Historisk arkiv

Kvinnene kan klaga krenking inn for FN

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 99112
Dato: 14.12.99

Kvinnene kan klaga krenking inn for FN

Som eit av dei første landa i verda underteikna Noreg nyleg tilleggsprotokollen til FN sin Kvinnekonvensjon. Protokollen gir rett til å klaga krenking av kvinner inn for FN sin kvinnekommite.

Denne signeringa er eit av elementa i det vidare likestillingsarbeidet for FN-landa. I 2000 er det fem år sidan FN sin kvinnekonferanse i Beijing. "Platform for Action" vart resultat av konferansen, og han skisserer tiltak på 12 sentrale område for å betra posisjonen og levekåra til kvinnene. Sentrale tema i handlingsplanen er til dømes ”vald mot kvinner, kvinner og økonomi og jentebarn”.

- Dersom alle landa tar denne planen på alvor, vil verda endra seg. Eg fryktar at sterke krefter ønskjer å vatne ut planen. FN må ikkje la det skje, sa likestillingsminister Valgerd Svarstad Haugland under eit møte med ei rekkje frivillige organisasjonar i Oslo den 10. desember. Tema for møtet var prosessen fram mot FN sin spesialsesjon i samband med at det er fem år sidan Beijing-konferansen.

Tyngdepunktet i det vidare arbeidet bør fokusera på metode og strategiar for gjennomføring, poengterer Svarstad Haugland.

Menneskerettsminister Hilde Frafjord Johnson meiner at høvet til å klaga krenkingar inn for FN vil er eit vesentleg bidrag til å styrkja kvinner sine menneskerettar.

- Vi må kunne venta at klagar til komiteen og deira rett til å undersøka vil auka medvitet om kvinner sine menneskerettar, framhevar Frafjord Johnson.

Statsrådane er opptatt av kva dei frivillige organisasjonane meiner Noreg bør fokusera på. På møtet statsrådane hadde med organisasjonar fortalte dei at regjeringa har sett av 200 000 kroner til organisasjonane si deltaking under Spesialsesjonen og dei førebuande møta som skal finna stad i Geneve og New York neste år.


Kontakt:
Informasjonssekretariatet tlf. 22 24 24 07

Lagt inn 14. desember 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen