Historisk arkiv

På tide med sterkare tiltak for likestilling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr.: 99091
Dato: 18.10.99

Endringar i likestillingslova ut på brei høyring:

- På tide med sterkare tiltak for likestilling

- Vi må ta i bruk sterkare verkemiddel for likestilling. Utviklinga går for seint, seier barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland. Forslaga om endringar i likestillingslova går no ut til brei høyring. Regjeringa vil m.a. utvida retten til lik løn for arbeid av lik verdi. Regjeringa vil óg innføra tiltak for å sikra fleire kvinner plass i styreromma.

- Slik praksis er i dag er den lovfesta retten til lik løn for arbeid av lik verdi ikkje tilstrekkeleg til å fjerna den diskrimineringa som finn stad ved ulik verdsetjing av manns- og kvinnedominerte yrke, fastslår Valgerd Svarstad Haugland.

Regjeringa går inn for ei endring slik at arbeidstakaren kan krevja fastsetjing av lik løn for arbeid av lik verdi også på tvers av faggrenser og tariffavtaler. - Arbeidsvurdering vil vera eit middel til å effektivisera ein slik regel, seier Svarstad Haugland.

Likestillingslova krev at begge kjønn skal vera representert med minst 40 prosent av medlemene i alle styre, råd og utval som er oppnemnd av det offentlege.

- Dette har vist seg svært effektivt. Derimot er det altfor få kvinner i styre for private og halvoffentlege bedrifter. Regjeringa ønskjer ein viss minsterepresentasjon av begge kjønn også i delvis offentleg eller privat oppnemnde styre. I fyrste omgang kan ein ta sikte på eit krav om minst 25 prosent av kvart kjønn, men i eit lengre perspektiv må kravet aukast til 40 prosent, seier barne- og familieminister Svarstad Haugland.

Høyringsforslaget omfattar fleire aktuelle forslag om reglar som kan sikra ein meir likeverdig kjønnsrepresentasjon. Regjeringa vil venta på innspel i høyringsrunden før den tek endeleg stilling til val av framgangsmåte.

Høyringsfristen er sett til 1. februar 2000.

-----

Priv. til red.:
linkdoc004005-070338#docVedlagt følgjer ein oversikt over dei viktigaste forslaga til endring av likestillingslova.


Kontaktperson:
Informasjonssekretariatet, tlf. 22 24 24 07

Lagt inn 18. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen