Historisk arkiv

Kutt i adopsjonsstøtta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 99065
Dato: 06.07.99

Kutt i adopsjonsstøtta

Foreldre som adopterer barn frå utlandet, får frå 15. juli i år 20 000 kroner i eingongsstøtte for kvart barn dei adopterer. Dette er 2 000 kroner mindre enn for dagens tilskotsordning.

I samband med revideringa av nasjonalbudsjettet vedtok Stortinget (fleirtal med Ap og H) å redusera løyvinga til foreldre som adopterer barn frå utlandet med 1,125 millionar kroner frå 13 millionar. I praksis fører dette til at storleiken på dagens tilskot blir sett ned. Difor må Barne- og familiedepartementet redusera tilskotet til kvar adopsjon med 2 000 kroner.

Statssekretær Odd Anders With i Barne- og familiedepartementet synest at det er uheldig at ein må redusera adopsjonsstønaden, men understrekar at departementet må halde seg til Stortinget sitt vedtak om å redusera budsjettramma. - Departementet har freista å få til ein så låg reduksjon som mogeleg, også av di slike endringar midt i året ikkje er å tilrå, seier Odd Anders With.

Norske familiar adopterer årleg i underkant av 600 barn frå utlandet.


Kontaktperson:
Informasjonssekretariatet, telefon 22 24 24 07

Lagt inn 6. juli 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen