Historisk arkiv

Likestillingslova er 20 år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Priv. til red. Invitasjon til jubileumskonferanse
Nr.: 99052
Dato: 07.06.1999

Likestillingslova er 20 år

Det er 20 år sidan likestillingslova og ombodsordninga trådde i kraft. Lova skal feirast med ein jubileumskonferanse med ei rad fagleg sterke foredragshaldarar. Statsminister Kjell Magne Bondevik opnar konferansen medan likestillingsminister Valgerd Svarstad Haugland avsluttar den.

Likestillingsombod Anne Lise Ryel vil i innlegget sitt fokusere på om lova og ombodet er nøkkelen til framgangen i likestillingsarbeidet. Tidlegare ombod Ingse Stabel ser historisk på ombodsordninga.

Men også leiarar i næringslivet vil komme med bidrag. Yngve Hågensen, leiar i Landsorganisasjonen, og Finn Bergesen jr., adm. dir i Næringslivets hovedorganisasjon, vil sjå på kva for utfordringar deira organisasjon står føre og korleis fremjar og hemmar likestillingsarbeidet og lova desse utfordringane.

Ansvarleg redaktør i Dagbladet Harald Stanghelle vil vurdere mediene og likestillinga under temaet Spegel - eller vrengjebilete?

Konferansen finn stad i Gamle Logen, Grev Wedels plass 2, Oslo, tysdag 8. juni.
(Sjå vedlegg)

Interesserte kan melde seg på hjå Catharina Darre Hirsch i Barne- og familiedepartementet på telefon 22 24 25 17.


Fagleg kontaktperson:
Sissel Frøberg, telefon 22 24 24 27

Lagt inn 7. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen