Historisk arkiv

Reglar for Jordfondet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Landbruksdepartementet

 

§ 1

Landbruksdepartementet disponerer fondet.

§ 2

Det vert ikkje ytt lån av fondsmidlane.

§ 3

Fondsmidlane vert brukte til å dekkja kjøpesummar for eigedomar ved friviljug kjøp eller forkjøp, og til å betala vederlag ved oreigning etter lov av 12. mai 1995 nr. 23 (jordlova) og kostnader med at staten tek over slik eigedom.

§ 4

Når staten overdreg eigedom vidare, går det som er lagt ut, attende til fondet.

§ 5

Landbruksdepartementet avgjer etter samråd med Finansdepartementet korleis rekneskapen for fondet skal ordnast.

Utdrag fra vedtekter for landbrukets utviklingsfond
(Vedtatt av Stortinget 16. februar 1971, senest endret ved Stortingsvedtak av 2. desember 1993)

1. Fondsmidlane kan nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og byggje ut næringsgrunnlaget slik at bruket kan halde fram som – eller gjerast til – ein trygg arbeidsplass. Dette gjeld også om bruket er ein del av ein kombinert arbeidsplass. Fondsmidlane kan også nyttast til aktivitetsfremjande tiltak innan eller knytta til landbruksnæringane.

3. Fondskapitalen skal plasserast på renteberande konto i statskassa. Rentene går inn i fondet. Inntekter ved bortleige o.a. av jord m.v., som staten har kjøpt eller tileigna på annan måte i medhald av jordlova, og tilskott som blir tilbakebetalt i medhald av punkt 8 i desse vedtektene, går inn i fondet. Tap som staten har på jordformidling i medhald av jordlova blir dekt av fondsmidlane.

4. Godkjente ved stortingsvedtak 26. april 1957

5. Jordfondet er opprettet ved stortingsvedtak av 21. november 1955.