Historisk arkiv

Vi treng utålmodig ungdom!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding
Priv. til red.:

Nr. 99010
Dato 27.01.99

Valgerd Svarstad Haugland opna Ungdommens demokratiforum:

- Vi treng utålmodig ungdom!

Medlemmane av Ungdommens demokratiforum er i dag samla for aller fyrste gong. - Dette er starten på noko nytt og spanande. Som barne- og ungdomsminister har eg sett fram til denne dagen, sa Valgerd Svarstad Haugland i opningstala si til det truleg fyrste ungdomsforumet i verda i sitt slag.

Ungdommens demokratiforum er etablert for å gi unge større makt og påverknad i samfunnet. Utvalet er sett saman av unge i alderen 15 til 26 år frå ulike miljø, landsdelar og organisasjonar. Noreg er truleg det fyrste landet i verda som har oppretta eit slikt ungdomsforum på statleg nivå.

- Det har allereie vore stor interesse frå andre land for at vi opnar fleire dører for ungdom si deltaking i samfunnet, seier Valgerd Svarstad Haugland, som skal ta i mot innspela frå dei unge undervegs i arbeidet deira. Innspela kan handla om korleis unge kan få meir å seia om alt frå miljø, skule, utdanning, kultur og arbeidshøve, til vald, mobbing, rus, rasisme og kriminalitet.

Ho erkjenner at unge framleis har for liten innverknad på avgjerdsprosessar, trass i at det er ti år sidan vi fekk rikspolitiske retningslinjer for å styrkja born og unge sine interesser i planlegginga. FN sin barnekonvensjon er òg ti år i år, peiker ho på: Den seier klårt frå at born har rett til å seia meiningane sine og bli høyrde i saker som gjeld dei. - Men berre rundt hundre norske kommunar har til no satsa aktivt på medverknad frå barn og unge. Difor treng vi utålmodig ungdom som vil vera med på å påverka utviklinga framover, seier statsråden, som lovar at Ungdommens demokratiforum ikkje vil bli noko papirforum.

Priv. til red.:

Leiaren for Ungdommens demokratiforum er Maren Hersleth Holsen (22) frå Eidsberg i Østfold. Ho er bygdepolitisk nestleiar i Noregs Bygdeungdomslag og kan treffast på tlf. 93 00 14 49 eller 22 05 48 00.

Pressa er og velkomen til intervju etter utvalet sitt møte onsdag, kl.14.00 (R5/Akersgt.59).


Kontakt: Informasjonssekretariatet tlf. 22 24 24 07

Lagt inn 27. januar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen