Historisk arkiv

Vel 10 millionar kroner til ungdomstiltak i Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

98033
21.04.98

Storbymidlane:

Vel 10 millionar kroner til ungdomstiltak i Oslo

Barne- og familiedepartementet løyver no 10,5 millionar kroner til i alt 48 ungdomstiltak i Oslo. Meir enn halvparten av midla går til sju prioriterte bydelar. - Det er viktig å støtte dei initiativa unge sjølv tek i kampen mot vald og rasisme, seier barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland.

I alt løyver Barne- og familiedepartementet no 22,2 millionar kroner til tiltak for barn og unge i dei ni største byane i landet. Formålet med tilskottsordninga er å betre oppvekstvilkåra og levekåra for barn og unge i storbyane. Oslo kommune får tilskot til heile 48 tiltak i 18 bydelar. Men det er dei sju bydelane Sagene/Torshov, Grunerløkka/Sofienberg, Gamle Oslo, Søndre Nordstrand, Furuset, Stovner og Romsås som får mest: Nærare seks millionar kronar går til tiltak og prosjekt i desse byområda.

Barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland understrekar kor viktig det er å støtte dei som arbeider med å mobilisere ungdom i kampen mot vald og rasisme. Blant dei som i år mottek støtte, er ungdomsgruppene Non Fighting Generation (280 000 kroner), Ungdom Mot Vold med prosjektet «Gjengsplitting 2» (400 000 kroner) og Uteseksjonen sitt prosjekt «Alliert ungdom» (350 000 kroner). Oslo Røde Kors Internasjonale Senter sine prosjekt retta mot barn og unge med minoritetsbakgrunn mottek til saman 900 000 kroner. Eit byomfattande konfliktløsings-prosjekt i regi av Konfliktrådet får ein million kronar, medan Nordstrand bydel får 400 000 kroner til prosjektet «Forebygge nasjonalisme». Dei unge sine ynskje om eigne møteplassar er og ivaretekne til dømes gjennom løyvingar til rusfrie ungdomskafear og kulturhus.

  • Mange av tiltaka vitnar om stor kreativitet og engasjement blant unge sjølv, seier Valgerd Svarstad Haugland. Barne- og familieministeren gler seg spesielt over dei mange initiativa til å etablere positive og trygge møteplassar for barn og unge med forskjellig kulturbakgrunn. Ho vonar at regjeringa si storbysatsing kan vere med og snu nokre av dei negative utviklingstrekka ein no ser, blant anna hjå grupper av unge som bor i sentrumsområda eller som trekkjast mot valdelege miljø og gjengar. Statsråden meiner tida er inne til å gjere ein ekstra innsats for desse ungdomsgruppene:
  • Det må byggjast nettverk som styrkar fellesskap og menneskeverd, og som bryt ned fiendtlege haldningar mellom grupper. Til sjuande og sist handlar det om å gje alle barn og unge trua på ein framtid, seier Valgerd Svarstad Haugland.

Priv. til red.:

Ein oversikt over tildelingane for 1998 til ungdomsprosjekt i Oslo følgjer vedlagt.

Mange av desse tiltaka og prosjekta gjer gode moglegheiter for reportasjar. For meir informasjon kan avisa kontakte den einskilde bydelsadministrasjon.

Storbymidlar 1998 - ungdomstiltak i Oslo

Byomfattande tiltak og prosjekt i 18 bydelar (til saman 4.550.000 kroner)

  • Konfliktrådet: Prosjektet «Konflikter fra problem til ansvar». Førebygging av vold og kriminalitet. Etablering av mobilt team med spisskompetanse i konfliktløysing (1 000 000 kroner).
  • Ungdom Mot Vold: «Gjengsplitting 2» (400 000 kroner).
  • Bydel Nordstrand: «Forebygge nasjonalisme» (400 000 kroner).
  • Oslo Røde Kors Internasjonale Senter: «Mødregruppe skole/hjem», «Møte mellom to kulturer» og «Flerkulturell informasjonstelefon» (til saman 900 000 kroner).
  • Uteseksjonen: «Alliert ungdom» (350 000 kroner).
  • Bydel Sogn: Fullført ungdomsstyring (300 000 kroner) og «Ungdomsprosjektet» (100 000 kroner).
  • Bydel Vinderen: «Opprustning av ungdomstilbudet» (100 000 kroner) .
  • Barne- og ungdomsrådet i Oslo: Databasert ungdomsinformasjon (200 000 kroner).
  • Ungbo: «Informasjon til unge i etableringsfasen» (300 000 kroner) og «Innvandrerprosjektet (180 000 kroner).
  • Bydel Ullern: «- Sollerud Kystkultursenter» (180 000 kroner)og «Rusforebyggende samtalegruppe (100 000 kroner) .
  • Bydel Bøler: Ungdomskafe (40 000 kroner).

Tiltak/prosjekt i dei sju prioriterte bydelane (til saman 5.935.000 kroner)

  • Bydel Sagene/Torshov: «Videreutvikling av områderettet satsing» (625 000 kroner) og «Ungdomspatruljen» (100 000 kroner).
  • Bydel Grunerløkka/Sofienberg: X-Ray Ungdomskulturhus (350 000 kroner), Non Fighting Generation (280 000 kroner), Slurpen (180 000 kroner), Radio Knockout (100 000 kroner) og «Ung i Sentrum» (170 000 kroner).
  • Bydel Gamle Oslo: FRIGO (Friluftsliv i Gamle Oslo): Aktivitetar i friluft for barn og unge i indre øst, utlån av utstyr (1 000 000 kroner) og «Sommerskolen» for framandspråklege elevar (100 000 kroner).
  • Bydel Søndre Nordstrand: «Leksestasjon på ungdomsskoler» (100 000 kroner), «Leksehjelp somalsk ungdomsgruppe» (100 000 kroner), «Mediaverksted for barn og unge» (300 000 kroner), «Integrering av innvandrerjenter i fritidsaktiviteter (50 000 kroner) og «Kultur-, spenning- og villmarksaktiviteter» (100 000 kroner).
  • Bydel Furuset: Furuset Ungdomssenter/Brakka Treningsgym (300 000 kroner), «Helgeåpent i fritidsklubbene» (100 000 kroner), Stovner Politi sitt «Tiltak for utsatte barn og unge» (100 000 kroner), «Leksehjelp» (100 000 kroner), «Hjem, skole, nærmiljø» (150 000 kroner) og «Miljøkafè» på Karihaugen (100 000 kroner).
  • Bydel Stovner: «Utvidet juniortilbud» (100 000 kroner), «Video/film og teatergruppe» (50 000 kroner), «Musikkopplæring» (100 000 kroner), «Sommeraktiviteter for barn og ungdom» (100 000 kroner), «Junior- og ungdomstilbud på Haugenstua Aktivitetshus» (100 000 kroner), «Lørdagsparty, Club Mixodrom» (100 000 kroner), Opplysningstjenesten «Ung Info» (100 000 kroner), «Pakistansk jentegruppe» Fossum Aktivitetshus (50 000 kroner), «Støttekontaktgruppe» (180 000 kroner) og Grendern Ungdomskafe (150 000 kroner).
  • Bydel Romsås: Romsås Nattkafe (100 000 kroner) og Bjøråsenprosjektet for ungdom i drift og forebygging av mobbing, hærverk og kriminalitet (400 000 kroner).

Informasjonssekretariatet, telefon 22 24 24 07

Lagt inn 21. april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen