Historisk arkiv

Auka satsing på barnevern i fylkeskommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 107/98
Dato: 14. desember 1998

Auka satsing på barnevern i fylkeskommunane

- Vi vil styrka arbeidet mot problemåtferd blant born og unge. Regjeringa løyver no 17 millionar kroner til det fylkeskommunale barnevernet, fortel barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland. Pengane skal brukast til auka innsats for born og unge med alvorlege åtferdsproblem, støtte- og hjelpetiltak i fosterheimane - og til å betra samarbeidet i barnevernet.

- Med denne satsinga ønskjer vi å ta eit krafttak i arbeidet mot vald og kriminalitet blant born og unge, seier Barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland. Ho voner samstundes at satsinga kan medverka til at barnevernet oftare finn fram til tiltak for born og unge med åtferdsvanskar før problema vert for store.

I tillegg til arbeidet med dei åtferdsvanskelege skal ein del av midlane gå til arbeidet med fosterheimane. Det er viktig at alle fosterforeldre får generell rettleiing. I høve til dei mest vanskelege borna må fosterheimane sikrast hjelp i akutte situasjonar.

- Mange born og unge som bur i fosterheimar har større og meir samansette problem enn tidlegare. Då kan det oppstå vanskar som fosterforeldra må ha hjelp for å løysa. Alle fylkeskommunar må derfor samarbeida med kommunane om hjelpetiltak som kan førebyggja samanbrot og utilsikta flyttingar, seier Svarstad Haugland.

Mange av fylkeskommunane er i gang med å byggja opp eigne konsultasjons- eller rettleiingstenester i arbeidet med åtferdsvanskelege born og unge. Desse er særleg viktige for å kunna hjelpa kommunane med dei vanskelege sakene. Fylkeskommunane har spisskompetanse kommunane vanlegvis ikkje har.

- Til no trur eg fylkeskommunane i mange høve har kome med sine tilbod i seinaste laget. I framtida vonar eg fylkeskommunane i større grad vil samarbeida med barnevernstenestene i kommunane, mellom anna for å førebyggja vald og kriminalitet blant born og unge, seier Valgerd Svarstad Haugland.


Kontaktperson: Informasjonssekretariatet, telefon 22 24 24 07

Lagt inn 14. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen