettframlegget for Arbeids- og administrasjonsdepartementet.

Intensivert arbeidsformidling og omstillingstiltak

Formidling til ordinært arbeid vil vere høgt prioritert i ein arbeidsmarknad der den registrerte arbeidsløysa aukar noko, men der det framleis er mangel på arbeidskraft i mange næringar. Innan omsorgssektoren og anna offentleg og privat tenesteyting vil det også i 2000 vere stort behov for fleire arbeidstakarar. Regjeringa legg derfor vekt på å sikre god flyt av arbeidskraft. I tett samarbeid med bl.a. oljerelatert verkstadindustri vil Arbeidsmarknadsetaten vurdere bruk av opplæringstiltak som ledd i nødvendige omstillingar. Det er budsjettert med om lag 7500 plassar i ordinære arbeidsmarknadstiltak i 2000. I lys av utviklinga på arbeidsmarknaden vil tiltaksnivået for 2. halvår bli vurdert nærmare i samband med Revidert nasjonalbudsjett.

Prioritering av tiltak for yrkeshemma arbeidssøkarar

Budsjettframlegget gir rom for om lag 20 100 spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma. Det inneber at den sterke prioriteringa av tiltak for yrkeshemma arbeidssøkarar blir halde ved lag, med særleg vekt på tiltak for personar med samansette problem og stort bistandsbehov. I tillegg til arbeidsmarknadstiltak kan personar som mottar attføringsytingar delta i arbeidstrening og ordinær skolegang. Målet om at tre firedelar skal vere i tiltak blir ført vidare. Det skal setjast av midlar til eit forsøk med langvarig subsidiering av lønn for personar med variabel arbeidsevne utan utsikter til snarleg betring som følge av muskelsmertesjukdommar eller psykiske lidingar.

395 millionar til utvikling av Fornebu-området

På statsbudsjettet for 2000 er det avsett i alt 395,8 millionar kroner til utvikling av Fornebu-området. 149,4 mill er avsett til oppryddingstiltak og investeringar i området, 242,5 mill skal gå til innløysing av areal til eit nasjonalt IT- og kunnskapssenter, mens 3,9 mill er avsett til spesielle driftsutgifter. Regjeringa foreslår å skyte inn inntil 260 mill som eigenkapital i IT- og kunnskapssentret på Fornebu. Dette gjenspeglar takstverdien på statleg eigedom (terminalbygg, parkeringshus mv) innanfor området som er avsett til dette formålet. Statsbygg har ført forhandlingar med tre konkurrerande tilbydarar til IT- og kunnskapssentret. To av desse har nå gått saman om eit felles tilbod. Forhandlingsresultatet vil bli lagt fram for Stortinget i ein eigen proposisjon.

Ei omfattande kartlegging av grunnforholda på Fornebuområdet viser at meir enn 100 000 m3 forureina masse må behandlast før områda blir tatt i bruk. Dei første oppryddingstiltaka blei sette i gang i første halvdel av 1999. Samla kostnad er berekna til ca 80 mill., som skal dekkjast gjennom overføringar frå Luftfartsverket til Statsbygg.

Forseinka fullføring av Rikshospitalet gir nye kostnader

Samla godkjent kostnadsramme for prosjektet Nytt Rikshospital er på 5 336 mill. kroner inkl. prisregulering, tilleggsarbeid og reserve. Kostnadsanalysane frå Statsbygg hausten 1999 viser at det vil bli vesentlege meirkostnader ut over den godkjende ramma. Årsakene er bl.a. at ferdigstilling er skyvd ut i tid, ytterlegare modifikasjonsarbeid / utbetring av manglar, meirkostnader knytte til Intervensjonssenteret og Ex-vivo, vedvarande problem med tekniske anlegg, særleg VVS-anlegga, samt støyproblem i operasjonsrom.

Endeleg kostnadsramme for Nytt Rikshospital kan ikkje fastsetjast før det er tatt stilling til ein nøyaktig dato for hovudflytting. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med saka.

Fullføring av Kongebustaden

Ansvaret for innreiing og ferdigstilling av Kongeleilegheita på Slottet er frå 1.9.99 overført frå Statsbygg til Slottsforvaltninga. Under Slottsforvaltninga er det etablert ein eigen prosjektorganisasjon for styring og gjennomføring av sjølve innreiingsarbeida. Ekstern ekspertise er engasjert både i samband med overføringa og i styringa av prosjektet fram til det er fullført. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med forslag til kostnadsramme for innreiing av Kongebustad og trapp/inngang.

”Eit enklare Noreg” for alle

Med programmet ”Eit enklare Noreg” vil Regjeringa utvikle ei forvaltning som er enklare å forhalde seg til for brukarane. Brukarane skal få betre informasjon, og forvaltninga skal bli meir tilgjengeleg. Det skal også leggjast til rette for meir effektiv samhandling mellom forvaltning og næringsliv. Ein enklare forvaltningsstruktur skal og vurderast. Det vil bl.a. bli satsa på å bygge ut offentlege servicekontor og at alle statlege verksemder skal ta i bruk serviceerklæringar overfor brukarane innan utgangen av 2000.

God kontroll med 2000-arbeidet i statsforvaltninga

Dei siste to og eit halvt åra har Arbeids- og administrasjonsdepartementet gjennomført fem kartleggingar av arbeidet med 2000-problemet i statsforvaltninga. Arbeidet er eit linjeansvar, som AAD har koordinert sidan hausten 1996. Departementas eigne vurderingar av 2000-arbeidet i eigen sektor konkluderer hovudsakleg med at arbeidet er i rute, og at sektorane er godt førebudde for 2000. Det står framleis att ein god del arbeid. Men alvorlege problem, svikt i statleg tenesteyting o.l. som følgje av 2000-problemet blir sett på som lite sannsynleg.

Nye retningslinjer for regulering av grunnbeløpet i folketrygda

Med bakgrunn i Stortingets vedtak i vår legg Regjeringa fram forslag om enkelte justeringar i retningslinjene for regulering av grunnbeløpet i folketrygda. Regjeringa finn det ikkje tenleg å gå inn på ei ordning med årleg indeksregulering av grunnpensjonen. Ei automatisk regulering vil ikkje gi regjering og Storting den handlefridomen som trengst for å få til ei balansert økonomisk utvikling med god nok økonomisk vekst. Dette er nødvendig for å sikre pensjonistar og yrkesaktive ei tilfredsstillande økonomisk utvikling, meiner Regjeringa. Siktemålet for den årlege reguleringa skal vere å gi pensjonistar med folketrygdpensjon ei inntektsutvikling om lag på linje med utviklinga for yrkesaktive.


Kontaktperson: Informasjonssjef Leiv Ellingsen, tlf. 22 24 46 09

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen