Historisk arkiv

Støtte til AMO-kurs på høgskolenivå

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 6/2000
Dato: 20.01.2000

Støtte til AMO-kurs på høgskolenivå

Frå i år av kan arbeidsmarknadsetaten godkjenne at arbeidsledige får støtte til å delta på arbeidsmarknadsopplæring (AMO) som gir vekttall på høgskolenivå. Arbeids- og administrasjonsminister Laila Dåvøy seier at dette vil gjere det mogleg i større grad å få fram kvalifisert arbeidskraft som kan gå inn i ledige stillingar. Det vil også føre til eit betre tilpassa tilbod for arbeidsledige, seier Dåvøy.

Statsråd Dåvøy presiserer at det er langtidsledige over 30 år som kan få støtte av denne typen.

- Vi er opptatt av at ei slik ordning blir brukt til å kvalifisere personar som har problem på arbeidsmarknaden og at den slik gjer sitt til å redusere arbeidsløysa. Vi må unngå at dette blir ei alternativ studiefinansieringsordning. Det vil verke urimeleg for andre som må finansiere utdanninga sjølv, seier Dåvøy

For oppsagde og permitterte frå bedrifter som har omstillings- eller strukturproblem som er av særleg alvorleg karakter, blir det opna opp for at ein i noko større grad har høve til å bruke arbeidsmarknadsopplæring på høgre nivå. For desse kan arbeidsmarknadsetaten sjå bort frå avgrensinga til langtidsledige over 30 år.

- I år kan dette vere ein nyttig reiskap i den aktive innsatsen arbeidsmarknadsetaten set inn for å minske omstillingsproblema i den oljeretta verfts- og leverandørindustrien, seier statsråd Laila Dåvøy.


Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Morten Reymert, Arbeidsavd., tlf 2224 4700

Lagt inn 20. januar 2000 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen