Historisk arkiv

Framlegg om auka pensjonar i folketrygda

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr. 26/1999
Dato: 12. mai 1999

Framlegg om auka pensjonar i folketrygda

Regjeringa vil fremje forslag for Stortinget om ein auke av grunnbeløpet i Folketrygda med 1.580 kroner med verknad frå 1. mai i år. Grunnbeløpet vil dermed auke med 4,52 prosent frå 1998 til 1999. Dette er i samsvar med opplegget frå Arntsen-utvalet, som også er lagt til grunn ved andre inntektsoppgjer i vår.

Minstepensjonane vil frå 1. mai auke med om lag kr 2.840 for einslege og om lag kr 4.850 for ektepar.

Forslaget blei lagt fram for organisasjonane i trygdeoppgjeret - Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmas Fellesorganisasjon og LO kl. 15.50 onsdag.

Organisasjonane fann ikkje å kunne akseptere forslaget. Dei kravde at grunnbeløpet skulle aukast med kr. 2.200 til kr 47.570 frå 1. mai 1999. Dette ville innebere ein auke frå 1998 til 1999 på 5,46 prosent.


Kontakt for nærmare informasjon:
Ekspedisjonssjef Bernhard Nestaas, Inntektsavdelinga, telefon 2224 4760.

Lagt inn 14. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen