Historisk arkiv

Nye satsar for livsopphald

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 99063
Dato: 29.06.99

Nye satsar for livsopphald

Gjeldsordningslova

Barne- og familiedepartementet har bestemt at dei rettleiande satsane for livsopphald i saker etter gjeldsordningslova skal aukast i same takt som grunnbeløpet i Folketrygda.

Frå 1. mai ser dei nye satsane slik ut:

Per månad per år
Einslege kr 5 428,- kr 65 136,-
Ektef./sambuarar kr 9 190,- kr 110 280,-
Ektef./sambuarar (per person) kr 4 595,- kr 55 140,-

Barne- og familiedepartementet presiserer at satsane berre er rettleiande. I følgje gjeldsordningslova skal det i kvar einskilt sak gjerast ei skjønnsmessig vurdering av behovet for støtte til livsopphald.


Kontaktperson:
Informasjonssekretariatet, telefon 22 24 24 07

Lagt inn 29. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen