Historisk arkiv

Oslo har flest gjeldsforhandlingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 99033
Dato 07.04.99

Oslo har flest gjeldsforhandlingar

Ferske tal frå Brønnøysundregistra viser at det er opna 7 748 gjeldsforhandlingar frå januar 1995 og ut februar i år. Oslo har flest gjeldsforhandlingar årleg per 1000 innbyggjarar. - Skilnaden på mengda av saker er uventa stor mellom fylka, seier barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland.

Gjeldsordningslova trådde i kraft 1. januar 1993, og sidan då har det vorte gjennomført om lag 13 496 gjeldsforhandlingar. Statsråd Svarstad Haugland meiner talet er som venta.

Derimot reagerer ho på den store skilnaden mellom fylka. Oslo toppar statistikken med 1 275 opna saker frå 1995 til februar i år. Dette gir 0,88 saker per 1000 innbyggjarar per år. Dette er meir enn fire gonger så mange som i Sogn og Fjordane med sine 0,21 saker per 1000 innbyggjarar. Landsgjennomsnittet er 0,55. - Dei fleste gjeldstilfella finn ein i dei største byane. Dette viser at gjeldsproblema m.a. er knytt til høge bustadprisar i dei større byane, seier forbrukarstatsråden.

Valgerd Svarstad Haugland meiner det er veldig vanskeleg å seie noko om korleis utviklinga vil bli. Ho slår fast at det til vanleg tar lang tid frå ein familie først møter dei økonomiske problema til gjeldsforhandling vert opna. - Folk prøver så lenge dei kan å løyse dei økonomiske problema sine, seier statsråden. Svarstad Haugland gler seg derimot over nedgangen i saker siste året.

Den fylkesvise oversikta over talet på opna gjeldsforhandlingar etter gjeldsordningslova kan ein finne på Internett under følgjande adresse:

linkdoc004005-070296#docodin.dep.no/bfd/prm/1999/k2/990407v.html

Lagt inn 7. april 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen