Historisk arkiv

Valgerd Svarstad Haugland deltar i barnehagekonferanse i Kristiansand

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding - Priv. til red.

Nr.: 97118
Dato: 20.10.97

INVITASJON

Valgerd Svarstad Haugland deltar
i barnehagekonferanse i Kristiansand

Berre eit par dagar etter at Valgerd Svarstad Haugland overtok barne- og familieministerstolen møter ho ei brei samling av politikarar og representantar for barnehagesektoren. Statsråden skal delta i den offisielle avsluttingskonferansen for Utviklingsprogrammet for barnehagesektoren i Kristiansand.

Utviklingsprogrammet for barnehagesektoren starta i 1995 og vert avslutta ved årsskiftet. I løpet av desse åra har 49 kommunar og Barnehageforbundet fokusert på å auke talet på barnehageplassar for dei aller minste barna og gjere tilboda meir brukartilpassa. Samstundes har kommunane også freista finne løysingar på å dempe kostnadsveksten.

Om dette har lukkast, vil ein del av delegatane fortelje meir om på konferansen.

Mellom anna viser ei fersk gransking frå fylkesmannen i Vest-Agder at for første gong i historia har samtlege kommunar i Agder-fylket ein dekningsgrad på 40 prosent eller meir. Andre granskingar viser at det snart er full dekning av barnehageplassar for barna mellom 3-5 år medan mange av dei minste barna framleis manglar plass. Gjøvik kommune vil fortelje korleis kommunen har klart å oppnå fleire småbarnsplassar.

Pressa er velkomen til konferansen!
Stad: Quality Kristiansand Hotell, Kristiansand
Dato: 21. Og 22. oktober
Meir informasjon om konferansen kan redaksjonen få ved å kontakte informasjonssekretariatet på telefon 22 24 24 07.

Lagt inn 21. oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen