Historisk arkiv

- Fylka må satse meir offensivt på ungdomspolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

98091
04.11.98

Valgerd Svarstad Haugland på ungdomskonferanse i Stavanger:

- Fylka må satse meir offensivt på ungdomspolitikk

- Alle kommunar og fylke bør gi arbeidet med medverknad frå born og ungdom høg prioritet, sa barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland under fylkeskonferansen om ungdomspolitikk som starta i dag. Statsråden oppfordra mellom anna fylka til å leggja forpliktande strategiar for korleis dialogen med born og ungdom kan bli betre og meir konkret.

Det er Barne- og familiedepartementet som arrangerer den to dagar lange konferansen om ungdomspolitikk, der representantar for alle fylkeskommunane i landet deltek. Dei er inviterte for å diskutera korleis ungdom kan få større påverknad over samfunnsutviklinga, og korleis dei fylkeskommunale tilboda og tenestene for ungdom kan styrkjast.

  • Regjeringa er opptatt av at ungdom skal ha likeverdige tilbod og tenester over heile landet. Eg ser det òg som særleg viktig å sikra ungdom større sjansar for deltaking og innverknad over samfunnsutviklinga, sa barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland i opningstala. Ho understreka at fylkeskommunane spelar ein viktig rolle i dette arbeidet, ikkje minst som samordnar og tilretteleggjar av ungdomspolitikken lokalt.
  • Men for at fylkeskommunen skal spela den viktige rolla vi ønskjer, må han utvikla sin eigen ungdomspolitikk. Ungdom må mellom anna få sin naturlege plass i den fylkeskommunale og kommunale planlegginga, sa statsråden. Ho oppmoda fylka til å gå i aktiv dialog med ungdom, og ba alle om å utarbeida strategiar for korleis dialogen kan bli betre og meir forpliktande.

I avslutninga av tala sa barne- og familieministeren at ho håpa fylkeskommunen blir ein aktiv medspelar i åra framover:

- Fylkeskommunane står overfor store oppgåver i ungdomspolitikken. Desse må løysast i samarbeid med både kommunane og statlege etatar, sa ho, og peikte t.d. på oppfølginga av Reform 94, kultur- og fritidstilbodet, samferdsletilbodet, barne- og ungdomsvernet og helseområdet. - Å investera i ungdom er noko eg ser på som heilt avgjerande for å skapa eit godt samfunn, slutta statsråden.

Kontaktperson:
Informasjonssekretariatet, tlf. 22 24 24 07

Lagt inn 4. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen