Historisk arkiv

Organisering av og utfordringer for likestillingsarbeidet mot år 2000

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland
Landskonferansen for kommunale og fylkeskommunale likestillingutval, Rica Hotell, Oslofjord, 10 november

Organisering av og utfordringer for likestillingsarbeidet mot år 2000

Innleiing

Det er ei glede for meg å kunne opne denne konferansen, med så mange likestillings-engasjerte frå heile landet. For meg er dette første høvet til å leggje fram regjeringas likestillingspolitikk for ei stor - og lydhøyr - forsamling. Korleis vi kan få ein aktiv likestillingspolitikk utover heile landet er regjeringa opptatt av.

Fundament

Mange innlegg i avisene dei siste vekene har dreidd seg om frykta for tilbakeslag i likestillinga når vi tek over i regjeringskontora. Det er ingen grunn til det. Tvert imot.

Regjeringa har ein rekordhøg kvinnedel, 47%. Ein rådgjevar ved Statsministeren sitt kontor har likestilling som hovudansvarsfelt. Dette er ei politisk styrking og oppgradering av likestillingsarbeidet. I tillegg held likestilingsarbeidet i departementa fram som før.

Regjeringa vil føre likestillingspolitikken vidare, men vi vil og utvide og utdjupe den. Regjeringa vil arbeide for likestilling og likeverd.

Likestilling gjeld meir enn å telje kvinner og menn. Det handlar og om kvalitative verdiar og kva slags samfunn vi ønskjer. Vi ønskjer eit mjukare samfunn som gir likeverdige kår for så vel kvinnelege og mannlege verdiar og val. Det inneber ei frigjering av likestillingspolitikken frå den einskapstvangen han på mange måtar er underlagt i dag.

På mange område er kvinnene kanskje meir likestilte enn menn. Sjølv om dei er for få, så kan kvinner ha leiarstilling i næringslivet. Kvinner er i fleirtal ved høgskular og universitet. 56 prosent av studentane er kvinner (1995). Privat greier og kvinner seg godt - dei kjøper leilighet og bil sjølve. I dag sit jenta heller ikkje og ventar på at mannen skal kome å skifte sikringar - ho gjer det sjølv. Samstundes fiksar kvinnene dei tradisjonelle kvinneoppgåvene - ho er mor, husmor osv. I tillegg til å ha kunnskap innafor den tradisjonelle kvinnearenaen, taklar kvinner også godt dei tradisjonelle arenaene til menn.

Vi har sett endringar i mannsrolla - men har ikkje komme like langt som endringane i kvinnerolla. Framleis har menn eit snevrare repertoar å spele på. Kvinnene har inntatt yrkeslivet, men mennene har ikkje på tilsvarande måte inntatt omsorgsarenaen og heimesfæren. Her ønskjer eg at menn skal verte meir likestilt.

Dei fleste kvinner og menn ønskjer både jobb og familieliv. Det er fundamentet for familie- og likestillingspolitikken til regjeringa. Men vi må ikkje setje oss i den situasjonen at det berre er arbeidslivet som tel, mens familielivet og nærmiljøet vert utarma. Vi vil gje familiane større fridom til å velje korleis dei vil prioritere kreftene sine i høve til familie og arbeidsliv. Det vil vere i tråd med prinsippa i likestillingslova, om at kvinner og menn skal ha likt høve til å delta på alle samfunnsområde.

Arbeidslivet

Arbeidslivet er i dag heilt avhengig av arbeidsinnsatsen til kvinner, til dømes i servicenæringar, skuleverket, helsevesenet og andre velferdstenester. Nær halvparten av arbeidsstyrken er kvinner. Veksten i økonomien har vore mogleg blant anna på grunn av den sterke auken i talet på yrkeskvinner. Mellom 1972 og 1996 auka talet på sysselsette kvinner med 404 000, medan talet på sysselsette menn auka med 60 000. Arbeidskraftreserven var husmødrene, og etterkvart dei deltidsarbeidande kvinnene. Teknologi, endra krav til husarbeidet og barnehageplassar, har medvirka til at vi brukar mindre til på heimearbeid.

Utviklinga på arbeidsmarknaden har ført til auka yrkesdeltaking for kvinner, mens den har blitt redusert for menn. Frå 1980 til 1996 auka yrkesfrekvensen for kvinner frå 55 til 64 prosent, medan for menn syner tala ein nedgang frå 79 til 75 prosent. I dei siste åra har yrkesfrekvensen for menn stige, og det har den og gjort for kvinner. Kvinner si yrkesdeltaking har aldri vore så høg som no. Ho er rekordhøg blant kvinner i alderen 25 til 66 år, det syner dei siste tala frå Statistikk Sentralbyrå. Det siste året har yrkesdeltakinga blant kvinner auka med 1,5 prosentpoeng, og for menn med 1,1 prosentpoeng. (3.kvartal 1996 til 3.kvartal 1997).

Jo høgre utdanningsnivå, dess større likhet er det mellom kvinner og menn si tilknyting til arbeidslivet. Jo høgre yrkesstatus kvinner har, jo lenger arbeidstid har dei. Arbeidstakarar av begge kjønn med universitets- og høgskuleutdanning har ein yrkesfrekvens frå 80 til over 90 prosent. Blant kvinner med ungdomsskule er under 40 prosent i arbeid, mens tilsvarande tal for menn er 56 prosent (1995).

Yrkesaktiviteten blant mødrer har gått kraftig opp, særleg blant småbarnsmødrer. Størst var veksten før 1991. I 1994 var over ¾ av mødrer med barn under 16 år i jobb.

Kvinner har tilpassa seg arbeidsmarknaden på ein måte som har sete dei i stand til å ha hovudansvaret for barn og heim. Nokon har avbrot i periodar, mange har jobba deltid, mens andre har vore i fullt arbeid. Eg trur at stadig fleire menn ønskjer å ta del i denne fleksibiliteten. Særleg når barna er små er det ikkje berre viktig, men naudsynt, med stor fleksibilitet i arbeidslivet. Arbeidslivet må få auga opp for at det ikkje berre er kvinner som er såkalla ustabil arbeidskraft fordi dei er potensielle mødrer. Menn er potensielle fedrar, og dei vil ønskje å ta ut meir permisjon, arbeide redusert arbeidstid eller vere heime i ein periode.

Men fleksible ordningar i arbeidslivet må ikkje føre til eit A-lag og eit B-lag på arbeidsmarknaden. Derfor må arbeidstakarane sine rettar sikrast, uavhengig av arbeidstilknyting. Dessutan bør innsatsen og erfaringane frå virke utanfor den ordinære arbeidsmarknaden godkjennast på lik line med relevant yrkeserfaring. Pensjonspoeng for omsorgsarbeid for barn under sju år og for pleie av eldre og sjuke, er døme på slike ordningar.

Korleis arbeidsmarknaden fungerer for kvinner og menn er viktig. Vi vil derfor sjå på arbeidstidsordningane, og setje i verk ulike forsøksordningar med redusert arbeidstid. Det er ikkje rettvist at turnusordningar har lenger arbeidstid i veka enn skiftordningar. At skiftarbeid, som er mest vanleg i mannsdominerte yrke er meir belastande enn turnusordningar i kvinnedominerte yrke, har i forskingsrapportar vorte avkrefta. Kan denne skilnaden i hovudsak ha sin årsak i kjønn? Det er ei sak denne Regjeringa vil sjå nærare på.

Lik løn for arbeid av lik verdi er ei viktig sak for Regjeringa. Det er eit rettferdsspørsmål, så vel som ein føresetnad for likestilling i familien. Der kvinne og mann tener nokolunde likt, deler dei oftare familiepliktene likt. Fagleg godkjenning, og lønsmessig oppvurdering av typiske kvinneyrke, er naudsynte steg for å få fleire menn inn i desse yrka og for å gje kvinner tilgang til mannsdominerte delar av arbeidsmarknaden.

Eg har på mitt bord fleire høyringsfråsegner til NOU 1997:10 «Arbeidsvurdering som virkemiddel for likelønn». Arbeidsvurderingsutvalet, der det var med representantar for partane i arbeidslivet, departement og forskarar, tilrår bruk av arbeidsvurdering for å rette opp undervurderinga av kvinneyrke i høve til mannsyrke. Fleirtalet av høyringsinstansane slutta seg til dette.

Utvalet legg fram retningsliner for arbeidsvurdering som kan brukast på alle delar av arbeidsmarknaden og på tvers av fagforeiningsgrenser og tariffområde innanfor ei og same bedrift. Bruk av arbeidsvurdering i lønsdanninga byggjer på ei frivillig ordning etter avtale mellom partane. Dei sentrale partane skal inngå ein prinsippavtale om arbeidsvurdering, og på den målet vera pådrivarar. Dei fleste høyringsinstansane er positive til forslaga, inkl. LO og NHO.

Det vil i hovudsak vere partane sitt ansvar å følgje opp, og eg vil samarbeide med dei i dette. Men det er mitt ansvar å leggje til rette for at verksemdene får rettleiing og informasjon om korleis dei kan gå fram, og at systemet vert utprøvd i praksis. Eg må få noko meir tid på meg til å vurdere korleis innsatsen på dette området skal få plass i budsjetta.

I Stortingsmelding nr. 70 frå 1991-92 «Likestillingspolitikk frå 1990-åra» varsla den førre regjeringa endringar i likelønsbestemmelsene i likestillingslova, og Stortinget slutta seg prinsipielt til. Skal det vere nokon meining i arbeidsvurdering, må vi ha ei lov som tillet å samanlikna arbeid på tvers av fag- og yrkesgrenser og kriterium for korleis vi kan finne ut om arbeidet har lik verdi eller ikkje. Lova må også kunne brukast på tariffavtalar, og ikkje berre enkelttilfelle.

Lovforslaga har tydelegvis vore kontroversielle, og den førre regjeringa la ikkje fram eit lovforslag. Men eg er optimistisk. Arbeidsvurderingsutvalet har slutta seg til forslaga til endring av lova, og høyringsfråsegnene er positive. Regjeringa vil få fortgang i denne saka, slik at vi får ei føremålstenleg lovgiving i tråd med internasjonale forpliktingar.

Arbeidarpartiet har vingla i synet på lovfesting av handlingsplanar for likestilling i arbeidslivet. Lovfesting av slike handlingsplanar for likestilling er blant dei verkemidla som eg vil vurdere. I alle delar av arbeidslivet har partane inngått avtalar om likestilling. Dei vert lett «papirtigrar» dersom dei ikkje vert følgde opp med tiltak og tidsplanar.

Samtidig må vi satse målbevisst på å jamne ut dei skeive utdannings- og yrkesvala.. Den kjønnsdelte arbeidsmarknaden er eit hinder for ein konkurransedyktig økonomi, fordi ho avgrensar bruk av menneskelege ressursar og individa si personlege utvikling. Skulen har her eit stort ansvar. Gutar og jenter må stimulerast til å velje innanfor heile yrkesskalaen. Regjeringa vil satse på IT-opplæring i skulen og trappe opp innsatsen for å skaffe nok PC-ar. Dette vil ha positive følgjer for likestillinga. Eit likeverdig tilbod vil motverka de skilnadene som har utvikla seg mellom gutar og jenter når det gjeld kunnskap og interesse for IT.

Likestillingsutviklinga i leiande posisjonar i næringslivet går for sakte. Vi vil arbeide målbevisst for å auke rekrutteringa av kvinner til leiande stillingar, både i offentleg og i privat sektor. Regjeringa er også svært oppteken av at kvinner skal bidra til verdiskapinga på lik line med menn, og at dei som entreprenørar skal verdsetjast, sjølv om dei ikkje skapar dei største arbeidsplassane.

Distriktspolitikk

Eg ser av programmet at neste innleiar skal snakke om distriktspolitikken. Eg har berre lyst til å seie at likestilling mellom kvinner og menn er ein heilt fundamental basis for ein vellukka distriktspolitikk. Dersom det ikkje er attraktivt å bu i distrikta for kvinner, ikkje minst unge velutdanna kvinner, kan vi gi opp målsetjingane om stabil busetjing og auka desentralisering. Det er berre med innsats på alle sektorområde vi kan klare dette. Kvinner ønskjer ikkje berre eit variert arbeidsplass-tilbod. Avgjerande er eit mangfaldig kulturtilbod, eit miljø som legg vekt på estetiske verdiar, og ein god familie- og barnehagepolitikk. Også innan likestillingsområdet ser vi at det er dei sentrale verdiane som dominerer. Skal distrikta overleve må kvinnene som bur der få skape sine visjonar og verdiar for utviklinga. Kvinnene kan ikkje berre vere eit «verkemiddel for å halde mennene» i distrikta. Utkantkvinnene må sjølv få ta hand om og definere utfordringane og løysingane.

Familiepolitikk

God familiepolitikk er og god likestillingspolitikk. Skal vi oppnå et likestilt samfunn må småbarnsforeldre sikrast gode rettar i arbeidslivet. Samstundes må familiane sikrast ein økonomisk situasjon som gjer det mogleg å bruke tilstrekkeleg tid til barneomsorg og familieliv. Regjeringa Bondevik ønskjer å leggje til rette for reell valfridom når det gjeld omsorgsform for barna. Derfor vil vi byggje ut barnehagetilbodet parallelt med ein betring av de økonomiske vilkår for barnefamiliane.

  • Målet om full barnehagedekning innan år 2000 står fast. Vi ønskjer å auke det statlege tilskotet til barnehagane. Dessutan ønskjer vi å legge forholda til rette slik at foreldrebetalinga i barnehagane ikkje skal stige utover prisstiginga.
  • Foreldre med småbarn som vel det skal få kontantstøtte. I første omgang vil ordninga innførast frå 1.8 1998 for barn frå 1 til 2 år. Frå 1.1 1999 vil den utvidast til barn frå 2 til 3 år. Summen skal vere likt statstilskotet til barnehageplass, dvs. 36 140 kroner.
  • Det må bli lettare å få fleksible arbeidstidsordningar. Det skal bli sette i verk ulike forsøksordningar med redusert arbeidstid.

Barn treng både far sin og mor si. Kva med valfridommen til faren? Slik det er i dag har ein nybakt pappa avgrensa høve til å velje fritt. Langt frå alle fedrar kan ta ut fødselspermisjon, fordi han er knytt opp til mora sine rettar. Regjeringa Bondevik vil fremje forslag om at alle ferdar får rett til permisjon, basert på eigen stillingsstorleik og inntekt. Dette er eit viktig tiltak på vegen mot at også fedrar vil velje å vere meir heime når barna er små. AP-regjeringa sit forslag om eigen fedrekvote til permisjon, har virka i positiv lei. I dag er det lettare or febre og dela permisjonstida, noko som er positivt for både mor, far og borna. Vi ser i dag konturane av ei meir fleksibel mannsrolle, og eg er optimistisk når det gjeld framtida.

Eg vil følgje nøye med på korleis kontantstøtte-fordelinga verkar, og kva følgjer dette får for likestillinga.

Korleis setja likestilling på den kommunalpolitiske dagsorden?

I tittelen på innleiinga mi står ordet «organisering». Ja, det er viktig korleis vi organiserer arbeidet med likestilling, både nasjonalt og regionalt. Eg har registrert at Likestillingsombodet reiser spørsmålet om det er heldig at likestilling er så nær knytt til familiepolitikken. Det er ingen sjølvsagt ting i andre land. Det likestillingsarbeidet som vert utført i Barne- og familiedepartementet femner langt vidare enn familiepolitikk, og eg kan jo til dømes vise til det eg har sagt om arbeidslivet så langt.

Likestillingspolitikk kjem inn i alle sektorar, og vi kan alltid diskutere kva for eit departement som skal ha hovudansvaret. Eg er fornøgd med den plasseringa vi har i dag, og det viktigaste vil uansett vere å føre en god og aktiv likestillingspolitikk i alle sektorar, ikkje berre i ansvarsområda til Barne- og familiedepartementet.

Organisering og plassering står og sentralt i debatten om det kommunale likestillingsarbeidet. Kommunane har - og skal ha - stor fridom i korleis dei organiserer arbeidet. Eg vil berre peike på at integrering av likestilling på alle områder er ein sentral målsetting, og det er viktig at organiseringa av likestillingsarbeidet i kommunesektoren held seg til det.

Føresetnaden for eit omfattande likestillingsarbeid er at det får ein permanent organisering og vert forankra i leiinga på høgt nivå. Vi kan ikkje vere avhengig av «ildsjelar». I sentralforvaltninga gjer vi det på denne måten: Regjeringa har gjeve eit mandat om at alle departementa skal arbeide for likestilling på deira fagområde. Barne- og familiedepartementet har pådrivar- og vegleiingsrolla. Denne regjeringa har styrkt forankringa i toppleiinga - Statsministeren sitt kontor. Det vert stilt krav om resultat til alle leiarar i departementa.

Eg meiner at noko tilsvarande må de lokale folkevalde gjere. Det er politikarane sitt ansvar å gi likestillingsarbeidet eit mandat, sørgje for ressursane, og stille krav til kommuneforvaltninga - ikkje minst resultatkrav til leiarane. Likestilling må inn i den vanlege saksgangen; i planlegging, budsjettarbeid og i instruksar. I sentralforvaltninga har vi støtte i utgreiingsinstruksen. Eksisterer det noko tilsvarande på kommunenivå, slik at til dømes likestillingsutvalet kan vere høyringsinstans og «vaktbikkje» for om likestillingskonsekvensane er utgreia i ulike reformer?

La meg slå fast: Integrering inneber ikkje avvikling av øyremerka stillingar, budsjettpostar eller tiltak for kvinner. Det er ei stor mistyding. Sjølvsagt krevst det tiltak og midlar og struktur også i integreringsarbeidet.

Å stille dei rette spørsmåla er ei utfordring. Eg har det inntrykk at mange kommunar oppfattar likestilling som personalpolitikk og eit spørsmål om kvinneleg deltaking i politikk, styrer, råd og utval. Men det er mykje meir - korleis kommunane og fylka legg til rette velferdstenestene, arbeidsplassane, skulen, kvardagslivet mellom husa og kva slags verdiar som dominerer lokalmiljøet. Let meg ta nokre døme: Vi snakkar om kriminalitet og vald som det var eit kjønnsnøytralt spørsmål. Kva om det vert gjort til eit spørsmål om mannsrolla? Vi snakkar om lite sjølvtillit som om det er eit kvinneleg trekk, men sjeldan om at «grådigheitskulturen» er eit mannleg lyte. Eg kjenner faktisk ikkje til døme på at kvinner har bidratt her. Vi snakkar om at skuleelevane er ukonsentrerte og bråkete. Men det er faktisk gutane som er i fleirtal blant dei som bråkar, får dårlege karakterar og har eit stort forbruk av

PP-tenester. Ikkje alle jenter ønskjer å vere «eksosrype». Kva med ungdommar som har bensinstasjonen som einaste møteplass? Eg seier ikkje at det er lett å lage tiltak av slike observasjonar, men dei kan vere nyttige for tanken om kva likestilling er.

Likestilling krev kunnskap. Ofte blir likestilling oppfatta som noko ein gjer eller ikkje gjer, alt etter kva ein føler for saka. Men faktisk er det eit arbeid på line med andre typar arbeid, og det krev fagkunnskap. Det er mange måtar å skaffa seg det på; alt frå å bruke den rikhaldige kvinneforskinga vi har, til å spørja kvinnene i kommunen. Høgskolen på Lillehammer har, som de sikkert veit, studiar i kjønn og politikk. Vert det stilt krav om kompetanse i likestilling når ein leiar skal ansettast?

Samspelet mellom sentralt og lokalt nivå

I Likestillingsmeldinga heiter det at Barne- og familiedepartementet vil leggje vekt på å yte sørvis (service) til kommunesektoren på likestillingsområdet. Det har departementet gjort, med hjelp frå fleire andre departement. I oktober i fjor ga departementet ut ei bok med den slåande tittelen «Alt er mulig. Utfordringer til regional likestillingspolitikk». Boka er ein idébank for lokalt likestillingsarbeid. Ho tek for seg nasjonale mål og verkemiddel på dei viktigaste områda der likestillinga bør vere med: I planlegginga, skulen, næringsutvikling og arbeidsmarknad, distriktspolitikk, helsevern og sosiale tenester, i kommunepolitikken og personalpolitikken, i politikk for barn og ungdom og innvandrarar. Boka er til utdeling her på konferansen, og blir presentert seinare på konferansen.

Som kjent har Likestillingsrådet vore kontaktleddet til dei kommunale og fylkeskommunale likestillingsutvala, og landskonferansen er staden for kontakt og kunnskapsformidling. Frå 1. august er Likestillingsrådet avløyst av Kompetansesenter for likestilling, med eit eige styre. Det er styret som avgjer kva for rolle Senteret skal spele i forhold til dei kommunale og fylkeskommunale likestillingsutvala.

Men som likestillingsstatsråd med sterkt engasjement for desentralisering og eit levande demokrati, ser eg det som ei utfordring å medverka til eit aktivt likestillingsarbeid ute i kommunane og fylka. Eit reelt kommunalt sjølvstyre tyder at kommunane kan velja ulike løysingar ut frå lokale behov. Men på viktige området vil det ver naudsynt med nasjonale standardkrav. Likestilling er eit slikt område - på line med utdanning, miljø og helse- og sosialsektoren. Likestillingslova set ein standard: I likskap med sentralforvaltninga er kommunar og fylke bundne av føremålsparagrafane i lova som pålegg offentlege styresmakter å leggja til rette for likestilling på alle område.

Kommunesektoren har eit sjølvstendig ansvar for å følgje opp dei nasjonale måla i likestillingspolitikken. Mange undersøkingar viser at aktiviteten ofte er liten og at likestilling synest å vere lågt prioritert hos mange lokalpolitikarar. Det kan difor vere naudsynt å sjå over kva for statlege verkemiddel som kan brukast for å setje ein standard. Regjeringa vil gjere ein gjennomgang av oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom forvaltningsnivåa, blant anna mellom fylkesmannsembetet og fylkeskommunen. Likestilling vil stå sentralt i ein slik gjennomgang.

Det er blant anna behov for å avklara kvar det sentrale ansvaret for den regionale likestillingspolitikken skal liggje. I 1995 kom Hatland-utvalet med si innstilling, NOU 1995:15 «Et apparat for likestilling». Det førte til omorganisering av Likestillingsrådet. Men utvalet tok også til orde for å styrkje den sentrale oppfølginga av likestillingsarbeidet ute i kommunane. Utvalet gjorde framlegg om å løfta ansvaret opp på departementsnivå, utan å ta stilling til kva for departement. Utvalet ville gi arbeidet støtte i lovgivinga gjennom pålegg om regelmessige handlingsplanar og rapportar om likestillingsarbeidet frå kommunane og fylkeskommunane si side, slik det er gjort høvesvis i Danmark og i Sverige. Det vart også foreslått at kvart fylke burde ha ei likestillings-rådgivarstilling.

Departementet har løyvd midlar til ei likestillings-rådgivarstilling hos Fylkesmannen i Rogaland, som ledd i eit forsøksprosjekt for å styrkje det regionale likestillingsarbeidet. Det er ei prøveordning for ei tre-årsperiode, og forsøket tek til i desember. Her vil vi vinne røynsler med kva rolle fylkesmannsembetet kan ha i arbeidet for likestilling, og kva for metodar som kan nyttast for å overføre nasjonale mål til lokalt nivå. Rådgivaren skal fungere som ein rådgivar og samordnar overfor fylkeskommunen, kommunar og andre aktørar på likestillingsområdet. Vi håpar at det kan bli eit prosjekt som kan gi oss innspel til varige reglar og prosedyrar for likestillingsarbeidet.

Avslutning

Likestilling mellom kvinner og menn vil fremje eit mjukare samfunn. Når menn får meir av kvinneverda og kvinner meir av menn si verd, vil vi alle bli heilare menneske. Derfor er likestilling viktig for meg. Men det må ikkje styrast av underliggjande synsmåtar om nytte- og lønsemd. Vi tek avstand frå at ein arbeidstakar berre er ein ressurs for næringslivet og statskassa, like eins deler vi ikkje synet på menneske først og fremst som individ med materielle behov og som aktørar på ein marknad. Det er mennesket som må stå i sentrum for samfunnsbygginga og i samfunnets institusjonar. Det er relasjonane mellom kjønna som er viktig. Det må leggjast til rette for at desse forholda kan utviklast på ein positiv og likeverdig måte.

Med dette ønskjer eg dykk ein god konferanse!

Lagt inn 10 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen