Historisk arkiv

Sjukefråværet i staten opp 1,4 prosent

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr: 39/99
Dato: 05.07.99

Sjukefråværet i staten opp 1,4 prosent

Sjukefråværet for 1. kvartal 1999 i staten var 1,4 prosent høgare i første kvartal i år i forhold til same periode i fjor. Det samla sjukefråværet i staten låg på 6,2 prosent i første kvartal. For kvinner låg sjukefråværet på 8,2 prosent mot 4,8 prosent for mannlege statstilsette.

For 1. kvartal 1999 er det sjukefråværet mellom 1 og 3 dagar som aukar mest med ein auke på 5,3 prosent. Dette er ein trend ein ofte ser for 1 kvartal, og heng sannsynlegvis saman med auka innslag av influensa, forkjølelse o.l i denne perioden. Sjukefråværet mellom 4 og 14 dagar har gått ned med 3,5 prosent, mens sjukefråværet over 14 dagar har ein auke på 2,2 prosent i 1. kvartal. Auken i sjukefråværet over 14 dagar er den lågaste ein har hatt på fleire år i staten.

Den totale endringa i sjukefråværet i første kvartal var på 2,6 prosent for kvinner og 1,0 prosent for menn. Heiltidstilsette hadde ein auke i sitt sjukefråvær på 2,2 prosent, mens deltidstilsette hadde ein reduksjon i sjukefråværet på 2,6 prosent samanlikna med tilsvarande periode i fjor.

- Eg ser med uro på at sjukefråværet stadig aukar. Det er såleis eit viktig arbeid som nå pågår i utvalet som ser på sjukefråværet og den auka uføretilgangen, seier arbeids- og administrasjonsminister Laila Dåvøy. - Det er viktig at vi nå får ei oversikt over mulege årsaker til denne auken, slik at vi kan få sett inn dei rette tiltaka for å få snudd denne negative trenden, seier Dåvøy.


Kontaktpersonar: Avdelingsdirektør Finn Melbø eller førstekonsulent Hans Atle Gullestad, Arbeidsgivaravdelinga,
tlf. 22 24 48 80 / 22 24 49 04

Lagt inn 6. juli 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen