Historisk arkiv

- Vi må skjerpa hørsla når ungdom seier frå!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

98048
27.05.98

Valgerd Svarstad Haugland på «Ung i Norge 98»:

- Vi må skjerpa hørsla når ungdom seier frå!

- Medverknad må ikkje gjelda berre når det er trygt og greitt for oss politikarar. Eg vil utfordra kommunane til å gje ungdom reell medverknad - til å styrkja samhandlinga mellom dei som fattar vedtak for framtida og dei som skal leva i framtida, sa barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland då ho opna den nasjonale konferansen «Ung i Norge 98» i Kristiansand i dag. I si innleiing om ungdomspolitikken lova statsråden statlege midlar til lokalt frivillig arbeid og ungdomsstyrte aktivitetar.

Svarstad Haugland lova òg eit statleg initiativ for å få til samarbeidsmøte der ungdom får koma med sine innspel til arbeidet for eit betre ungdomsmiljø. - Kva signal gir det at vi er redde for reaksjonar på våre politiske vedtak frå næringsliv og bilistar, men ikkje for reaksjonane frå dei unge? Vi må forsterka dei unge sine stemmeband og skjerpa vår eiga hørsel når dei seier frå, utfordra barne- og familieministeren.

Fagkonferansen «Ung i Norge 98» går over tre dagar. «Innenfor/utenfor» er sett som tema for konferansen, der ei rekkje politikarar, fagfolk og ungdomsrepresentantar drøftar tilhøva for born og unge og aktuelle utfordringar i ungdomspolitikken.

Valgerd Svarstad Haugland viste til arbeidet for å styrkja oppvekstmiljøet, ikkje minst for den uorganiserte ungdommen. - Lokal mobilisering er avgjerande. Kommunane må gå i dialog med born og ungdom om ein strategi for arbeidet. Regjeringa vil neste år gje økonomisk stønad til lokalt frivillig arbeid, sa Svarstad Haugland og viste til at Kristiansand no vil bli forsøkskommune for ei slik satsing. Departementet har løyvt 500.000 kroner til dette forsøket. Mykje av midlane vil gå til ungdomsstyrte aktivitetar.

Barne- og familieministeren greip òg fatt i utviklinga av ekstreme ungdomsmiljø og varsla aktiv innsats frå Regjeringa i kampen mot ei slik utvikling. - Vi vil samarbeida med skulen, foreldra, frivillige organisasjonar og lokale styresmakter. Vi har støtta slikt arbeid i Nordstrand bydel i Oslo, og resultatet syner at det er mogleg å snu ei uheldig utvikling. Vi må òg sjå på tiltak for å hindra rekruttering til rasistiske og andre ekstreme miljø, sa Valgerd Svarstad Haugland.

Priv. til red:

Statsrådens foredrag på legges i sin helhet ut på Internett kl. 11.30 onsdag 27/5.

Adresse: http://odin.dep.no/bfd/taler/

Kontaktperson: Informasjonssekretariatet, telefon 22 24 24 07

Lagt inn 27. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen