Historisk arkiv

Naudsynt med samarbeid mot tvangsekteskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

98032
20.04.98

Politisk rådgjevar Elisabeth Angell:

- Naudsynt med samarbeid mot tvangsekteskap

- Norske styresmakter ser svært alvorleg på at ungdom med innvandrar-bakgrunn vert utsette for tvangsekteskap. For å kunne hindra slike overgrep i framtida, må vi skapa dialog og samarbeid med innvandrarmiljøa, sa politisk rådgjevar Elisabeth Angell då ho på vegne av barne- og familieministeren opna eit seminar om tvangsekteskap i Drammen i dag.

I desember 1997 ba Stortinget om ein handlingsplan mot tvangsekteskap. Barne- og familiedepartementet fekk ansvaret for å utarbeida ein slik plan. Seminaret om tvangsekteskap er eit fyrste steg i dette arbeidet.

Vi ynskjer å samla inn kunnskap om bakgrunn for tvangsekteskap og lytta til røynslene frå dei som kjenner problemet i kvardagen, sa Elisabeth Angell då ho opna seminaret. Ho peika vidare på at innvandrarar er ein del av det norske samfunnet, og at dei dermed har like stor rett til vern mot overgrep som dei som har budd her i fleire generasjonar.

For å vera i stand til å hindra slike overgrep må vi få til dialog og samarbeid med innvandrarmiljøa. Dei har sjølve grepe tak i problemet, og det gjer meg viss på at vi vil finna fram til løysingar, sa Angell.

Den politiske rådgjevaren understreka at årsakene til at nokre foreldre med innvandrarbakgrunn pressar borna sine inn i ekteskap dei ikkje ynskjer, er mange og sammensette.

- Men dersom vi veit meir om årsakene til eit problem, trur eg vi har grunn til større von om å førebyggja og løysa det. Dette seminaret er meint å setja søkjelyset på tvangsekteskap for å henta inn og utveksla kunnskap, slik at vi seinare kan hindra at ungdom vert tvungen inn i ekteskap, sa Elisabeth Angell.

Regjeringa si handlingsplan mot tvangsekteskap skal etter planen vera klar til hausten.

Informasjonssekretariatet, telefon 22 24 24 07

Lagt inn 20. april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen