Historisk arkiv

18,5 millionar kroner til byungdom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 99066
Dato: 23.07.1999

18,5 millionar kroner til byungdom

Barne- og familiedepartementet vil bruke 18,5 millionar kroner til ungdomstiltak i dei ni største byane i år. –Alt tyder på at storbymidlane har mange positive ringverknader, seier barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland.

Statsråden peikar på at pengane går til prosjekt som engasjerer ungdom, stimulerer integrering og førebygg rusproblem og rasisme. -Samtidig er det grunn til å tru at tiltaka også bidreg til å redusere kriminelle tendensar blant ungdom, seier Valgerd Svarstad Haugland.

Born og ungdom i dei større byane møter ofte særskilde problem eller utfordringar, og oppvekstkåra kan vere tøffe. Difor tok departementet initiativ til satsinga på ungdomstiltak i dei større byane. Målgruppa er all ungdom mellom 12 og 25 år.

- Tilskotet skapar kreativitet og aktivitet hjå ungdomen og høve for byane til å starte tiltak som kan løyse ein del av ungdomsproblema. I tillegg er det med på å sette ungdomspolitikk på dagsorden hjå dei kommunale politikarane, seier statsråden. Ho legg elles stor vekt på at ungdomen er ein viktig medspelar i planlegginga og gjennomføringa av dei ulike aktivitetane departementet løyver pengar til.

Oslo, Bergen, Trondheim, Drammen, Stavanger, Tromsø, Kristiansand, Fredrikstad og Skien får i år midlar frå Barne- og familiedepartementet.


Kontaktperson:
Informasjonssekretariatet, telefon 22 24 24 07

Lagt inn 29. juli 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen