Historisk arkiv

- Eit skippertak frå full barnehagedekning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 98004
23.01.98

- Eit skippertak frå full barnehagedekning

- Målet om full barnehagedekning innan år 2000 står fast, og dette krev at kommunane prioriterer å byggja ut barnehagar. Full barnehagedekning er ein føresetnad for at foreldra skal kunne velja ei omsorgsform som passar dei. Dette skriv barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland i eit brev til ordførarane og rådmennene i samtlege kommunar. Svarstad Haugland tek og dette temaet opp på den regionale ordførarkonferansen i Bergen fredag.

Barne- og familieministeren peikar på at regjeringa ønskjer å utvida valfridommen til foreldra når det gjeld omsorg for borna. Ho vil satsa på å styrkja barnefamiliane sin økonomi og samstundes byggja ut barnehagar.

Valgerd Svarstad Haugland har ved fleire høve presisert at regjeringa ikkje satsar på eit enten eller i spørsmålet om kontantstøtte og barnehage, men eit både og. Ho minner difor kommunane om at det er heilt nødvendig å få til full barnehagedekning dersom foreldra skal få eit reelt val.

Valgerd Svarstad Haugland understrekar at målet er 13 500 nye barnehageplassar allereie i 1998, og at 9 000 av desse bør vera plassar for born under tre år.

- Full barnehagedekning vil variera frå kommune til kommune. Kommunane må difor vurdera etterspurnaden på grunnlag av brukargranskingar i tillegg til kontinuerleg planarbeid. Det er særs viktig at kommunane prioriterer å byggja ut fleksible tilbod til born under tre år, meiner Svarstad Haugland.

Statsråden legg vekt på at tilhøva for kommunane no gjer det lettare å kunna laga nødvendige planar for den resterande utbygginga. Mellom anna er satsane for tilskot til dei yngste auka, og vilkåra for tilskotet til delte plassar er endra slik at kommunane i dag står friare.

- Kommunane bør setja lokale mål og drøfta korleis dei skal finansiera plassane som står att å skaffa. I dei fleste kommunane vil det tyde at private interessentar også vert dregne inn i planarbeidet og i drifta av barnehagetilbodet, seier Valgerd Svarstad Haugland.

Lagt inn 23. januar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen