Historisk arkiv

- Alle barn har rett til å bli høyrd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 104/98
Dato: 10.12.98

Barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland på femtiårsjubileet for Verdserklæringa om menneskerettar:

- Alle barn har rett til å bli høyrd

Fleire tusen barn var samla på Universitetsplassen da barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland opna menneskerettighetsfestivalen Dugnad`98. Tilstellinga var ei markering av femtiårsjubileet for Verdserklæringa om menneskerettane.

- Denne erklæringa, desse tretti artiklane, uttrykkjer dei grunnleggjande rettane som vi alle har som menneske. For vi har alle dei same rettane. Det er ikkje slik at nokre berre gjeld for jenter og andre for gutar. Eller nokre gjeld for oss i Norge og andre for folk i Afrika, sa Valgerd Svarstad Haugland til tilhøyrarane på Universitetsplassen. Mange tusen barn var komen for å vera med og markera at Verdserklæringa for menneskerettane er 50 år.

Ho sa vidare at våre grunnleggjande rettar fører med seg plikter til å støtte andre sine menneskerettar:

- For meg handlar erklæringa mellom anna om å vise omsorg for andre, og bidra til at alle får eit menneskeverdig liv.

Barneministeren snakka òg om konvensjonen om barn sine rettar:

- Denne avtalen seier mellom anna at alle barn har rett til å bli høyrd, rett til å få hjelp når dei er sjuke og rett til vern mot å bli slått. Det er staten som skal sørgja for at desse rettane vert gjennomførde. Vi må verne om dei og vi må nytta dei, sa Valgerd Svarstad Haugland, og minna om at Verdserklæringa frå 1948 er grunnlaget for Barnekonvensjonen, som nesten alle land i verda no har forplikta seg til å følgje.

Lagt inn 10. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen