Historisk arkiv

Valgerd Svarstad Haugland opna seminar om unge innvandrarar: - Må møte utfordringane med dialog og samarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 12/99
Dato: 28. januar 1999

Valgerd Svarstad Haugland opna seminar om unge innvandrarar:

- Må møte utfordringane med dialog og samarbeid

- Vi må bli betre til å informere og få til ein levande dialog med foreldre, ungdom og dei som arbeider med innvandrarungdom, sa barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland då ho i dag opna fagseminaret «Lovverk og straffereaksjonar, hovudfokus retta mot arbeid med unge innvandrarar».

Seminaret kom i stand etter initiativ frå fleire innvandrartiltak som Barne- og familiedepartementet har støtta økonomisk. Det blei arrangert av Oslo Røde Kors Internasjonale Senter i samarbeid med departementet.

Her deltok m.a. representantar frå innvandrarorganisasjonar og fleire offentlege etatar. Hovudmålet var å utveksla informasjon, til dømes om tiltak overfor unge lovbrytarar, ekteskapslova, reglar og tiltak mot tvangsekteskap og reglar for familiesameining.

Statsråden understreka at arbeidet for born og unge med flyktninge- og innvandrarbakgrunn har høg prioritet for Regjeringa:

- God informasjon og kunnskap om det norske samfunnet er viktig for å styrkja integrering og deltaking, men informasjon aleine er ikkje nok, sa ho. - Det er gjennom dialog og samhandling at respekt for eit fellesskap med plass til alle kan utviklast. Ho peika på at nokre av dei viktigaste tiltaka for å førebyggja vald og kriminalitet i ungdomsmiljøa har blitt til etter initiativ frå ungdom med innvandrarbakgrunn. Det viser oss kor naudsynt det er med ein aktiv dialog, seier statsråden.

Med på seminaret var leiaren for politiet i Quetta i Pakistan, Mohammed Akram, som fortalde om pakistansk lovverk i samband med dei ulike emna på seminaret. Han tok òg for seg tiltak og straffereaksjonar overfor unge lovbrytarar, og peika særleg på det ansvaret foreldra og skulen tek for unge i Pakistan.

Lagt inn av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen