Historisk arkiv

Fleire barnehageplassar: Stimuleringstilskot skal auka utbyggingstempoet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 088B/1999
Dato: 4. oktober 1999

Fleire barnehageplassar:

Stimuleringstilskot skal auka utbyggingstempoet

- Eit nytt stimuleringstilskot skal auka tempoet i utbygginga av nye barnehageplassar. Regjeringa vil gi eit tilskot på 10 000 kroner til kvar nye heildagsplass som blir etablert neste år, seier barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland.

Målet om full barnehagedekning står fast. Regjeringa reknar med at det blir etablert minst 6 000 nye barnehageplassar neste år. Ho legg til grunn at det er behov for omlag 4 000 nye barnehageplassar for barn over tre år for å nå full behovsdekning for denne aldersgruppa i løpet av neste år. Det føreset at utbygginga i 1999 går som planlagt.

Regjeringa tar sikte på at det blir etablert 2 000 nye plassar for den yngste aldersgruppa neste år. Nokre kommunar når full behovsdekning neste år også for dei minste borna, andre melder at dei treng noko meir tid for å nå målet.

- Framleis er det noko usikkert i kva grad kontantstøtteordninga påverkar etterspørselen etter barnehageplassar for dei yngste borna, men vi trur at behovet for barnehageplass for dei yngste er mindre etter at kontantstøtta blei innført, seier barne- og familieministeren.

Løyvinga til barnehagesektoren neste år er foreslått å auka med 10,5 prosent til 4,6 milliardar kroner.


Kontaktperson: Informasjonssekretariatet, tlf. 22 24 24 07

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen