Historisk arkiv

Barnehagen som ein del av eit godt oppvekstmiljø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Barnehagen som ein del av eit godt oppvekstmiljø

Innlegg på avslutningskonferansen i Utviklingsprogrammet for barnehagesektoren,
Quality Kristiansand hotell, tirsdag 21. oktober 1997

Kjære forsamling,

Innleiing

Først vil eg seia at det er ei stor ære og glede for meg å få vera til stades her i dag og få høve til å tala til dykk som noko av det første eg gjer som barne- og familieminister. Familie- og oppvekstpolitikken er eit høgt prioritert område for Regjeringa. Som de kjenner til, ønskjer vi å leggja nye element inn i familie- og oppvekstpolitikken slik at småbarnsforeldra skal få endå betre mogelegheiter til å klare alle oppgåvene dei har i ein tøff kvardag.

Gode barnehagar til alle som ønskjer det, er ein viktig lekk i den oppvekstpolitikken regjeringa vil føre. Og her i salen framføre meg sit folk frå kommunar, frå fylkesmannsembeta og frå andre instansar med stor kunnskap og mykje erfaring på dette viktige området. Eg har stor respekt for det arbeidet de alle - kvar på dykkar plass - gjer med å utvikla barnehagane kvalitativt og kvantitativt til beste både for borna og foreldra.

Eg er glad for at eg fekk høve til å vera med på konferansen der Utviklingsprogrammet for barnehagesektoren formelt skal avsluttast. Det arbeidet som har vore lagt ned i dette programmet er følgd med interesse av svært mange, både i politiske og faglege krinsar. Sjølv kjenner eg naturleg nok Utviklingsprogrammet gjennom det politiske arbeidet i Stortinget og i Kristeleg Folkeparti. Eg er glad for å kunna slå fast at det var full støtte til å setja i gang dette programmet også frå sentrumspartia i Stortinget. Det har altså ikkje vore strid om dette programmet mellom den forrige regjering og dei partia som nå har overteke regjeringsmakta. Eg synes det i seg sjølv er ein styrke.

Utviklingsprogrammet starta i 1995 med opningskonferanse i Haugesund 7. og 8. juni og har hatt ein programperiode på tre år. Sidan da har det gått føre seg eit verdfullt arbeid, ikkje minst i dei 50 kommunane som har teke del i programmet. Og no er vi komne til avslutninga med eit program for konferansen der viktige erfaringar skal formidlast. Men formidling av kunnskap og erfaringar er sjølvsagt ikkje ferdig gjort med denne konferansen. Det arbeidet vil halda fram på ulike vis også i tida framover.

Regjeringa sin familie og barnehagepolitikk

Det politiske grunnlaget som regjeringa byggjer sitt arbeid i barnehage- og familiepolitikken på, har som utgangspunkt at familien er den grunnleggjande sosiale eining i samfunnet. Ein politikk som har som siktemål å styrke situasjonen for familien, vil og gjera storsamfunnet betre å leva i og vil dermed medverka til å sikra eit godt oppvekstmiljø for born og unge. Men familien skal ikkje stå åleine om ansvaret. Arbeidet for å styrke familien inneber også ei plikt for samfunnet til å ha ordningar som sikrar fullverdige tilbod om omsorg og gode oppvekstvilkår i situasjonar der heimen ikkje maktar å ta hand om omsorgsoppgåvene.

Familiepolitikk og likestillingspolitikk heng saman. Regjeringa vil arbeida for ein familiepolitikk som styrker likestillinga i samfunnet, og gir menn og kvinner reelle mogelegheiter til å delta på like fot både i arbeids- og organisasjonslivet og i familielivet. I regjeringa sitt grunnlagsdokument frå Voksenåsen er det lista opp tre viktige punkt som føresetnader for auka valfridom og auka likestilling:

  • at barnefamiliane har økonomi til å velje omsorgsform
  • at dei som ønskjer det, kan få barnehageplass
  • at det blir gitt høve til fleksible arbeidstidsordningar.

Det som er viktigast for meg å seie litt meir om her i dag, er barnehagane og kontantstøtta:

Det politiske grunnlaget for sentrumsregjeringa viser at vi vil gå inn for visse reformer når det gjeld familiane sin sjanse til å velje omsorgsform for småborna. Dette inneber ei satsing på auka utbygging av barnehagar parallelt med å betra dei økonomiske vilkåra for barnefamiliane. I tillegg må det bli lagt opp til større fleksibilitet i arbeidslivet. For å vinna erfaring med dette vil vi setja i gang ulike forsøksordningar med redusert arbeidstid.

Kontantstøtte til familiar som ikkje nyttar barnehagetilbod er ein merkesak for regjeringa. Valfridom betyr val mellom barnehage og kontantstøtte slik at familiane kan velja omsorgsform for borna sine. Mange ynskjer å vera heime med borna sine, spesielt når dei er små. Ordninga skal innførast gradvis og gjelde for barn frå 1 til 2 år frå august 1998 og for barn frå 2 til 3 år frå januar 1999. Summen i kontantstøtte for kvart barn skal vera det same som statstilskottet for ein heildags plass i barnehage. Familiane kan så sjølv velja om dei vil nytta kontantstøtta til barnehageplass, til andre omsorgsløysingar eller kombinasjonar mellom barnehage og andre løysingar. Eit prinsipp for kontantstøtta vil vidare vera at den vert avkorta for dei som har deltids barnehageplass.

Ordninga vil evaluerast. Dei erfaringane som då kjem fram, vil vere viktig både for innrettinga og den vidare opptrapping for nye årskull. Vurdering av fordelingsverknader og verknader for likestilling er blant momenta som ei evaluering må omfatta.

Samtidig med at vi innfører kontantstøtte, er det viktig å understreka som regjeringas politikk, at vi held fast på målet om full barnehagedekning innan år 2000. I vårt politiske grunnlag (Voksenåsenerklæringen) går vi inn for å auke det statlege driftstilskottet til barnehagane. Vi vil også vurdere om det er tenleg med ytterlegare ordningar for å stimulera til fleire barnehageplassar. Barnehagar er eit godt pedagogisk omsorgstilbud. Ved sida av auka utbygging slik at det blir nok barnehageplassar til alle som ønskjer det, vil vi at barnehagane skal vera fleksible i høve til kva familien treng. Og dette er jo nettopp eit av formåla med Utviklingsprogrammet. Barnehagane må utviklast slik at opphaldstider, organisering og innhald tilfredsstiller det brukarane ønskjer. Erfaringane frå Utviklingsprogrammet vil vera viktige i forhold til å nå desse måla.

Noko av det aller første vi i den nye regjeringa må ta fatt i er justeringane i statsbudsjettet for 1998. Som alle kjenner til, er forslaget til statsbudsjett for 1998 lagt fram av den regjeringa som no er gått av. Dette er det vanlege når det blir regjeringsskifte som konsekvens av eit stortingsval. Sentrumsregjeringa vil om kort tid leggja fram eit tillegg til stortingsproposisjon nr 1 med forslag om tiltak eller endringar i statsbudsjettet for å setja sitt preg på dette. Eg kan - av grunnar som de lett skjønar - ikkje seia noko meir konkret i dag om kva dette vil gå ut på.

Å innføra kontantstøtte er ei viktig reform som regjeringa vil gå inn for. Men samstundes vil eg som ei oppsummering av regjeringa Bondevik sin barnehagepolitikk, slå fast at viktige sider ved eksisterande barnehagepolitikk vil bli ført vidare. Det har vore brei oppslutnad i Stortinget om mange tiltak som er viktige for barnehagesektoren - tenk berre på innføringa av Rammeplanen for barnehagen!

Det er også grunn til å slå fast at det gjennom 90 åra har vore eit tverrpolitisk mål å skape eit samfunn der barnefamiliane har så gode føresetnader som mogeleg til å løysa oppgåvene sine i kvardagslivet. Denne retninga for familiepolitikken vil vi i den nye regjeringa forsterka og utvikla vidare. Offentlege ordningar skal supplera og støtte opp om foreldra sine oppgåver med å gi best mogeleg omsorg og oppvekstvilkår for borna og gode levekår for familien som heilskap.

Det er gjennomført fleire reformer på 90-talet for å møta behovet for at barn og foreldre kan ha meir tid saman. Med brei politisk oppslutnad er til dømes fødselspermisjonen utvida frå 18 til 42 veker og ein tidskontoordning som gir foreldra sjans til å ta ut permisjonen på ein fleksibel måte er innført. Erfaringane er at stadig fleire foreldre gjer seg nytte av fleksibiliteten som ligg i ordninga for å ta ut fødselspermisjonen, og det samme gjeld fedrene sin bruk av sine permisjonsrettar. Regjeringa vil føra arbeidet med utvida permisjonsordningar ved fødsel vidare og særleg leggja vekt på å betre far sin mogelegheit til å ta ut permisjon.

Nitti-åras satsing på barnehageutbygging har vore sterk, noko som er heilt naudsynt dersom målet om full barnehagedekning skal vere nådd innan år 2000. Som eg alt har nemnd, vil regjeringa sjå på kva for tiltak som er tenlege for å stimulere utbygginga. Det er framleis store skilnader i dekningsgrad frå kommune til kommune, vi finn variasjonar i dekningsgrad for 1 - 5-åringar frå 30 - 40 prosent opp mot 90 prosent. I mange kommunar står det derfor att ei god del utbygging før alle som ønskjer barnehageplass, kan få det.

I debatten om kontantstøtte har vi stundom høyrt at kontantstøtte vil ramma barnehageutbygginga og at kontantstøtte derfor er å nedvurdera barnehagane sin viktige rolle for barna sin eigen del. Eg vil nytta høvet til å avliva slike mytar. Regjeringa satsar ikkje på enten kontantstøtte eller barnehagar, men på begge delar. Det er foreldra som skal ha betre høve til å velje. Det er heller ingen tvil om at barnehagar er bra for barn. Alle born - når foreldra ønskjer det - skal kunne få tilgang til det pedagogiske tilbodet som barnehagen representerer. Barnehagen er eit viktig supplement til foreldra sin omsorg, den gir barna viktige opplevingar, erfaringar og kunnskap. I barnehagen lærer barn å ta omsyn til kvarandre og dei utviklar si eiga evne til å ta del i eit sosialt fellesskap. Barnehagane er også eit svært verdfullt tilbod til barn med funksjonshemmingar og for barn med innvandrarbakgrunn. Barnehagen er også et av dei viktigaste førebyggande tiltaka i barnevernet.

Først og fremst er det brukarane, barna sjølve og familiane som har nytte av barnehagane. Men barnehagen fremjer også andre mål i samfunnet. Den er viktig for at einslege sørgarar skal kunne vera i arbeid . Barnehager må også vera til for at kvinner og menn på like fot kan ta del i yrkes- og samfunnsliv. Barnehagen har også stor verdi for næringsutvikling og busetting i alle delar av landet vårt.

Utviklingsprogrammet

Det er altså mange gode grunner for at barnehagetilbodet må utvidast og utviklast. Her har Utviklingsprogrammet for barnehagesektoren teke for seg viktige utfordringar som sektoren står over for. Utfordringane heng mellom anna saman med utvida permisjonsordningar og ikkje minst Reform 97. Vi kjenner dei sentrale spørsmåla i programmet:

  • Korleis kan fleire barn under 3 år få tilbod om barnehageplass?
  • Korleis kan vi organisera barnehagane slik at de blir betre tilpassa brukarane sitt behov?
  • Korleis kan vi dempa kostnadsveksten i barnehagesektoren når talet på born under tre år aukar ?

Resultata og erfaringane som er komne gjennom utviklingsarbeidet dei siste tre åra vil sjølvsagt vera av stor interesse og nytte for oss i den nye Regjeringa. Det faktum at erfaringane bygger på kommunene sine eigne idear og tiltak, gjer dette spesielt interessant og viktig. Og de som har arbeidd med dette og stått i spissen for utviklingsarbeidet, vil vera viktige informantar i arbeidet som ligg føre oss.

Når det gjeld dei spørsmåla som er knytt til barnehageutvikling, finst det ikkje eintydige svar. Det nokon kan synast er eit stort problem, er for andre ikkje eksisterande. Vi snakkar derfor om eit mangfald av løysingar, avhengig av lokale forhold.

Men vi veit at mange kommunar har kome fram til løysingar og arbeidsmetodar som gir gode resultat i forhold til utfordringane i eigen kommune. Dette arbeidet vil interessera mange og ha stor overføringsverdi.

Eg ser av programmet at kommunane sine eigne resultat og erfaringar skal ha stor plass på denne konferansen. Det blir spanande å få høyra om dette direkte frå dykk som er involvert i arbeidet.

Sjølv om vi no er samla til den formelle avslutninga av Utviklingsprogrammet er det viktig å merke seg at arbeidet med de sentrale spørsmåla ikkje er over.

Barnehagesektoren må alltid vera i utvikling i takt med behova til familiane og samfunnet. Søkelys må rettast både mot dei kvalitative og dei kvantitative sidene ved barnehagedrift, og kommunane og staten må framleis dra lasset saman.

Kommunen har eit spesielt ansvar både som eigar av barnehagar og som lokal myndigheit for sektoren. Som eigar har kommunen dei same plikter og rettar som andre eigarar, og dei må tilfredsstilla dei krava som barnehagelova og anna regelverk gir.

Som myndigheit har kommunen ei sentral rolle etter barnehagelova. Det er kommunane som godkjenner alle barnehagar, fører tilsyn med drifta og gir rettleiing om korleis reglane skal forståast.

For at kommunane skal nå dei måla dei set seg, er det viktig å ha ein barnehageplan som er nedfelt i overordna økonomiske planar. Det er ein styrke at barnehageplanen er basert på undersøkingar blant barnefamiliane i kommunen og deira trong for barnehageplassar.

Overslag over behovet på landsbasis er ikkje det same som det behovet som finst i kvar einskilt kommune. Det er sjølvsagt dei lokale forholda som må styra utbygginga. Mange faktorar tel med i vurderinga av behovet, mellom anna demografiske forhold, yrkesaktivitet blant småbarnsforeldre osb. Ein viktig del av kommunane sitt arbeid for å nå målet om full barnehagedekning er som nemnd å få opplysningar frå brukarane om det reelle behovet for talet på plassar og kva slags plassar det er behov for i kommunen. Ergoplan si statusgransking i april -96 viste at minst 35 av kommunane som er med i Utviklingsprogrammet har gjennomført behovsundersøkingar i løpet av 90 åra. Det er viktig at kommunane har mest mogeleg oppdatert kunnskap om behovet. Ei ordning med kontantstøtte vil gjera behovet for dette endå sterkare.

Eg veit at fleire av dykk har arbeida i nettverk med tema strategi og prosess i forhold til barnehageplanlegging. Rapporten frå dette arbeidet er etterspurd og formidla vidare til mange. Dette syner at de sit inne med viktig kunnskap som mange har bruk for, og at de er ein ressurs med omsyn til å få spreidd erfaringar på området.

Planar og planlegging er sjølvsagt ikkje noko sesam-sesam. Men god planlegging er eit reiskap for å sikre systematisk utvikling av feltet i samsvar med de overordna måla som til kvar tid er sett. Det er viktig å ha ein klar strategi om kommunen sitt overordna ansvar for den samla utbygginga, utan omsyn til om det er kommunen sjølv eller private som eig og driv barnehagane. Samordning mellom den kommunale og private verksemda er viktig og kan gi gevinstar for alle involverte partar.

Gjennomføringa av senka skulestart denne hausten frigjorde 24 000 barnehageplassar. Vi kunne ikkje venta at alle desse plassane skulle bli plassar for småbarn, og det var grunn til å frykta ein viss grad nedlegging av plassar.

Så langt ser det ut til at dei fleste plassane framleis er i bruk, men det er behov for ytterlegare nye etableringar, særleg plassar til dei yngste borna.

Vel halvparten av barnehagane våre er private. Vi veit at det er store skilnader i foreldrebetalinga mellom heilt private, kommunale og private barnehagar med kommunale vilkår. Familiar som ikkje får kommunal plass og har beskjeden inntekt, kan koma i klemme og måtte seia nei til privat plass av økonomiske grunnar. Men også foreldrebetalinga i kommunale barnehagar er på veg til å bli uakseptabelt høg ein del stadar. Særleg vanskeleg er dette for familiar med dårleg økonomi. Innvandrarane er ei stor gruppe blant desse. Vi veit at det allereie i dag er mange familiar med låg inntekt som ikkje søker om barnehageplass fordi foreldrebetalinga er høgare enn dei har råd til. Mangelen på samarbeid mellom private barnehagar og kommunane er spesielt uheldig no som talet på småborn aukar i barnehagane. Dei private barnehagane er blitt enno meir sårbare reint økonomisk etter at 6-åringane gjekk over i skulen. For mange private barnehagar som berre har statstilskot og foreldrebetaling som inntekt, er det eit stort kostnadsproblem å nytta de frigjorde plassane etter 6-åringane til småbarnsplassar. Innsats frå private eigarar har alltid vore viktig for utbygginga på sektoren. Å leggje til rette rammevilkåra for stabil drift av private barnehagar er ei av de største utfordringane framover. Regjeringa legg stor vekt på private barnehagar også i framtida.

Kommunane må derfor vurdere det samla barnehagetilbodet i kommunen:

Kva har vi, kva treng vi i framtida, kva skal vera kommunen sin innsats? Kva kan bli gjort for å sikre dei økonomiske føresetnadene for å halda oppe privat drift når talet på småbarn i barnehagane aukar? Dette er spørsmål som vi ikkje fullt ut har svar på i dag. Men det kan bli behov å endra både dei økonomiske og lovmessige verkemidla, ikkje minst når utbyggingsmålet er nådd.

Når ein talar om å dempa kostnadsveksten blir dette av mange sett på som ein trussel for kvaliteten i barnehagen. Det er derfor viktig at vi også har fått nokre døme på korleis kommunar har arbeidd for å halde utgiftene i sjakk, samtidig som dei er opptekne av kvaliteten. Her er det interessant å sjå korleis kommunane kan nytta seg av brukarundersøkingar både blant foreldre - og faktisk barn - for å få eit bilete av korleis brukarane opplever tilbodet dei får. Eg er glad for at Utviklingsprogrammet har sett søkjelyset på kvalitet, og det i et omfang og med ulike innfallsvinklar som aldri før har vore gjort.

Det er mogeleg å dempa kostnadsveksten utan at det går ut over kvaliteten. Spørsmålet er kva for slags strategiar ein skal velje, og korleis kvalitet kan definerast. Ein ting er sikkert: Det er ikkje mogeleg å få eit godt grep om dette utan å involvera dei som arbeider i barnehagane. Styrarane må få naudsynleg myndigheit, fridom og støtte i det endringsarbeidet som må til. Det ser ut som om at der ansvaret både med å ta opp born og ha hand om budsjettet er delegert til den einskilte barnehagen, er dei som har fått til best brukartilpasning utan å auke kostnadene.

Men vi må ikkje gløyme at kunnskap og kompetanse er klare føresetnader for eit vellukka utviklingsarbeid. Dette har hatt ein framskoten plass i Utviklingsprogrammet. Kompetanseutvikling kan skje på mange måtar, men uansett bør dette inn i opplæringsplanane som kommunane utarbeider.

Til slutt vil eg slå fast:

Foreldreansvaret og foreldreretten er viktige element i Regjeringa sin familiepolitikk. Familien er samfunnet si grunnleggjande eining som skal verta støtta opp om ved hjelp av ulike innsatsområde. Barnehagen er ein samfunnsinstitusjon og et velferdsgode som er ein viktig del av eit godt oppvekstmiljø. Det mandatet barnehagen har for verksemda si er nedfelt i lov og rammeplan med pliktar både for kommunane, private som eig og driv barnehagar og den einskilte barnehagen. Det er viktig at lova gir fleksibilitet for barnehageeigarane til å gi retningslinjer i samsvar med lokal tilpasning.

Sentrumsregjeringa vil byggja vidare på grunnlaget som er lagt i utviklinga av barnehagesektoren. Men Regjeringa er oppteken av å utvikla familiepolitikken som heilskap, der barnehagane er ein viktig del, men der kontantstøtte , utvida permisjonsordningar for både mor og far også vil vera viktig for velferden til familiane.

Vi treng eit nært samarbeid med kommunane og er opptekne at det skal vera ein open dialog mellom oss og dei reformane tek sikte på å nå.

Eg takker alle som har arbeidd innafor ramma av Utviklingsprogrammet for verdfull innsats og ønskjer lykke til med konferansen. Eg er sikker på at konferansen vil gi viktig kunnskap for å gjera barnehagane endå betre - til beste for borna.

Lagt inn 21 oktober 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen