Tryggare handel over internett
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Barne- og familiedepartementet
Pressemelding | Dato: 25.11.1999 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 99106
Dato: 25.11.1999
Tryggare handel over internett
Det blir sikrare å handla over internett etter at Forbrukerrådet og e-forum har lansert tryggleiks- og kvalitetsstempelet N-SAFE. Merket vil gjera det trygt å handla hjå norske kjøpmenn på internett og sikra forbrukarane sine rettar. Forbrukarminister Valgerd Svarstad Haugland helsar merkinga velkomen.
- Mange forbrukarar har vore avventande til handel via internett mellom anna fordi dei ikkje føler det er trygt å betala varene elektronisk. Ved å innføra dette tillitsmerket blir det lettare å skilja ut useriøse aktørar og butikkar som ikkje tilfredstiller krava til trygg handel, seier Svarstad Haugland.
Forbrukerministeren peikar på at N-SAFE-merket også vil auka personvernet. Dei elektroniske varehusa må følgja konkrete krav når det gjeld registrering, lagring og bruk av personopplysningar i marknadsføringa. - At partane tar ansvar gjennom sjølvregulering vitnar om seriøse aktørar, understrekar ho.
Det er e-forum, interesseorganisasjonen for nettbutikkar, og Forbrukerrådet som har tatt initiativ til merkeordninga. Disse har også utarbeida krava som må vera oppfylt for å få nettmerket.
Kontaktperson: Informasjonssekretariatet 22 24 24 07
Lagt inn 25. november 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen