Historisk arkiv

Fleire tiltak for yrkeshemma arbeidssøkarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr. 55/1999
Dato: 4. oktober 1999

Fleire tiltak for yrkeshemma arbeidssøkarar

Budsjettforslaget for 2000 gir rom for ca. 20 100 tiltaksplassar spesielt retta mot yrkeshemma. Dette er ein auke frå inneverande år, og inneber ei endå sterkare understreking av den sterke prioriteringa av tiltak for yrkeshemma arbeidssøkarar. Det blir lagt særleg vekt på tiltak for personar med samansette problem og stort hjelpebehov. I tillegg til arbeidsmarknadstiltak kan personar som mottar attføringsytingar delta i arbeidstrening og ordinær skolegang. Målet om at minst tre fjerdedelar av dei registrerte yrkeshemma skal vere i tiltak, blir ført vidare. I 1998 var i gjennomsnitt 77 pst. av dei yrkeshemma i tiltak, tilsvarande tal for 1. halvår 1999 var 79 pst.

Eit hovudformål med attføringsarbeidet er å støtte yrkeshemma arbeidssøkarar slik at dei blir i stand til å ta ordinært arbeid etter at attføringa er ferdig. Målet er at minst halvparten av dei yrkeshemma som avsluttar attføring skal gå til aktive løysingar. I 1998 var denne andelen 50 pst., for første halvår 1999 var andelen 51 pst.

Det er foreslått å setje av midlar til et forsøk med langvarig subsidiering av lønn. Forsøket rettar seg mot personar med variabel arbeidsevne utan utsikt til snarleg betring som følgje av muskelsmerter eller psykiske lidingar.


Kontaktperson: Eksp.sjef Morten Reymert, Arbeidsavd., tlf 2224 4700

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen