D@mer og d@ta 1999
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Underside |
D@mer og d@ta 1999
Åpningsforedrag ved statsråd Jon Lilletun
Utdanning og samfunn
Utdanning er eit av dei viktigaste midla for å
skaffe arbeid til alle og sikre kompetansen i samfunnet. Difor er
satsing på utdanningspolitikken eit sentralt område for regjeringa
– både for å sikre Noreg sin plass blant dei fremste landa
internasjonalt og for å sikre tryggleik og velstand i vårt eige
samfunn. Regjeringa har seinest i St. meld. nr. 28 (1998-99)
Mot rikare mål lagt grunnlaget for ein fornya innsats i
forhold til innhald og organisering i skolen. Satsinga skal mellom
anna betre tilpasse innhald, arbeids- og vurderingsformer til
utviklinga i arbeids- og samfunnsliv og samstundes styrkje
sambandet mellom skole, arbeidsliv og samfunnet.
Utdanning skal på den eine sida drive fram fagleg kvalitet på
alle nivå. På den andre sida må vi heller ikkje gløyme at utdanning
har ein eigenverdi. Nytteperspektivet må ikkje få drepe gleda ved å
lære eller kreativitet skapt gjennom kunnskap.
Likestilling i utdanninga
Å fremme likestilling i opplæring og utdanning er
eit overordna utdannings- og forskingspolitisk mål. Dette
inneber at utdanningsinstitusjonane må tydeleggjere både kvinner og
menn sine rettar og pliktar til å delta i utforminga av
samfunnsutviklinga og til å ta ansvar for avgjersla. Opplæringa må
og leggje til rette for at både jenter og gutar til ein kvar tid
får like moglegheiter til å ta del i nye utviklingsområder. Skolen
har og eit overordna ansvar for å leggje til rette for at gutar og
jenter vert stimulert for val av vidare opplæring som legg
grunnlaget for økt likestilling i yrkesval.
Likestilling på utdanningsområdet har kome eit godt stykkje
på veg. Blant dei nye studentane på universiteta finn vi ei
overvekt av kvinner, og kvinner og menn har i dag tilnærma
likt utdanningsnivå. Kjønnsskilnaden i val av utdanning og yrke har
likevel vore relativt stabil i fleire år og dette medføre at
vi i Noreg framleis finn ein tradisjonelt kjønnsdelt
arbeidsmarknad.
Vi ser at jenter velje andre, og samla sett færre
utdanningsretningar enn gutar. Jentene er blant anna i fleirtal i
estetiske fag, lærerutdanning, helseutdanning, jus og samfunnsfag,
mens dei er i klart mindretal innan teknologi og realfag.
Styrke einskapsskolen
Skolen si rolle som felles læringsarena blir stadig
viktigare. Skolen blir i større og større grad det limet som held
oss saman – som sikre felles plattform og like moglegheiter. Skolen
skal være ein stad for alle, både for dei som er skoleflinke og
skolemotiverte og for dei som ikkje er fullt så flinke.
Utfordringane er å styrkje einskapsskolen og sikre eit
offentleg skoletilbod på høgt nivå. Elevane møter skolen med ulike
føresetnader og interesser. Og skolen må i aukande grad ivareta
ulike behov innafor ei felles ramme. Dette krev tilpassing av
undervisninga. IKT er eit av fleire hjelpemiddel til å
differensiere og gjere undervisninga variert og tilpassa ulike
behov.
Når det gjeld IKT ser det ut til at jenter er opptekne av
andre sider av teknologien og har eit noko anna bruksmønster enn
gutar. Både når det gjeld teknologi og realfag elles er det difor
viktig å legge til rette for tilbod som er tilpassa både jentene og
gutane sine ulike behov og interesser. Dette slik at vi ikkje
skaper nye kunnskapskløfter eller opprettheld uønskte skilnader i
utdannings- og yrkesval. Læreplanen seier det slik: "Det er derfor
viktig at alle grupper får del i (..….)den nye teknologiske
kunnskapen, slik at det ikkje blir skapt store skilnader i
føresetnadene for deltaking. Og det er viktig at formidlinga
skjer slik at ho ikkje styrkjer tradisjonelle kjønnskilje ved
at jenter blir oppseda til at `kvinner ikkje forstår`
naturvitskap og teknikk."
En meir moderne skole
Informasjonssamfunnet og ikkje minst informasjons –
og kommunikasjonsteknologien (IKT) inneber store utfordringar for
skolen, og vi står i dag overfor ein enorm moderniseringsprosess
innan utdanningssektoren.
Skolen kan ikkje stå utanfor den utviklinga vi ser elles i
samfunnet der IKT er eit nødvendig og naturleg verktøy. Skolen som
arbeidsmiljø for elever og lærarar må ha ein kvalitet og ei form
som matcher det som ein forventar frå heim og arbeidsliv. Mange
unge er van med å bruke og omgje seg med data og Internett på
fritida, og dette er en arbeidsform som skolen også må kunne tilby.
Dessutan må skolen styrkje sitt tilbod til dei mange som ennå ikkje
har datautstyr i heimen.
Sidan IKT for alvor ble lansert som eit viktig hjelpemiddel
på starten av 80-talet, har eit stadig tilbakevendande spørsmål
vore kva for plass teknologien skal ha i utdanningssektoren. I
Stortingsmelding nr. 24 (1993-94) ”Om informasjonsteknologi i
utdanningen” vert det sagt i innleiinga at: ”Uten noe kunnskap om
informasjonsteknologi, vil en kunne bli hjelpeløs og uforstående i
stadig flere situasjoner. Med kunnskap får en utvidete ferdigheter,
sanser og evner: til å handle, styre, skrive, regne, organisere,
hente informasjon og til å kommunisere.”
Det handler mykje om å vere med. Det blir difor
viktig at flest mogleg kan få del i den påverknad som kunnskap om
IKT gjev. Stortingsmeldinga blei etterfølgt av ”IT i norsk
utdanning – plan for 1996-99”. Planen innehar ei godt grunna
satsing spesielt på jenter og IKT.
IKT bidreg til økt kvalitet i skolen
IKT er ikkje noko tryllemiddel som skal forvandle og løyse
alle problema i skolen, men eit viktig verktøy for å utvikle den.
Gjennom forsking vet vi noko om at rett bruk av IKT kan bidra til
økt læringskvalitet. Teknologien gir moglegheiter for å variere og
differensiere undervisninga ut frå elevane sine ulike behov og opne
skolen meir mot omverda. Her ligg det eit potensiale for å betre og
vidareutvikle, og dermed auke kvaliteten i skolen.
Einskapsskolen
Vi ønskjer at einskapsskolen skal vere møteplass
for menneskeleg kontakt og læring gjennom erfaring og kreativ
utfalding. IKT skal ikkje erstatte denne menneskelege kontakten
eller stimulering til kreative prosesser hos barn og unge. IKT
handler i første rekkje om menneske, kommunikasjon,
kunnskapsutvikling og samhandling.
Maktstrukturar – elev og lærarrolle
Økt bruk av IKT utfordrar oss til å drøfte
maktstrukturane og elev- og lærarrolla i skolen. Ein datamaskin kan
ikkje erstatte læraren og heller ikkje sette ein stopper for
samhandlinga i klasserommet. Men opplæringa og rollene blir
annleis. Læraren får ei rolle som i langt større grad har hovudvekt
som veileder, koordinator, rådgivar og verdiskaper i elevane sine
individuelle og sjølvstendige læringsprosessar. Eleven må ta meir
ansvar for eigen læring, og må stimulerast til å være forskar i
eigen læringsprosess. Vi må alle møte barn- og unges nyfikne og
ønskje om å lære meir om IKT med ei open haldning. Vi må vidare ha
kunnskap og evne til å veilede elevane ut frå deira eigne val.
I denne samanheng er det viktig at alle elevgrupper blir
trekte med uavhengig av kjønn, bustad og sosial tilhøyring. Det er
store skilnader på kor fortrulege elevane er med teknologi og det
blir difor skolens oppgåve og satse slik at alle elevar blir i
stand til å tileigne seg kunnskap om den nye teknologien.
Framleis eit mannsdomene
I dag er IKT på mange måtar framleis eit
mannsdomene. Menn dominerer i IT-bransjen, dei er
programutviklarar, datalærarar og bruker i langt større grad ny
teknologi i fritida, både til leik og til nytte. Denne situasjonen
har vi hatt i mange år, men den har blitt spesielt markant i løpet
av dei siste åra. Statistikk underbygger disse erfaringane.
- Jenter heng etter i kunnskaps- og brukernivå
- Gutar veit meir om ny teknologi enn jenter
- Færre jenter enn gutar har datamaskin
- Færre jenter enn gutar har tilgang til Internett
På den andre sida viser forsking at både unge jenter og gutar
har ein nysgjerrig og søkjande haldning til IKT, og at jenter og
gutar, når dei bruker teknologien, har ein ulik tilnærming til
data.
Jentene sin interesse for IKT
Jenter liker å bruke IKT til å kommunisere på
likeverdige vilkår og til å byggje sosiale nettverk. Og IKT gjer
skolearbeidet meir variert og virkelighetsnært, noko som særleg er
motiverande for jenter.
Ein rekkje skolar, både grunnskolar og vidaregåande skolar,
har fokusert nettopp på likestilling i sin IKT- satsing. Dei har
sagt ”jentene først”, noko som igjen har gitt positive
ringverknader på heile opplæringsmiljøet. Erfaring viser at når
jentene lærer først blir også gutane sin bruk annleis.
Prosjekter ved Tjøme og Åmot ungdomsskolar har dei seinare
åra gitt gode eksemplar på kva verknad ein ekstra satsing på
jentene har hatt. Både for deira kunnskapsnivå i forhold til IKT og
også verknaden dette har fått på IKT- undervisninga på skolane
generelt.
Inspirasjonsbrosjyre
Disse erfaringane har departementet samla i
brosjyren ”Ett klikk og du er hekta”, som er eit inspirasjonshefte
om jenter og IKT for lærarar i grunnskolen. Departementet ser det
som heilt vesentleg at lokale tiltak får nasjonal verknad. Vi er
opptekne av at skoleutvikling byggjer på lokale lærar- og
elevkrefter, samstundes som ein vidareformidling av tiltak er
særleg verdfull.
Val av høgare utdanning
Vi veit at grunnlaget for val av vidare utdanning
legges i tidleg alder. Difor er det viktig at både jenter og gutar
får allsidig erfaring med teknologien så tidleg som på
grunnskolenivå.
Jenter har i stor grad vore fråverande på de høgare IT-
studiane, men vi veit at rekrutteringstiltak, mellom anna i den
vidaregåande skolen, og eigne jente-kvotar fungerer. Ved NTNU har
prosjektet Jenter og data, som mellom anna har nytta kvotering,
vist seg å bli eit av universitetet sitt mest vellykka
rekrutteringsprosjekt. Frå å vere eit fagområde som jenter styrte
unna, har linjen for Datateknikk i løpet av nokre år blitt svært
populær. Sivilingeniørstudiene generelt tykkjer også å ha nytt godt
av dette. Den totale jenteandelen ved sivilingeniørstudiene har
nemleg og hatt en tydeleg auking i den same perioden.
Regjeringa vil at fleire jenter skal studere ved dei høgare
IT- studiene og vil mellom anna nytte kvotering for å rekruttere
fleire kvinner til IT- studiene ved universitet og høgskolar.
Auke farten på IKT- utviklinga
Noreg ligg ikkje dårleg an når det gjelder IKT i
internasjonal samanheng. Og vi har ikkje sett noko land som har eit
så klart jenteperspektiv innebygd i satsingane som Noreg har. Vi
treng likevel å sette opp farta og kome vidare, slik vi ser ein del
andre land nå gjør.
Kompetanse
I dei snart fire åra vi har hatt handlingsplanen er
det sett i gang mykje aktivitet både innan satsingsområdet Jenter
og IKT og på andre områder. Det er gjeve midlar til
kompetanseutvikling, forsøks- og utviklingsarbeid både i samanheng
med handlingsplanen og som ledd i gjennomføringa av reformene.
Rapporter og tilbakemeldingar syner at dei sentrale planane
og tiltaka har hatt verknad på lokal aktivitet. Mange skolar har
teke del i utviklingsarbeid og mange lærarar har fått tilbod om
opplæring.
Ei undersøking gjennomført av Fafo hausten 1998 viser likevel
at vi langt frå er i mål. Fire av fem lærarar gir uttrykk for at
dei treng vidare opplæring i bruk av IKT som pedagogisk
hjelpemiddel. Kvinner nemner noko oftare enn menn behovet for
generell dataopplæring.
Ei anna undersøking viser at 76 % av lærarane i 1.-10. klasse
oppgir at dei har tilgang til datamaskin heime, medan nesten 60 %
seier at dei sjeldan eller aldri bruker Internett i samband med
eigen undervisning.
Lærarane i grunn- og vidaregåande skole treng difor
sjølv auka kompetanse innan IKT. I grunnskolen er det eit stort
fleirtal kvinnelege lærarar, og det blir difor viktig at
lærarutdanning og etterutdanning tar høgde for kvinnene sine
erfaringar og kvinnenes tenkjemåte i forhold til teknologi. Skal
jenter bli fortrulege med og vise interesse for IKT er det og
viktig at dei kvinnelege lærarane makter å framstå som positive
rollemodellar også på dette feltet.
Lærarane treng med andre ord fornying og påfyll og ikkje
minst tryggleik til å utforske moglegheitene slik læreplanen legg
opp til.
Utstyr
Mange er opptekne av utstyr, drift og tilgang til
Internett. Dette er viktig, men ikkje tilstrekkeleg. Skal
datamaskinen bli noko meir enn ein avansert skrivemaskin, eit
leiketøy eller eit oppslagsverk, må pedagogikk og IKT sjåast i ein
samanheng.
“Skolepakka” og ekstra satsing på IKT i utdanninga
Regjeringa vil gjere eit lyft for å styrkje
kvaliteten i skolen og går inn for å bruke 225 millioner kroner
ekstra kvart år i fire år framover. Denne ekstra satsinga inneber
mellom anna ein styrking av IKT med 150 mill kroner per år. I
tillegg til disse 150 mill per år vil regjeringa gje 50 mill til
etterutdanning på områder der skolane sjølve ser at det trengst eit
ekstra lyft. Midlane vil mellom anna kunne brukast til å dekkje
vikar slik at læraren kan gis fri til å skaffe seg kompetanse.
Vidareutvikling og styrking av lærarrolla er det tredje
viktige element i regjeringa si skolepakke. Regjeringa går inn for
å sette av 25 mill kroner til forsøk rundt utvikling av lærarrolla,
(og oppfordrar i den samanheng også til bruk av
forsøksheimelen i opplæringslova dersom ein treng å gå utover
regelverket for å skaffe nyttig erfaring).
Ny plan for IKT i utdanninga
Vi har dei siste åra hatt ein IKT- satsing på ca 50
mill per år. Regjeringa foreslår å firedoble staten sin innsats ved
å leggje inn 150 mill per år i friske midlar.
Når vi ser på dei satsingar dei har i for eksempel Sverige,
Danmark og England og ser disse i forhold til folketalet, kjem vi
på høgde med dei satsingane vi ser der.
Gjeldande plan for IKT i utdanninga utløpar i år og ny plan
er under utvikling. Det vil bli lagt fram ein ny plan seinare i
haust. Planen skal byggje vidare på det som allereie er sat i gang
- men vil også innehalde nye elementer.
Den nye planen skal som tidlegare omfatte heile
utdanningssektoren - frå grunnskolen til høgare utdanning.
IKT- tiltak som kan bidra til å få jenter til å velje datafag
og tiltak som kan bidra til å gjere opplæringa meir tilpassa
jentene sine behov og ønskjer, vil framleis bli prioritert.
Erfaringane frå dei særskilde jentetiltaka er positive og vil bli
følgt opp vidare. Og vi treng det potensiale som jenter utgjer.
På Høgskolen i Oslo, Avdeling for allmennlærarutdanning har
departementet over fleire år finansiert eit utdannings- og
etterutdanningstilbod i IKT berre for kvinner. Tilbodet skal nå
evaluerast, men har så langt vist seg å vere ettertrakta. Vi
har og andre undersøkingar, mellom anna frå Finnmark, som viser at
det er viktig å satse på kvinnelege lærarar, spesielt når det gjeld
IKT.
I den nye IKT- planen vil kompetanseheving for lærarar bli
særleg prioritert. Det vil bli satsa både på å sikre IKT i
grunnutdanninga for alle nye lærarar og på å styrkje arbeidet med
IKT i etter- og vidareutdanninga for lærarar som er i arbeid.
Det legges opp til økt innsats når det gjeld forsking, forsøk
og utvikling for å sikre at vi får kunnskap om nye moglegheiter.
Mellom anna skal prosjektet PILOT styrkjast. Dette er eit
forsøks- og utviklingsprosjekt for bruk av IKT i grunnskole
og vidaregåande skole. Prosjektet har både ein pedagogisk profil og
ein distriktspolitisk profil. Utvikling av nettbaserte tilbod som
kan medverke til at jenter i distrikta får eit meir variert tilbod
er ein av fleire problemstillingar som ligg inne i prosjektet.
Nettbaserte læremidlar og nye elektroniske læringsmiljø er
noko det vil bli satsa ekstra på. Også elektroniske støtte- og
rettleiingstenester. Eksemplar på slike tenester som vil bli
utvikla vidare er:
- Skolenettet
- Veiledningstenesten ved Nasjonalt læremiddelsenter
- Ulike databasar
På utstyrssida og når det gjeld infrastruktur så ønskjer vi
ikkje å endre den grunnleggjande arbeids- og ansvarsdeling frå St.
meld. nr. 24 (1993-94) i forhold til korleis utstyr skal
finansierast. Regjeringa foreslår likevel å gje 20 mill til å
styrkje Internett-tilgangen. Mange skolar er redde for å sleppe
bruken av Internett laus. Dei er redde for tele-rekningane. Dette
gjer vi noko med: Vi gjev alle skolar på ungdomstrinnet 10 000 kr
til dekning av telekommunikasjonsutgifter. Vi har snakka med
Telenor. Dei lover å gi alle skolar eit tilbod om ordningar med ein
maksimalpris på tellerskritt - utgiftene.
Regjeringa vil og i løpet av hausten sette i verk ein
landsomfattande ordning med overføring av nyare brukte datamaskiner
frå næringslivet og det offentlege til skolane. Brukt-pc- ordninga
er ein del av regjeringa si satsing på IKT i skolen, men kjem i
tillegg til den fireårige tiltakspakka som fyrst og fremst inneheld
tiltak for å heve lærarane sin kompetanse på området.
Det er regjeringa si meining at disse tiltaka til saman vil
vere med på å styrkje lærarane sin IKT- kompetanse og slik vil
gjere skolen betre rusta for å møte dei krav dagen og framtida
stiller. Vi har ein utfordring om å nyttiggjere oss den teknologisk
kunnskap og kompetanse. Om vi skal lukkast i dette arbeidet må
kvinnelege så vel som mannlege lærarar vere med.