Historisk arkiv

Betre samordning av barne- og ungdomspolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 98024
Dato: 25. mars 1998

Betre samordning av barne- og ungdomspolitikken

Ein publikasjon med oversikt over dei viktigaste tiltaka for born og unge blir no lagt fram av Barne- og familiedepartementet. «Tiltak for barn og ungdom» synleggjer den samla satsinga på tvers av ansvarsområda til ti departement. - Formålet er å sette born og unge høgt opp på den politiske dagsorden, og få til ein målretta og samordna politikk, seier barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland.

Kvart år blir det laga eit eige vedlegg til statsbudsjettet som samlar dei viktigaste tiltaka for born og ungdom. I år har publikasjonen «Tiltak for barn og ungdom» fått ei annleis og meir eintydig utforming: Han formulerer ulike delmål og innsatsområde for regjeringa sin barne- og ungdomspolitikk og viser satsinga på kvart einskild område. Her kan ein også sjå budjsettutviklinga for dei siste tre åra.

Nytt er dessutan at rapporten synleggjer kva for departement, etatar og samarbeidspartnerar som er med i ulike tiltak. Det er eit breitt spekter av tiltak, frå utdanning, helse og fritid, til integrering av innvandrarar og flyktningar, arbeidsmarknadspolitikk og internasjonalt samarbeid. Den årlege rapporten blir dermed eit enno betre verktøy for både offentlege etatar, kommunar, organisasjonar og andre som jobbar med å betre vilkåra for born og ungdom.

- Dei offentlege ordningane retta mot born og unge må i sterkare grad bli tilpassa dei ulike behova som finst rundt i landet. Det inneber at vi som vaksne må ta born og unge meir med på råd. Vi må også gje dei den plassen dei fortener i høve til å påverka utviklinga i samfunnet, seier barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland.

For å betre samordninga av barne- og ungdomspolitikken, har regjeringa oppretta eit eige statssekretærutval.

Priv. til red.:

Publikasjonen «Tiltak for barn og ungdom» (Q-0949) finst hos Akademika, tlf. 22 11 67 70. Den er og lagt ut på ODIN (under BFD.Publikasjoner).

Kontaktperson: Informasjonssekretariatet, telefon 22 24 24 07 Lagt inn 25. mars 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen