Historisk arkiv

Langtids sjukefråvær i staten opp, korttidsfråværet ned

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr: 2/99
Dato: 11.01.99

Langtids sjukefråvær i staten opp, korttidsfråværet ned

Ein markert auke i langtidsfråværet gjer at det totale sjukefråværet i staten framleis aukar, trass i at fråvær under 14 dagar går ned. Tal frå Arbeids- og administrasjonsdepartementet for 3. kvartal 1998 viser ein auke i sjukefråværet i staten på 6,1 prosent samanlikna med same periode året før. Mens fråvær over 14 dagar auka med 12,5 prosent, gjekk fråvær mellom 4 og 14 dagar ned med 9,1 prosent. Fråvær mellom 1 og 3 dagar viste ein nedgang på 2,3 prosent i same tidsrom. Også i 2. kvartal 1998 var det langtidsfråværet som gjekk opp, mens korttidsfråværet gjekk ned.

Tendensen var lik for kvinner og menn, sjølv om menn hadde ein noko sterkare auke i langtidssjukefråværet. Deltidstilsette hadde derimot ein reduksjon i det totale sjukefråværet på 3,7 prosent, slik at det var dei heltidstilsette som stod for auken

Sjukefråværsnivået blant dei statstilsette låg på 5,3 prosent i 3. kvartal 1998. Det er framleis deltidstilsette og kvinner som har det største sjukefråværet.

Arbeids- og administrasjonsminister Eldbjørg Løwer er bekymra over utviklinga i langtidsfråværet, men seier at det er gledeleg at korttidssjukefråværet nå går nedover.

- Det er viktig at arbeidet med sikte på redusere sjukefråværet held fram, og 1999 blir i så måte eit spennande år, seier Løwer. - Blant anna skal prosjektet «Fråværsførebygging i staten» avsluttast 31.12.1999. Resultata frå desse delprosjekta vil forhåpentleg vere av ein slik karakter at andre verksemder kan dra nytte av dei erfaringane ein har fått gjennom prosjektperioden, seier statsråden.

Kontaktpersonar: Avdelingsdirektør Finn Melbø eller førstekonsulent Hans Atle Gullestad, Arbeidsgivaravdelinga, tlf. 22 24 44 80 / 22 24 49 04

Lagt inn 11. januar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen