Historisk arkiv

Funksjonshemma og arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Statssekretær Kjell Alvheim

Funksjonshemma og arbeid

Foredrag for FFOs representantskap 28. mars 1998

Arbeid

Det å ha eit arbeid å gå til er ikkje berre eit medel til å skaffe seg eiga inntekt og sysselsetjing. Det har og å gjera med kjensla av å vera eit fullverdig medlem av samfunnet. Deltaking i arbeidslivet kan og vera ein døropnar til ein vidare sosial integrasjon og deltaking.

Diverre er det vel framleis slik at dei funksjonshemma ikkje har like lett for å kome inn på arbeidsmarknaden som arbeidssøkjarar utan funksjonshemmingar. Sjølv om noko er gjort, er det framleis eit godt stykkje att før dei funksjonshemma har funne plassen sin i arbeidslivet.

Organisasjonane til dei funksjonshemma har i den seinare tida teke sterkare til orde for at dei funksjonshemma vert gjeve ein plass i arbeidslivet som er i samsvar med evnar, interesser og potensiale for personleg utvikling. Det er og hovedtemaet for denne representantskaps-konferansen eit døme på.

Endringar i samfunnet

Vi har i den seinare tida kunna registrere at arbeidsløysa er på veg ned, og innan fleire sektorar manglar ein i dag arbeidskraft. Samstundes syner den demografiske utviklinga at vi snart er i ferd med å få ein aldrande befolkningssamansetjing, noko som har skapt frykt for ein framtidig mangel på yngre arbeidskraft. Dette gjer det naudsynt å bruke all den arbeidskrafta vi har tilgjengeleg i samfunnet.

Arbeids- og samfunnslivet har på relativt kort tid gått gjennom store endringar som har skapt nye strukturar i arbeidslivet og krav til kvalifikasjonar for arbeidstakarane. Det hastar difor med å utvikle fleksible opplæringssystem som er tilpassa endringane i jobbsamansetjing og stillingsinnhald.

Eg nemde at den demografiske utviklinga i vår del av verda kan føre til mangel på arbeidskraft etter kvart som befolkninga eldast. Av denne og fleire årsakar er det nå fleire land som ser med kritiske auge på sine trygdesystem, som i mange høve er nokså rigorøse og utan fleksible ordningar. Mange av dei funksjonshemma som i dag mottek trygd, søkjer seg ikkje ut i arbeidslivet sjølv om dei er motiverte for det. Dei er redde for å miste trygderettane sine dersom dei skulle ha behov for dei. Oftast er det og eit strengt regelverk med omsyn til dei inntektene som ein tillet i tillegg til trygdeytingane. Det ser ut til at dei tryggingsnetta som er sett ut i livet på mange vis oppmodar til passivitet i høve til arbeidslivet.

Dei funksjonshemma har store uutnytta ressursar, det ser vi mellom anna når det gjeld det framifrå arbeidet som organisasjonane til dei funksjonshemma gjer. For å kunne nytte desse ressursane trur eg det kan verta naudsynt å gjera trygdesystemet meir fleksibelt, mellom anna ved å gje større rom for kombinasjonen inntekt/trygd, og finansiell jobbstøtte over kortare eller lengre tid.

Informasjonsteknologien

Utviklinga innan informasjonsteknologien er ei av dei sterkaste drivkreftene når det gjeld samfunnsutviklinga. At informasjonsteknologien i dag er ein naudsynt del av arbeidslivet, vil få mykje å seie for sysselsetjingsmoglegheitane til dei funksjonshemma, dersom moglegheitane til informasjonsteknologien vert nytta på rett måte. Dette gjeld både i høve til tilrettelegginga av den fysiske arbeidsplassen, og god tilgang til saksopplysningar og annan informasjon som er lagt til rette for brukarar med ulike funksjonshemmingar. Det må og gjevast høve til opplæring og andre former for kompetansegjevande tiltak.

Alle arbeidsgjevarar har eit ansvar for å sikre at dei funksjonshemma og dei andre tilsette føler at dei er ein integrert del av det faglege og sosiale arbeidsmiljøet. Til nå har denne integreringa gått føre seg medan dei tilsette stort sett er fysisk tilstades på arbeidsplassen. I dag har utviklinga av informasjonsteknologien ført til at stadig fleire typer arbeid kan utførast utan omsyn til tid og stad, noko som gjer auka moglegheiter for fjernarbeid og fjernundervisning, og for at fleire funksjonshemma får tilgang til arbeidsmarknaden.

Normalisering av funksjonshemminga

Eit særskild utviklingsdrag i fleire land er kva ein kan kalle ein aukande «normalisering» av situasjonen for dei funksjonshemma. Utgangspunktet er at ikkje noko individ er «unormale», dei er berre ulike. Fokus bør difor setjast på å fjerne samfunnsmessige og praktiske hinder istadenfor å få individa til å tilpasse seg. Dette fører med seg at det bør vera ei samfunnsplikt å gjera dei fysiske omgjevnadene , helse- og sosialtenestene og arbeidsmoglegheitane fullt ut tilgjengelege for funksjonshemma personer.

Når det gjeld statlig sektor, kan eg nemne at Statsbygg i lang tid har arbeid med å auke tilgjenget for funksjonshemma til dei eigendomane etaten forvaltar. Dette gjeld både eksisterande bygg og nybygg. Statsbygg har utarbeidd ein eigen handlingsplan for dette. I høve til gjennomføringa av handlingsplanen og ulike andre tiltak har Statsbygg teke kontakt med Noregs Handicapforbund for å få innspel.

Dagens arbeidsmarknad

* Utviklinga på arbeidsmarknaden har dei siste åra vore god. AKU-tall syner ei vekst i sysselsettinga frå 1996 til 1997 på 63 000 personar. Dette er den sterkaste veksten vi har hatt etter konjunkturoppsvinget på byrjinga av dette ti-året. I gjennomsnitt var 94 000 personar arbeidslause, det utgjer 4,1 pst.

Den gode utviklinga er venta å halde fram, om enn i noko mindre grad. For 1998 er det venta ei vekst i sysselsettinga frå 1997 på 1,7 pst, og det gjer ei gjennomsnittleg arbeidsløyse på 3,6 pst.

  • Ved utgangen av februar 1998 var 63 322 personar registrerte heilt arbeidslause (2,8 pst). Dette er ei nedgang på 20 323 personar jamfør eit år tidlegare, dvs ein reduksjon på 24 pst. I tillegg var 21 271 «ordinære arbeidssøkjarar» på arbeidsmarknadstiltak (0,9 pst) noko som er om lag 9 800 færre enn for eit år sidan.
  • Sjølv i periodar med ein stram arbeidsmarknad og lav arbeidsløyse, er det vanskeleg for funksjonshemma å få innpass i arbeidslivet. Det syner at høgkonjunktur aleine ikkje løyser problema funksjonshemma har med å finne arbeid. Likevel kan det vere lettare for funksjonshemma å finne arbeid når arbeidsmarknaden er stram. I denne situasjonen er det viktig for arbeidsgjevarar å finne uutnytta og stabile arbeidskraftressursar, og dei kan vere meir opne for å gå nye vegar i rekrutteringa. Dette må utnyttast av funksjonshemma og arbeidsmarknadsstyresmaktene slik at fleire funksjonshemma kjem i arbeid.

Hovudliner i attføringsverksemda

  • Alle menneske bør få moglegheit til å forsørgje seg sjølv, og å bidra til fellesskapet etter evne. Arbeid er grunnlaget for den einskilde sin velferd, det gjeld og for funksjonshemma. Det er samfunnet si oppgåve å syte for stønader til dei som i ei viss tid, eller permanent, ikkje kan vere i arbeid. Samstundes er det viktig at systema for stønad er innretta slik at dei gir insentiv til å prøve seg i arbeid.
  • Funksjonshemma ønskjer å delta i arbeidslivet. Ein del uførepensjonistar har og ein arbeidsevne som ikkje kjem til nytte. Aktiv satsing på attføring gjev funksjonshemma sjansen til å utnytte og utvikle sine sterke sider. Gjennom kvalifisering eller tilrettelegging av arbeidssituasjonen kan dei funksjonshemma kunne få tatt i bruk evnene sine i eit arbeidsforhold.
  • Attføring byggjer på aktiv innsats frå den funksjonshemma sjølv, frå arbeidsgjevar og frå offentlege styresmakter.
  • I alle deler av arbeidsmarknadsetaten sitt arbeid skal det sentrale vere formidling til arbeid. Dette er ei fokusering som skal vere sentral allereie frå første møte med arbeidskontoret, dvs allereie under avklaring og utgreiing.
  • Det er eit mål at den yrkeshemma sjølv skal ta ansvar og styring over eigen situasjon - eit slikt perspektiv inneber å ta brukarane på alvor. I arbeidskontoret sitt møte med den einskilde yrkeshemma skal ansvar, roller og kva ein ventar av kvarandre klarleggjast.
  • Attføring kan delast inn etter nokre sentrale hovudliner:

Integrering eller skjerma verksemd

  • Ei sentral målsetting er at flest mogleg funksjonshemma skal få tilbod om arbeid i ordinært arbeidsliv. Dette er og i tråd med normaliseringa - og integreringsprinsipp elles i samfunnet.
  • I nokre tilfelle er det nødvendig å tilby skjerma sysselsetting. Dette treng ikkje vere ei varig løysing, og etter ei tid bør det vurderast om integrering i ordinært arbeidsliv også for denne gruppa kan vere aktuelt.

Tidsavgrensa eller varige tiltak

  • For mange funksjonshemma er det nok med eit tidsavgrensa tilbod. T.d. kan det ved integrering i ordinær verksemd vere nødvendig å kompensere for redusert arbeidsevne i ein innføringsperiode ved å yte tilskot til løn.
  • Ein del funksjonshemma vil alltid ha særs redusert arbeidsevne, også etter gjennomført attføring. Det kan då vere naudsynt med varige stønader og tiltak.

Økonomisk stønad eller fagleg bistand

  • Funksjonshemma kan ha lavare produktivitet, og ein arbeidsgjevar kan få kompensasjon for dette. I tillegg er det og ofte knytt kostnader til arbeidstrening og tilvenjing. Det kan derfor gjevast økonomisk kompensasjon til arbeidsgivar i form av tilskot til løn og til utgifter til arbeidsleiing.
  • I dei siste åra har ein i større grad supplert den reint økonomiske tilnærminga med fagleg bistand, tilretteleggjing og oppfølgjing. Arbeidslivstenesta, som er ei gratis rådgivingsteneste for verksemdene, og arbeidsmarknadstiltaket «Arbeid med bistand» er element i denne tilnærminga. Arbeid med bistand viser gode resultat for personar som treng nær oppfølging og bistand i samband med tilvenjing til ein arbeidsplass i ordinært arbeidsliv.

Presisering av termane funksjonshemming og yrkeshemming

· I Handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001, er den følgjande definisjon på funksjonshemning gitt:

Funksjonshemning er et misforhold mellom individets forutsetninger og miljøets og samfunnets krav til funksjon på områder som er vesentlige for etablering og opprettholdelse av selvstendighet og sosial tilværelse.

Det er ingen samla statistikk over tal på funksjonshemma i Noreg, og opplysningar om funksjonshemma vil derfor variere om desse blir henta frå medisinsk hald, frå ulike administrative instansar eller om det er folks eiga vurdering som vert lagd til grunn.

· I arbeidsmarknaden kan ein person bli registrert som «yrkeshemma» arbeidssøkjar med behov for særskilt bistand om han har fysiske, psykiske eller sosiale funksjonshemmingar som svekker sjansane til å få arbeid. Om funksjonshemminga ikkje svekker sjansane for å få arbeid, vil personen bli registrert som ordinær arbeidssøkjar. I arbeidsmarknadsetaten sin statistikk blir ikkje «funksjonshemma» definert som eiga gruppe.

Resultat frå attføringsverksemda i 1997

· Frå 1995 (etter at attføringsreformen var “ferdig” gjennomført) har talet registrerte yrkeshemma i arbeidsmarknadsetaten vore over 50 000. I 1997 var det 53 353 registrerte yrkeshemma (snitt for året).

· over ¾ av dei registrerte yrkeshemma var på tiltak.

Det er fleire sentrale måtar/dimensjonar deltaking på arbeidsmarknadstiltak kan delast inn etter. Ein måte er etter kva type tiltak ein går på:

  • 4 pst deltok på formidlingstiltak (lønstilskot) (1765 personar)
  • 42 pst deltok på kvalifiseringstiltak (ordinær skulegang og AMO-tiltak) (16747 personar)
  • 35 pst deltok på arbeidstreningstiltak (t.d. hospitering i bedrift, ekstraordinær sysselsetting i det offentlege og bedriftsintern attføring) (13947 personar)
  • 19 pst var sysselsette i varig verna sysselsettingstiltak (arbeidssamvirketiltak og fase tre i arbeidsmarknadsbedriftene) (7809 personar)

Ein alternativ inndeling kan gjerast etter finansieringskjelda

  • 48 pst deltok på tiltak over folketrygda (dei fleste var i ordinær utdanning) (kap 2543)
  • 48 pst deltok på spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma (kap 1592)
  • 4 pst deltok på ordinære arbeidsmarknadstiltak (kap 592)
  • Gjennomsnittleg om lag ¼ av dei registrerte yrkeshemma var ikkje på aktive tiltak. Det er eit mål at denne delen skal haldast lav. Samstundes vil det alltid vere nokre som ikkje er på tiltak, bl a fordi
  • det krevst ei viss tid til utgreiing av den einskilde yrkeshemma si arbeidsevne slik at ein best mogleg handlingsplan for attføringa kan leggjast.
  • det kan vere nødvendig å vente på at skulen eller eit kurs startar
  • Delen yrkeshemma som skrivast ut til aktive løysingar er aukande, og i 1997 vart om lag 47 pst utskriven til slike løysingar. Det er eit mål for 1998 å auke denne delen.
  • 31 pst vart utskriven til arbeidsløysingar (arbeid eller kombinert arbeid/trygd)
  • 16 pst vart utskriven som formidlingsklar (dvs ferdig attført, men hadde enno ikkje funne jobb på det tidspunkt dei vart utskriven.)
  • Totalt vart det utskriven over 13 800 personar frå attføring til aktive løysingar i 1997. Dette er yrkeshemma personar som sto i fare for å bli støtt ut av, eller ikkje kome inn i, arbeidsmarknaden. Dette inneber at attføringsverksemda har medverka til at arbeidsstyrken har auka.
  • 15 pst vart tilbakeført til trygdeetaten med henblikk på uførepensjon.
  • 19 pst vart tilbakeført til sosial- eller helseetaten for vidare handsaming.
  • Det er naturleg at nokre personar vert tilbakeførde til trygde-, sosial- eller helseetat. For det første er det nokre som det etter ei tid viser seg ikkje kan gjere seg nytte av yrkesretta attføring (f eks pga for sjuke eller lite motiverte). Samstundes kan det vere både ønskeleg og riktig at dei har fått prøvd ut arbeidsevna før ev uførepensjon vert gjeve. For det andre kan tilbakeføring til andre etatar vere ein følgje av tidleg intervenering. Tidleg intervenering kan gjeve gode resultat, men det kan og vere meir sannsynleg at den yrkeshemma får tilbakefall/vert sjuk under attføringa. Dette gjeld serleg om det er manglande oppfølging av den yrkeshemma frå behandlingsapparatet sin side.
  • (19 pst vart utskrivne frå attføring av «andre» grunner)

Større utfordringar i tida framover

  • Arbeidsmarknaden er i stadig endring. Nye formar for arbeidsplassar kjem til, mens andre blir det færre av. IT og ny teknologi gjer det mogleg for funksjonshemma å finne nye former for arbeid og oppgåver som tidlegare ikkje var tilgjengelege.
  • T.o. er FunkArbeid AS eit attførings- og IT-tiltak i regi av FFO, som får større tilskot frå arbeidsmarknadsetaten. Tilskot går både til finansiering av ein fagperson med kunnskap om attføring og til evaluering av tiltaket. Vidare får selskapet store inntekter ved at arbeidsmarknadsetaten kjøper AMO-kurs for yrkeshemma.

Departementet har motteke ein søknad frå FFO om eit av produkta i FunkWeb (Funk @), som nå er under handsaming.

  • Det er viktig å støtte opp om funksjonshemma som er i arbeid slik at dei ikkje vert stødde ut av arbeidsmarknaden. Funksjonshemma i arbeid kan vere dei beste “advokatar” for korleis løysingar for å integrere funksjonshemma i arbeidslivet kan finnast.
  • Arbeidslivet må ta eit større ansvar for integrering av yrkeshemma. Dette gjeld og offentleg verksemd.
  • Departementet er innstilt på å initiere ei informasjonskampanje retta mot arbeidsgjevarane. Vi har kontakt med NHO som kan vere innstilt på å ta på seg å gjennomføre eit slikt prosjekt. Departementet vil i første omgang gje tilsagn om midlar for å gjennomføre eit forprosjekt for å konkretisere og planleggje prosjektet meir i detalj. Vi rekner med at eit brev med tilbod om midlar til eit forprosjekt kan gå ut i veke 13. Om NHO vil ta på seg ei slik oppgåve eller ikkje, vil først bli klårt etter at dei har fått og vurdert dette brevet.
  • Ei brukerundersøking i arbeidsmarknadsetaten tyder på at arbeidskontora har betra informasjonen til dei yrkeshemma det siste året. Samstundes er det mange ferdig attførte som ikkje får tilfredsstillande informasjon om ledige stillingar og jobbsøking - her er det eit potensiale for betring.
  • Hindringane for at funksjonshemma skal komme i arbeid er mange og gjeld mange etatar. På fleire områder må dei ulike etatane samarbeide om innretning og bistand til funksjonshemma, og på dette området ligg det framleis store utfordringar. Til dømes kan serskilt tiltak for å sikre overgangen skule-arbeid for unge funksjonshemma nemnast. På dette området må det arbeidast vidare med koordinering og plassering av ansvar for oppfølging. Tiltak for å sikre overgangen skule-arbeid vil bli behandla i samanheng med rehabiliteringsmeldinga.
  • Det har dei siste år blitt utarbeidd to samarbeidsrundskriv med andre etatar:
  • Felles rundskriv om sakshandsamingsreglar for trygdeetaten og arbeidsmarknadsetaten om yrkesretta attføring
  • Opprettelse av samarbeidsforum og samarbeid om personar med behov for hjelp frå fleire instansar for å kome i arbeid eller utdaning (dette rundskrivet gjeld serleg samarbeid med sosialetaten)
  • Arbeidsmarknadsetaten har prioritert tiltak for personar med psykiske lidingar dei siste åra. I l996 bygde vi ut 600 nye ASVO (Arbeidssamvirke i offentleg verksemd og AFT (Arbeidsførebuande trening) plassar vesentleg for denne gruppa. Regelverket for tiltaka vart gått gjennom med sikte på å gjere dei betre egna for gruppa. AFT og Arbeid med Bistand er spesielt relevante.
  • Eit prosjekt på Arbeidsrådgivingskontoret i Oslo var retta spesielt mot meistringsproblematikk. Arbeidsmarknadsetaten arbeider nå med å trekke ut delane som er relevante for meistring knytt til arbeid og arbeidslivet. (Forståinga var at SHD skulle følgje opp resultata frå prosjektet når det gjeld sosial meistring).
  • Arbeidsmarknadsetaten er innstilt på å støtte eit nytt prosjekt - «Min framtid» - som skal hjelpe personar med langvarige og alvorlege psykiske lidingar i deira forsøk på å nærme seg arbeidslivet. Prosjektet omfattar to arbeidssamvirke i Telemark, og inneber forpliktande samarbeid mellom fleire etatar. Prosjektet erstattar det tidligare omtalte prosjektet «Grip sjansen», jf budsjettproposisjonen for 1998.
  • Arbeidsmarknadsetaten blir kritisert for ikkje å gi tilbod til dei svakaste arbeidssøkjarane. Dette gjeld ei gruppe yrkeshemma som blir vurdert som friske av behandlingsapparatet og som for sjuke til å dra nytte av yrkesretta attføring av arbeidsmarknadsetaten. Gruppa er ikkje stor i den totale samanhengen, men den er viktig. Det kan synest som om det manglar ei bru mellom det medisinske behandlingsapparatet og yrkesretta tiltak for desse personane.

For arbeidsmarknadsetaten er det viktig i alt samarbeid å streke under kva som er etaten si oppgåve og kompetanse. Det er formidling til arbeid, og då helst til ordinært arbeid. Det er viktig at det er ei grense mot medisinske og sosiale problem, noko dei tilsette i arbeidsmarknadsetaten ikkje har kompetanse til å handsame. For å få til attføring av personar med behov for behandling og serskild oppfølging må det stillast krav til at andre etatar, som har kompetanse og ansvar for slik behandling, og tar sin del av dette ansvaret.

Når det er sagt kan det vere at ein treng å byggje ut motivasjon og mestringselementa i tiltaka, men då ikkje berre i arbeidsmarknadstiltaka, men i like stor grad i behandlings- og rehabiliteringstiltaka.

  • Ei satsing på Arbeid med Bistand skjer, og må skje, innanfor arbeidsmarknadsetaten sine ordinære rammer. Men Stortinget har under budsjetthandsaminga lagt sterke bindingar på dei skjerma arbeidsmarknadstiltaka for yrkeshemma. For 1998 skal tiltaksplassar i arbeidsmarknadsbedriftene førast vidare på samme nivå som i 1997. Slike bindingar gir mindre spelerom for omdisponering og utbygging av andre og integrerte tiltak, som til dømes Arbeid med bistand.
  • Forbetre tiltak for tilrettelegging av arbeidsplassen. I dette punktet ligg m.a. at etatane må bli flinkare til å sjå behov for hjelpemedel ift arbeidsplasstilrettelegging og å kunne vise funksjonshemma og arbeidsgjevar til rette instans for finansiering og opplæring i bruk av hjelpemedelet.
  • Regjeringa skal i haust leggje fram ein revidert handlingsplan for funksjonshemma for perioden 1998-2001. I den reviderte planen skal arbeid vere eit satsingsområde, og det skal inngå ein plan forauka yrkesaktivitet blant funksjonshemma. Det er ikkje bestemt i kva form og måte planen skal leggjast fram for Stortinget på. Dette er under diskusjon i Statssekretærutvalet for den samla politikken for funksjonshemma. Det er for tidleg å gå ut med konkrete tiltak som blir vurdert, vi vil m a først høyre brukarorganisasjonane sine innspel til planen gjennom Rådet for funksjonshemma og Forum for integrering av yrkeshemma i arbeidslivet, jf nedanfor.

FFO har tidlegare venta ein eigen handlingsplan for auka yrkesaktivitet blant funksjonshemma i form av eit eige dokument. Grunnen til at det er bestemt at planen skal inngå i den reviderte handlingsplanen for funksjonshemma er m a at det er lite hensiktsmessig å kjøyre to parallelle løp på tiltak som gjeld fleire departement og som for dei fleste ansvarsområde vil overlappe. Det må vere innhaldet i planen som er det viktige, ikkje om det vert gjeve ut i form av eit eige dokument eller ikkje.

  • Statssekretærutvalet for den samla politikken for funksjonshemma skal ha eit arbeidsmøte med Rådet for funksjonshemma torsdag den 26. mars. Dette er sikkert representantskapet informerte om då FFO er medlem i Rådet. Tema er innspel til revideringa av handlingsplanen. Dette møtet vil venteleg gje gode innspel til planen som vi vil byggje vidare på i månadane framover.
  • Vidare skal handlingsplanen på området arbeid vere tema på det neste møtet i Forum for integrering av yrkeshemma i arbeidsmarknaden. FFO er representert direkte i forumet. Forumet er oppretta som eit gjensidig rådgjevingsorgan for organisasjonane, partane, og styresmaktane. Det skal m.a. nyttast til gi innspel til arbeidsmarknadspolitikken.
  • Politisk rådgivar Inger Eikesdal skal lede forumet i tida framover.
  • Neste møte i forumet skal haldast den 21.04.98.
  • Deltakarane i forumet er bedne om å komme med innspel til den reviderte handlingsplanen til dette møtet.
  • Forumet gjev ei god ramme for å diskutere tiltak for å få auka yrkesaktiviteten blant funksjonshemma, m a fordi eit samarbeid med partane i arbeidslivet er naudsynt for å få auka yrkesaktiviteten blant funksjonshemma.

Det er viktig at funksjonshemma gjer seg synlege i samfunnet. Det gjeld og når det gjeld interessa for å ta del i arbeidslivet. Den beste måten for at funksjonshemma skal gjere seg synleg i arbeidsmarknadsetaten er å ta kontakt med arbeidskontoret og registrere seg som arbeidssøkjar.

Staten som arbeidsgjevar

Staten som arbeidsgjevar har, på line med arbeidsgjevarsida i den private og kommunal sektor, til nå ikkje gjort nok når det gjeld integreringa av dei funksjonshemma i arbeidslivet. Dette er noko vi berre må stadfeste. Like vel har vi gjort ein del, mellom anna når det gjeld særreglar for funksjonshemma arbeidssøkjar, og reglar for permisjon for dei statstilsette med tillitsverv i interesseorganisasjonane til dei funksjonshemma.

I desember 1995 vart det gjort endringar i føresegnene når det gjeld § 9 i Tenestemannslova, med verknad frå 1.1.96. Endringane går ut på følgjande:

  • Tidlegare føresegner som skal sikre at funksjonshemma søkjarar vert innkalla til intervju har vorte utvida, slik at både funksjonshemma og yrkeshemma omfattast av føresegna.
  • Det vert gjeve høve for arbeidsgjevar til å sjå bort i frå kvalifikasjonsprinsippet som gjeld i det offentlege, slik at ein heretter kan sjå bort frå prinsippet om at den best kvalifiserte søkjaren skal ha førerang dersom ein vil tilsetje ein funksjonshemma/yrkeshemma som er kvalifisert for stilliga. Endringa i føresegna til Tenestemannslova fjernar eit formelt hinder for statlege arbeidsgjevarar som ønskjer å tilsette funksjonshemma/yrkeshemma.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet ønskjer nå å halde seg orientert om utviklinga i den statlege sektoren på dette området. Vi har for kort tid sidan sendt brev til samtlege departement, der vi ber om at ein melder frå om rekruttering av funksjonshemma, og kor mange funksjonshemma/yrkeshemma medarbeidarar det var i departementa og verksemdene året før. Ein ber om at rapportane vert levert innan 1. mars i år. Dette er noko vi tek sikte på å gjera kvart år, både for å kunne følgje med i verknadene av føresegnsendringane, og for å følgje opp utviklinga når det gjeld ein styrka sysselsetjing av funksjonshemma.

Etter å ha gått gjennom svara frå departementa kan det vurderast om dei rapportane som er gjeve er fullnøyande, eller om vi må setje i verk fleire åtgjerder for å finne eit utgangspunkt for å gjere ei analyse av dei ulike årsaksforholda når det gjeld sysselsetjinga av dei funksjonshemma.

Det kan og vurderast å få i stand ei informasjonsbrosjyre til statlege arbeidsgjevarar og tillitsvalde. Brosjyra bør innehalde informasjon om stoda til dei funksjonshemma, FN’s standardreglar for like moglegheiter for menneskje med funksjonshemmingar, og informasjon om ulike økonomiske og andre omstende når det gjeld tilsetjing av funksjonshemma.

Arbeidsgjavaravdelinga kan sende eit brev til departementa og statlege verksemder der ein gjer greie for alle økonomiske stønadsordningar når det gjeld tilsetjing av funksjonshemma. Det kan vera eit bidrag til at ein vert meir medviten om korleis situasjonen til dei funksjonshemma er, og på same tid peike på dei føremonane ein kan ta del i om ein tilsettjer kvalifiserte funksjonshemma.

Eit heilskapssyn på politikken for dei funksjonshemma

FN’s generalforsamling vedtok i 1993 FN’s standardreglar for like moglegheiter for menneskje med funksjonshemming. Som vi veit, inneheld standardreglana 22 reglar inndelt i 3 delar:

  • Føresetnadane for deltaking og likestilling, styrking og opprusting av individet
  • Målområde for deltaking og likestilling, innretta mot å identifisere og fjerne hindringar i samfunnet
  • Gjennomføring av tiltak som omfattar, mellom anna, informasjon og forsking, utforming av politikk og planlegging, lovgjeving, opplæring av personell og nasjonal oppfølgjing.

Det er utan vidare klårt at standardreglane omfattar store delar av samfunnslivet og det offentlege administrative apparatet.

Eg trur det nå er på tide at alle sektorar kjenner eit ansvar for å ta eit funksjonshemmingsperspektiv på eiga ansvarsområde. Som det heiter i FN’s standardregel nr 14:

«Statane skal sikre at det vert teke omsyn til menneskje med funksjonshemming ved utforminga av all politikk og nasjonal planlegging».

Eg trur det er viktig at dette blir ein regel som ikkje berre omfattar tilgjenge, men all sakshandsaming. Difor er det viktig at vi nå gjer ei satsing når det gjeld kva vi kan kalle funksjonshemmingskompetanse. Dette vil seie at vi i alle offentlege verksemder må bygge opp kompetanse på kva det vil seie å vera funksjonshemma, kva standardreglane til FN legg opp til, og korleis dei kan etterlevast. Her er det av stor verd at organisasjonane til dei funksjonshemma vert teke med.

Når ein person er funksjonshemma, har dette konsekvensar for dei fleste tilhøve i livet. Det må difor vere eit grunnleggjane krav til politikken for dei funksjonshemma at den er heilskapeleg, og at den femner om alle sektorar. Eg trur at opprettinga av Statssekretærutvalet for den samla politikken for dei funksjonshemma kan vera ei god løysing når det gjeld behovet for samordning.

Lagt inn 1. april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen