Sal av statleg eigedom
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Pressemelding | Dato: 10.05.1999 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr: 28/99
Dato: 10.05.99
Sal av statleg eigedom
Regjeringa tar sikte på å starte sal av delar av eigedommane i Pilestredet Park i løpet av hausten. Dette er området der det gamle Rikshospitalet ligg. Det blir også vurdert å selje andre eigedommar som blir forvalta av Statsbygg i løpet av 1999. Inntektene av salet er rekna til 300 millionar kroner.
I framlegget til Revidert nasjonalbudsjett gjer Regjeringa også framlegg om å selje statsministerbustaden i Tuengen Allé i Oslo. Framlegget kjem i samanheng med at Regjeringa går inn for å prosjektere eit representasjonsanlegg for Regjeringa med statsministerbustad bak Slottet.
I statsbudsjettet for 1999 er det budsjettert med ei inntekt på 110 millionar kroner på eit planlagt sal av Villa Grande i Oslo. Dette var basert på ein føresetnad om at eigedommen blei nytta som eit «servicesenter» for eldrebustader bygd som terrasseblokker. Riksantikvaren har nå bestemt at eigedommen er verneverdig, noko som gjer at tomta ikkje kan nyttast til dette føremålet. Ny takst basert på desse føresetnadene reduserer eigedomsverdien med 40 millionar til 70 millionar kroner, og inntektsoverslaget i det reviderte budsjettet blir redusert tilsvarande.
Lagt inn 10. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen