Historisk arkiv

Nye reglar for sjølvstendig næringsdrivande

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 99113
Dato: 15.12.99

Barnebidrag: Nye reglar for sjølvstendig næringsdrivande

Det nye milleniet startar med nye reglar for å rekne ut grunnlaget for barnebidrag for sjølvstendig næringsdrivande. Frå då av skal bidraget reknast ut frå næringsdrivande si personinntekt, tidlegare var den basert på netto næringsinntekt.

Barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland peikar på at netto kapitalinntekter over 10 000 kroner er med i utrekninga for alle. I tillegg skal kapitalinntektsdelen av næringsinntekta reknast med.

- Dei nye reglane er basert på den såkalla skatteutrekningsmodellen, og resulterer i ei meir rettferdig fastsetjing av bidraget ved at modellen tek omsyn til om verksemda er kapitalkrevjande eller ei, seier statsråden. Ho understrekar at modellen jamstiller næringsdrivande, lønsmottakarar og bidragspliktige som driv i ulike selskapsformer i større grad enn før.

Ein kan søkje trygdekontoret om å endre bidraget. Dersom endringa utgjer meir enn 10 prosent i forhold til løpande bidrag, skal bidraget endrast.

Reglane for i kva tilfelle bidraget skal fastsetjast ved skjøn når ein av partane har tilknyting til utlandet, vil også bli endra. Denne endringa kan føre til at også ein part som arbeider og betaler skatt i utlandet kan få bidraget sitt fastsett ved skjøn, i likskap med dei tilfella der ein av partane bur i utlandet.

Denne endringa må ikkje forvekslast med modellen for å rekne ut barnebidrag som vil komma i løpet av 2000.

Endringsforskriften er av 21. oktober 1999 og lyder :

I

Forskrift av 20. mars 1989 nr 785 endrast slik:

§ 2 andre stykket skal lyde:
Dersom den tilskotspliktige er sjølvstendig næringsdrivande, skal kapitalinntektsdelen av næringsinntekta reknast med i kapitalinntekta. Kapitalinntektsdelen er næringsinntekt minus utrekna personinntekt, underskott i næring i inntektsåret, framført underskott frå tidlegare år og godtgjering for arbeid til deltakar i deltakarlikna selskap.

§ 4 bokstav i skal lyde:
i. ein av partane er busett eller arbeidar og betalar skatt i utlandet, og eit prosentutrekna tilskot vil verke klårt urimeleg som følgje av at tilhøva i vedkommande land er vesentleg ulike norske tilhøve.

II

Forskrifta her tek til å gjelde 1.januar 2000.
Trygdekontoret kan gi meir informasjon om endringane.


Kontakt:
Informasjonssekretariatet tlf. 22 24 24 07

Lagt inn 15. desember 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen