Historisk arkiv

Forseinka fullføring av Rikshospitalet gir nye kostnader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr. 57/1999
Dato: 4. oktober 1999

Forseinka fullføring av Rikshospitalet gir nye kostnader

Samla godkjent kostnadsramme for prosjektet Nytt Rikshospital er på 5 336 mill. kroner inkl. prisregulering, tilleggsarbeid og reserve. Kostnadsanalysane frå Statsbygg hausten 1999 viser at det vil bli vesentlege meirkostnader ut over den godkjende ramma. Årsakene er særleg å finne i dei modifikasjonsarbeida som har vore nødvendig innafor tekniske system. Dette dreier seg både om luftkjøleanlegget, sentralanlegget for trykkluft og medisinske gassar samt dampanlegget ved sjukehuset. I tillegg kjem blant anna kostnadene ved at ferdigstilling er skyvd ut i tid.

I juli 1999 opplyste Statsbygg at det var avdekt nye oppstartsproblem med noen VVS-system. Det galdt særleg tre anlegg som er kritiske i forhold til innflytting og drift av sjukehuset – luftkjøleanlegget, dampanlegget og gass/trykkluftanlegga. På grunn av desse problema vedtok styret for Rikshospitalet å utsetje hovudflyttinga, som var planlagt å skulle skje 20.-21.11.99. Ny dato for hovudflytting er ikkje fastsett.

Gjennom dei siste vekene har det blitt avdekt problem med støy og luftbakteriar i operasjonsavdelingane, og nye problem med damp- og luftkjøleanlegget. Eit firma som har erfaring frå liknande problem ved Vestfold Sentralsjukehus er blitt trekt inn i arbeidet med å løyse problema i operasjonsavdelingane. Det er fastsett kva for utbetringstiltak som må setjast i verk, og arbeidet med desse er i gang. Det vil ta 5 – 8 veker å gjennomføre desse tiltaka.

Utbetring av damp- og luftkjøleanlegget vil skje samtidig.

Arbeids- og administrasjonsminister Laila Dåvøy seier i ein kommentar at det er svært utilfredsstillande at ein ennå ikkje har ein dato for når det Nye Rikshospitalet står klart.

- Det viktige nå er at alle aktørar drar i same retning slik at vi snarast får på plass dei siste brikkene. Samtidig vil eg understreke det sterke behovet for ein fullstendig gjennomgang og evaluering av heile prosjektet og alle forhold rundt bygginga , seier Dåvøy.

Statsråden seier ho om kort tid vil orientere Stortinget om kor store meirkostnadene kan bli, sjølv om endeleg kostnadsramme for Nytt Rikshospital ikkje kan fastsetjast før det er tatt stilling til ein nøyaktig dato for hovudflytting. Den endelege kostnadsramma vil bli lagd fram for Stortinget i ein eigen proposisjon.


Kontaktperson: Eksp.sjef Kasper Holand, Statsforvaltningsavd., tlf 2224 4960

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen