Historisk arkiv

Villa Grande blir likevel seld

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 58/99
Dato: 17.11.1999

Villa Grande blir likevel seld

Arbeids- og administrasjonsdepartementet har nå mottatt eit bod på 70 millionar kroner for Villa Grande på Bygdøy i Oslo. Dette tilsvarer den minstesummen for sal som Regjeringa har fastsett i statsbudsjett for 1999. Regjeringa vedtok for eit par veker sidan å trekke tilbake framlegget om å selje bygningen, ut frå at minstesummen ikkje var oppnådd etter at det var arbeidd med sal over lengre tid.

– Når vi nå har fått eit bod på den minstesummen Regjeringa sette for å selje bygningen, finn vi det naturleg å setje bygningen på marknaden att, seier arbeids- og administrasjonsminister Laila Dåvøy.

– Ettersom det bodet vi nå har fått, kom inn etter at eigedomen vart trekt fra marknaden, er det naturleg å la alle interessentar få same høve til å gi bod på nytt, seier Dåvøy.

Villa Grande blei bygd av generaldirektør Sam. Eyde i Norsk Hydro. Under krigen nytta Vidkun Quisling bygningen som bustad under namnet ”Gimle”. Etter krigen har bygningen for ein stor del vore nytta til undervisningsformål, men har stått tom dei siste åra.

Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Kasper Holand, tlf 22 24 59 60

Lagt inn 17. november 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen