Historisk arkiv

Fødselspengar til fedre: Sjølvstendig rett til opptening

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 088D/1999
Dato: 4. oktober 1999

Fødselspengar til fedre:

Sjølvstendig rett til opptening

Regjeringa vil innføra sjølvstendig rett til å tena opp fødsels- og adopsjonspengar for fedre med born fødd etter 1. juli 2000. – Dette er eit viktig likestillingspolitisk tiltak for å stimulera fedre til å ta meir omsorg for eigne born, seier barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland.

Forslaget er basert på at far kan motta fødselspengar ut frå eiga opptening og stillingsbrøk når mor etter fødselen arbeider i minst 75 prosent stilling eller tar utdanning på heiltid. Regjeringa ventar at forslaget vil føra til at fleire fedre enn i dag tar ut fødsels- eller adopsjonspengar, og at fleire tar permisjon utover fedrekvoten.

I dag er far sin rett til fødsels- og adopsjonspengar avleda av oppteningsgrunnlaget og rettane til mora.

Meirutgiftene er vurdert til om lag 90 millionar kroner årleg. Kostnadene kan berre reknast skjønnsmessig fordi det er vanskeleg å vita i kva grad fedre vil bruka dei nye rettane.


Kontaktperson: Informasjonssekretariatet, tlf. 22 24 24 07

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen