Historisk arkiv

Ungdom som drivkraft for eit betre ungdomsmiljø

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Ungdom som drivkraft for eit betre ungdomsmiljø

Opning av konferanse på Voksenåsen Hotell i Oslo 6. november 1997

Velkommen

Eg er glad for å kunne ynskja velkomen til denne nordisk ungdomskonferansen som Barne- og familiedepartementet i Noreg er vertskap for. Både ungdom, fagfolk og forskarar har kome hit for å drøfta utfordringar knytta til ungdom sin situasjon. Og dette må vel vera noko av det mest meiningsfulle ein kan drøfta - og i nordisk samanheng. For ungdom er berarar både av opprør mot fortida og håp for framtida. Dei utfordrar det etablerte og er samstundes avhengige av det. Dei kan både vera prega av livsmot og iver - og vera uroa for kva samfunnet og livet skal by dei. Ungdomstida er kontrastane sin livsepoke. Vi vaksne ynskjer både vi var unge att og er glad vi er velberga gjennom den tida, for jammen var det ikkje - og er det ikkje berre enkelt å vera ung. På mange måtar trur eg det er mykje vanskelegare å vera ung i dag enn det var då eg var ung, trass i betre materiell velstand og langt betre tilbod til høgare utdanning.

Konferanseprogrammet er både spanande og omfattande. Vi har lagt spesiell vekt på å presentera barn og ungdom sine eigne initiativ og innsats i arbeidet med å skapa eit betre oppvekstmiljø. Vi har og invitert mange forskarar til å leggja fram resultat frå forsking om ungdom.

Initiativ og bakgrunn for konferansen

Noreg har formannskapet i Nordisk Ministerråd dette året. I arbeidsprogrammet NORDEN `97 er samarbeid på barne- og ungdomsområdet prioritert. Konferansen er forankra i embetsmannskomiteen for sosialpolitikk i Nordisk Ministerråd, men han er og planlagt i samarbeid med andre komitear og personar. Eg vil nytta høve til å takka alle som har kome med innspel til programmet.

Det er alvorlege, men viktige og utfordrande tema som står på programmet - tema som ofte blir oppfatta som «ungdomsproblem». Gjennom konferansen ønskjer vi å visa at ungdom er verd å høyra på når ein skal drøfta korleis ein kan bekjempa ei uheldig utvikling. I dei seinare årene har det i heile Norden vore ein rekke aktivitetar og prosjekt som ungdom sjølv har teke initiativ til - både innafor frivillige organisasjonar og grupper og innafor offentlege kultur- og fritidstilbod. Ein del av desse prosjekta vil vi få presentert i dag og i morgon. Eg er både imponert og glad for det engasjementet som mange ungdomar har synt og syner i kampen for gode og trygge oppvekstmiljø - og eg vil understreka kor viktig det er at vi som er vaksne tar ungdom på alvor - ikkje berre her på konferansen, men og når vi skal føra arbeidet vidare både innafor Nordisk Ministeråd og i dei einskilde landa.

Ungdomspolitikken i Noreg

Korleis har vi her i Noreg jobba med dei spørsmåla som er tema for denne konferansen? La meg seia litt først om dei måla vi har for ungdomspolitikken vår - før eg går meir konkret inn på dei planane vi har for å styrkja arbeidet med å skapa gode oppvekstmiljø.

Å sikra barn og ungdom gode oppvekst- og levekår er ei av dei viktigaste oppgåvene til regjeringa. Eit viktig utgangspunkt for vår barne- og ungdomspolitikk er at vi ser på barn og ungdom som ein ressurs. Vi er opptekne av at barn og ungdom skal delta og få ansvar på alle nivå i samfunnet. Dei har til dømes ofte gode idear til korleis ein konkret kan løysa utfordringar lokalt. Erfaringer har vist at dei unge sine idear og innsats ikkje berre kjem dei unge sjølve til gode, men at dette kan vera med på å skapa eit betre lokalmiljø for heile befolkninga. Regjeringen vil difor gje arbeidet med å sikra barn og ungdom medverknad i utviklinga av samfunnet høg prioritet.

Vi ynskjer å sameina måla om ein god barndom med solid kvalifisering for framtida. Barn og ungdom har særskilde behov, interesser og rettar som må sikrast gjennom tilrettelegging av ein heilskapleg barne- og ungdomspolitikk, både lokalt og nasjonalt. Vi er opptekne av at det skal takast omsyn til barn og ungdom sine interesser i alle politiske beslutningar som har med deira situasjon å gjera. Då blir det som regel bra for oss alle.

Eit overordna mål for vår barne- og ungdomspolitikk er å gje alle barn og unge like høve til å utvikla seg - uavhengig av sosial bakgrunn - og uavhengig av kor i landet dei bur. Den generelle levekårsforbetringa for fleirtalet av folke har også kome barn til gode, og vi veit at dei fleste har ein trygg og god oppvekst. Men samstundes er det heilt klårt at det er grupper av barn og ungdom som har det vanskeleg . Kriminalitet, mobbing, vold og rusproblem, vanskar med å lukkast på skulen og problem med å få innpass på arbeidsmarknaden er dei tøffe realitetane for nokre. Ein del kjem og frå ein vanskeleg familiesituasjon, og det skal mykje energi og viljestyrkje til for å kome over i eit betre spor med livet sitt. Og nokre - det er nokre for mange.

Vi veit og at barn og ungdom med innvandrarbakgrunn oftare har problem med å finna sin plass i fellesskapet enn andre. Situasjonen er heller ikkje god nok for barn og ungdom med funksjonshemmingar. Isolasjon og ei oppleving av einsemd kan prega kvardagen for mange av dei.

For å nå målet om å sikra barn og ungdom eit godt oppvekstmiljø har vi i Noreg dei seinare år lagt vekt på å styrkja oppvekstmiljøet - mellom anna gjennom omfattande reform- og forsøksarbeid og gjennom utvikling av nye tilbod og tenester. Utviding av fødselspermisjonen med innføring av eigen fedrekvote, utbygging av barnehagar, reformar i grunnskole og vidaregåande utdanning, og utbygging av skulefritidsordningar er viktige satsingar her. Eit mål med å gjera ordninga med fødselspermisjonen betre både for mor og far og innføringa av kontantstøtta til småbarnsforeldre er at foreldra kan få meir tid til dei små barna. Men dette vil og kunne koma eldre sysken og heimemiljøet til gode.

Statlege styresmakter har og teke initiativ til å gjennomføra fleire handlingsplanar og utviklingsprogram dei seinare år - som til dømes "Tryggleik og nærleik i kvardagen", "Handlingsplanen mot vald i biletmedia", "Handlingsplanen for barn og ungdom med innvandrarbakgrunn" og "Aksjonsprogrammet Barn og Helse".

Målet er heile tida at barn og ungdom skal få meir å seia over sin eigen livssituasjon. Ratifiseringa av FNs barnekonvensjon, Rikspolitiske Retningslinjer, ordninga med talsperson for barn og ungdom i kommunane og statleg støtte til barn og ungdom sin deltaking og medverknad i utforming og gjennomføring av aktivitetar og tiltak, har vore naturlege verkemiddel i denne samanhengen. Eg trur at det er positivt for ungdom sin utvikling og vekst at dei får høve til å ta ansvar - samstundes som dei sjølve må ta ansvar for sine haldningar og handlingar.

Men sjølv om ein innsats alt er gjort, både av statlege styresmakter, av kommunane, av frivillige organisasjonar og av barn og ungdom sjølv kan vi ennå ikkje seie oss nøgde. På same måte som i andre nordiske land ser vi utviklingstrekk i ungdomsmiljøet som vi ikkje er glade for. Problem som heng saman med til vald, mobbing, kriminalitet, rus og rasisme blant barn og ungdom har fått mykje merksemd i Noreg dei siste år. Mange meiner at det har vore ei aukande brutalisering i barne- og ungdomsmiljøa dei seinare åra, samstundes som vi ser ein del negative trekk i samfunnet generelt. Dette er ei utvekling vi ynskjer å snu - i positiv lei!

Valdsutviklinga blant ungdom uroar oss, og det som særleg vekkjer uro er at valden ser ut til å vere meir grov enn før. Rasistisk motivert vald og konfliktar mellom ulike ungdomsgrupper er og ein del av valdsbilete, særleg i dei større byane. Innsatsen for å kjempa mot diskriminering, rasisme og framandfiendskap er difor ein viktig del av det valdsførebyggjande arbeidet. Fleire ungdomsgrupper og organisasjonar har engasjert seg i dette, og korleis dei har lagt opp arbeidet sitt vil vi få vite meir om seinare på konferansen. Statlege styresmakter har støtta opp om dei unge sin innsats med økonomiske midlar, men for å lukkast ser vi det som avgjerande at dei unge sjølve engasjerer seg - på eigne premisser og på sin eigen måte. Vi har sett fleire døme på at ungdom reiser seg i flokk og seier frå om at dei ikkje ynskjer at valden skal gjera kvardagen utrygg.

Mobbing er eit anna "problem" som har vore mykje i fokus i Noreg dei seinare åra. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har styrkja arbeidet med å kjempa mot dette problemet i skulen - gjennom eit breitt samarbeid både med elevar, foreldre og lærare. I Barne- og familiedepartementet har vi støtta forsking og utviklingsarbeid på området for å få betre kunnskap om kva som kan gjerast for å førebyggja mobbing. Dette vil vi få høyre meir om seinare i dag av professor Dan Olweus.

Når det gjeld rusmisbruk ser vi ei utvikling som vekkar uro. Rusmisbruken til ungdom har endra seg dei seinare åra. Spreiinga av heroin og amfetamin, det aukande tale på unge som har erfaring med hasj og ecstasy, samt ei utvikling i retning av meir liberale haldningar til narkotika hjå ungdom, gjev særskild grunn til bekymring. Vi ser og rekruttering av nye grupper ungdom til lettare former for narkotika. Problem med bruk av alkohol utgjer likevel den største utfordringa i høve til ungdom som i befolkninga elles. Det er nær samanhang mellom rus og vald, og alkohol er truleg ein av dei viktigaste årsakene til kriminalitet. All erfaring og statistikk viser det samme: Berusa unge menn er sterkt overrepresenterte både blant valdsmenn og dei som vert råka av vald. Mykje av valden skjer i helgene i nærleiken av skjenkestader.

Å førebyggja rusmisbruk står sentralt i regjeringa sin ungdomspolitikk. Fleire departement støttar opp om arbeid på dette området. At ungdom sjølv engasjerar seg ser eg som svært viktig. I arbeidet med å førebyggja rusmisbruk hos ungdom må heile samfunnet, og ikkje berre styresmaktane, engasjera seg. Det er mellom vener, i familien eller saman med skule- og arbeidskameratar at haldningar vert forma.

Framvekst og auka rekruttering til ekstreme ungdomsmiljø dei seinare åra utgjer og eit alvorleg problem både for barn og ungdom som vert fanga opp av desse miljøa, og for familiane og nærmiljøa deira. Regjeringa vil arbeida aktivt for å kjempa mot ei slik utvikling i barne- og ungdomsmiljø, mellom anna gjennom skulen og gjennom eit samarbeid med frivillige krefter.

Når det gjeld materielt forbruk ser vi barn og ungdom vert utsett for eit kommersielt press mellom anna gjennom reklame. Både vaksne og barn og ungdom i vår del av verda har eit høgt forbruk. Den rike del av verda kan ikkje halda fram med ein vekst som fører til eit stadig aukande forbruk av ikkje-fornybare ressursar med tilhøyrande forureining. Eg trur det er viktig at vi tek det auka forbruket opp til drøfing med dei unge slik at dei sjølve blir meir bevisst i høve til dette. Dessutan trang vi vaksne også å bevisstgjerast på nytt og på nytt. Både foreldra, skulen og frivillige organisasjonar har eit viktig ansvar her. Dette ser eg som ei stor og felles utfordring i nordisk samanheng.

I arbeidet med å kjempa mot uheldige utviklingstrekk i ungdomsmiljøet er eg oppteken av at vi som er vaksne granskar våre eigne haldninger og handlingar - for vi som er vaksne er ikkje alltid gode nok forbilete for dei unge. Eg trur det er på tide at vi tek våre verdiar og vårt menneskjesyn på alvor. Ein debatt i nordisk samanheng må mellom anna dreia seg om korleis vi fylgjer dette opp i konkrete handlingar.

Utviklingsprogram for styrking av oppvekstmiljøet

Som eit ledd i arbeidet med å betre oppvekstmiljøet har Barne- og familiedepartementet i år tatt initiativ til ei ny satsing - eit utviklingsprogram for styrking av oppvekstmiljøet. Programmet skal gå over fleire år, og det skal gjennomførast som eit samarbeid mellom ni departement.

Ein viktig grunn til at vi har teke initiativ til eit slikt utviklingsprogram er at vi ynskjer å styrkja og vidareutvikla barne- og ungdomspolitikken gjennom eit breitt samarbeid mellom offentlege og frivillige krefter. Eit viktig utgangspunkt for vår tenking om dette er at det er viktig å gje barn og ungdom betre høve til deltaking og medverknad i utforminga av barne- og ungdomspolitikken. Samstundes meiner vi det er viktig å få til eit betre samarbeid om barne- og ungdomspolitikken på alle plan - både mellom departementa, mellom sentrale og lokale styresmakter og mellom frivillige organisasjonar og offentlege etatar.

Målet med programmet er å styrkja oppvekstmiljøet og redusera risikoen for at barn og ungdom utviklar problem. Å betra barn og ungdom sine høve til deltaking, medverknad og meistring i heimen, på skulen, i arbeid og fritid er avgjerande. Samstundes skal innsatsen mot vald, mobbing, rus, kriminalitet og rasisme i barne- og ungdomsmiljø stykjast. Her vil vi særleg støtta opp om barn og ungdom sine eigne idear, initiativ og innsats.

Korleis skal så arbeidet leggjast opp? Som eg alt har vore inne på er ikkje dette eit program der ein skal utføra ei rekkje tiltak som statlege styresmakter har vedteke. Lokal mobilisering er eit viktig stikkord for satsinga, og det er dei lokale ideane og initiativa som skal vera grunnlaget og utgangspunktet for det arbeidet som skal gjerast. Det er i lokalmiljøa at barn og ungdom lever i kvardagen sin, og det er her ein må kome fram til idear og løysningar på korleis oppvekstmiljøet kan bli betre. Vi ynskjer at kommunane skal ta initiativ til dialog og samarbeid både med barn og ungdom sjølve, med frivillige organisasjonar, med foreldre og andre ressurspersonar lokalt - og gjennom eit slikt samarbeid koma fram til ein strategi eller plan for arbeidet lokalt.

Medverknad frå barn og ungdom sjølve er eit viktig stikkord for korleis vi vil at arbeidet skal leggjast opp. Erfaringar frå utviklingsarbeid dei seinare åra viser at barn og ungdom som får sjansen til å vera med å planleggja og ta avgjerder i sitt lokalmiljø syner kreativitet, engasjement og ansvarskjensle - ikkje berre for sin eigen situasjon, men og til dømes for eldre som bur i lokalmiljøet. Men - for å få til dette er det naudsynt at medverknaden blir meir enn fine ord. Regjeringen ønskjer difor at kommunane set av ein øyremerka sum pengar som barn og ungdom sjølve kan avgjera bruken av. Skulen må trekkjast aktivt inn i arbeidet med barn og ungdoms medverknad, og leggja til rette for at elevar kan vera aktive både i klasseråd og elevråd i skulen, i organisasjonslivet og i fritidstilbod i kommunen.

For å stimulera arbeidet med å skapa eit betre oppvekstmiljø vil regjeringa gje økonomisk stønad til lokale tiltak. Ungdomsstyrte aktivitetar mot vald, mobbing, rus og rasisme skal stå sentralt. Gjennom statlege tilskot skal ungdom kunna få stønad dersom dei har gode idear til aktivitetar som verkar positivt i ungdomsmiljøet. Stønaden skal gå til aktivitetar som barn og ungdom skal gjennomføra i sitt eige lokalmiljø - på staden der dei bur.

Både frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og ungdomsgrupper skal mobiliserast til å vera med i arbeidet. Regjeringa ynskjer å stimulera dette mellom anna gjennom å sikra dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane ei god og trygg økonomi.

I tillegg til å støtta opp om det arbeidet som skal gjerast lokalt - og som er det aller viktigaste - vil vi og arbeida for å betra samordninga og samarbeidet om barne- og ungdomspolitikken mellom departementa. Barne- og familiedepartementet vil sjølvsagt ta si samordningsrolle i barne- og ungdomspolitikken på alvor. Vi skal og gjera ein innsats for å styrkja informasjon og spreia røynsler frå arbeidet. Dette vil vi gjera gjennom konferansar, gjennom skriftleg materiell og med å bruka Internett meir aktivt. Det vil mellom anna bli laga en idekatalog til barn og ungdom som til dømes kan nyttast i skulen i diskusjonar om det lokale oppvekstmiljøet.

Dette er nokre av dei planane vi har, men sidan dette er eit utviklingsprogram som er i startfasen, vil arbeidet sjølvsagt utvikla og endra seg i tråd med dei innspel vi tek imot. Når vi har kalt brosjyra om programmet for BLI MED, er det nettopp for å visa at det er lokal mobilisering og engasjement vi ynskjer å få til - på lokalsamfunnet sine eigne premissar! Statlege styresmakter vil støtta opp om arbeidet, men det avgjerande er at den positive utviklinga av oppvekstmiljøet skal ha utgangspunkt i lokale tilhøve og initiativ. Gjennom utviklingsprogrammet ynskjer vi at barn og ungdom skal engasjere seg på eit brett grunnlag - ut frå eigne interesser og ynskjer - og på eigne premissar. Vaksensamfunnet skal støtta opp om dette, men for å få til eit godt oppvekstmiljø er det avgjerande at både barn, unge og vaksne spelar på lag!

Avslutning

Den auka fokuseringa på medverknad, demokratibygging og påverknad over eigen livssituasjon frå barn og ungdom er kome lengre i Norden enn i dei fleste andre regionar i verda. Vi har gjennom organisering av denne konferansen ynskt å lata ungdom vera i dialog og arbeida saman med vaksne - for å få fram betre løysingar på kva ein bør satsa på framover. Vi trur at dette er en klok veg å gå.

Men - dette er likevel berre ein start på eit utvida arbeid der det vert naturleg at barn og ungdom blir høyrt i spørsmål som vedkjem dei. Eg vonar at desse tre dagane vil gje dykk idear og inspirasjon - som kan vera med på å utvikla og styrkja det førebyggjande barne- og ungdomsarbeidet i dei nordiske land. Ikkje minst vonar eg at konferansen kan føra til betre dialog og meir samarbeid mellom ungdom, forskarar, fagfolk og beslutningstakarar i åra som kjem.

Lukke til med konferansen - og med arbeidet vidare!

Lagt inn 6 november 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen