Historisk arkiv

Uendra sjukefråvær i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 10/2000
Dato: 25. januar 2000

Uendra sjukefråvær i staten

Det totale sjukefråværet blant dei statstilsette var uendra i 3. kvartal 1999 i forhold til same periode i 1998. Det totale sjukefråværet var på 5,4 prosent. Sjukefråværet for kvinner i 3. kvartal var på 7,1 prosent, mens menn hadde eit sjukefråvær på 4,2 prosent. Heiltidstilsette hadde eit sjukefråvær på 5,2 prosent – det er same nivå som same kvartal året før. For deltidstilsette var sjukefråværet i 3. kvartal 1999 på 7,4 prosent, ein 3,2 prosents auke i forhold til same kvartal året før. Det var sjukefråværet blant kvinnelege deltidstilsette som auka mest med 4,9 prosent.

Arbeids- og administrasjonsminister Laila Dåvøy seier at hun er fornøgd med at nivået på sjukefråværet ser ut til å flate ut.

- I 2. kvartal 1999 registrerte vi for første gong sidan 1994 reduksjon i sjukefråværet blant statstilsette i forhold til same periode året før. Det var ei gledeleg utvikling. Når sjukefråværet for 3. kvartal 1999 er uendra i forhold til same periode i fjor, er også det eit steg i riktig retning, seier arbeids- og administrasjonsminister Laila Dåvøy. Ho understrekar at arbeidet med å redusere sjukefråværet i staten, som i arbeidslivet elles, er viktig for Regjeringa.

Dåvøy peiker på fleire tiltak som er sette i gang for å redusere sjukefråværet:

Idébanken for sjukefråværsarbeidet skal vere ein møtestad for å leggje inn og hente ut nyttige erfaringar i arbeidet for å redusere sjukefråværet i norsk arbeidsliv. Idébanken blir lansert 27. januar. Ein er i gang med å evaluere eit toårig prosjekt for å førebyggje sjukefråvær i staten. Resultata av prosjektet vil formidlast slik at andre skal kunne dra nytte av erfaringane. Regjeringa har også sett ned det såkalla Sandman-utvalet, som skal sjå på spørsmål som gjeld sjukefråvær og nytilgangen til uførepensjon. Utvalet skal levere si innstilling 1. juni 2000.


Kontaktpersonar:
Avd.direktør Finn Melbø, Arbeidsgivaravd., tlf 2224 4880
Førstekonsulent Merete Sandstad, Arbeidsgivaravd., tlf 2224 4904

Lagt inn 26. januar 2000 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen