Må kjempa mot valden
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Barne- og familiedepartementet
Pressemelding | Dato: 13.06.1998 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 98055
13.06.98
Må kjempa mot valden
Innsatsen for å kjempa mot diskriminering, rasisme og framandfiendskap er ein viktig del av det valdsførebyggjande arbeidet, sa barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland då ho opna Oslo Røde Kors Internasjonale Senter sitt 10 års jubileum. Ho berømma senteret sin innsats for å skapa eit betre oppvekstmiljø for born og unge.
- Mange meinar at det har vore ei aukande brutalisering i ungdomsmiljøa dei seinare åra. Valdsutviklinga blant ungdom uroar oss, og det som særleg vekkjer uro er at valden ser ut til å vera meir grov enn før. Rasistisk motivert vald og konfliktar mellom ulike ungdomsgrupper er og ein del av valdsbiletet, særleg i dei større byane, sa barne- og familieministeren. Ho vektla at ein internasjonal møtestad som Røde Kors Internasjonale Senter er viktig for å fremma respekt og forståing mellom menneska uansett etnisk, religiøs eller nasjonal bakgrunn.
Statsråden var og oppteken av det frivillige engasjement frå foreldre, frivillige organisasjonar og andre grupper. I tillegg til frivillig innsats er det viktig at lokale styresmaktar legg opp eit planmessig arbeid for å styrkje oppvekstmiljøet, og at ein ser samanheng mellom offentleg innsats og det arbeidet frivillige organisasjonar gjer.
- Eg ynskjer at kommunane skal ta initiativ til dialog og samarbeid både med born og ungdom sjølve, med frivillige organisasjonar og grupper, med foreldre og andre ressurspersonar lokalt. Statlege styresmakter vil støtta opp om arbeidet, men det avgjerande er at den positive utviklinga av oppvekstmiljøet skal ha utgangspunkt i lokale tilhøve og initiativ, sa barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland.
Kontaktperson: Informasjonssekretariatet, 22 24 24 07
Lagt inn 15. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen