Historisk arkiv

Åpning av Barne- og ungdomsfestivalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Åpning av Barne- og ungdomsfestivalen

Sandnes, 4. november 1998

Fyrst vil eg få takka for invitasjonen til å opna Barne- og ungdomsfilmfestivalen her i Sandnes, og for at Sandnes kommune arrangerer ein festival med eit så viktig tema: Born, unge og film.

Media og film er viktige område som regjeringa følgjer nøye med på.

Utviklinga av ny teknologi har ført til ei rask endring i medietilbodet og i mediebruken. Media representerer kultur- og kunnskapsformidling, underhaldning og kommersielle interesser på godt og vondt. Media "set dagsorden" i det offentlege rommet og i kvardagen, og media presenterer erfaringar frå mange livsområde. Som samfunnsdeltakarar kan vi ikkje berre vera passive mottakarar av media sin bodskap. Vi må også ha kunnskap og evne til kritisk vurdering for å kunna skilja mellom god og dårleg bodskap, og det som er sant og det som er feil. Korleis mediepolitikken blir utforma er dermed ein viktig del av oppvekstpolitikken. Kva vi som politikarar har ansvar for, korleis filmbransjen sjølv kan og bør ta ansvar, og korleis familien kan ivareta sitt ansvar, alt dette er viktig å diskutera, slik at film- og kinotilbodet blir til nytte for born og ungdom.

Born og unge blir møtt av bodskap frå bilete, skrift, symbol og lyd frå tallause avsendarar gjennom eit breitt spekter av kanalar. Born og unge sitt oppvekstmiljø er ein jungel av informasjon som formidlar haldningar, menneskesyn, verdiar og håp.

På bakgrunn av mellom anna denne informasjonen skal born og ungdom skapa sin eigen identitet, tileigna seg kunnskap, gjera daglege val og leggja grunnlaget for verdival og personleg framtidsorientering. Kva som er viktig og

rett eller gale kan vera vanskeleg å ta stilling til når alternativa står i kø. Som vaksne må vi vera til stades i livet til born og unge, og sjølve vera tydelege i forhold til eigne verdival, dersom vi skal kunne vera truverdige rettleiarar for neste generasjon.

Film gir mange gode assosiasjonar - nærleik og innleving - møte med spennande og nye menneske, miljø og stader. Det verkelege blir meir verkeleg enn røyndomen, og det uverkelege blir gjort verkeleg - tett og intenst. Draumar flimrar fram over lerretet - svake gråtonar glir over i fargar, bileta blir skarpe og tydelege, og lydar blir til musikk og forståeleg språk. Med eitt er det igjen borte og ei ny verd dukkar opp - over mørke silhuettar frå menneska i salen. Vi er vitne til ein "skapingsprosess", noko magisk og fascinerande.

Lanterna Magica blei filmen kalla i sin barndom. Det var noko magisk ved sjølve fenomenet - levande bilete, folk strøymde til. Magien held seg, vi let oss framleis fascinera. Film, fjernsyn, video, internett og stadig meir avanserte spel med levande bilete er ein del av den private og offentlege kvardagen. Vi blir overfløymde av levande bilete i stadig større omfang. Om vi vil - eller orkar - kan vi, med fjernkontrollen i handa, få levande bilete døgnet rundt - utan å lea oss ut av senga eller sofakroken. Sveipa frå kanal til kanal - kanskje midt i filmen eller programmet - for å finna noko som verker ok. Dei levande bileta har blitt konsumvarer. Vi plukkar bilete frå ei elektronisk tilbodskasse. Vi må snarare velja frå - enn å oppsøkja. Hovuda våre inneheld biletarkiv frå alle kantar av jorda. Difor er det viktig at vi hjelper born og unge slik at dei får «biletarkiv» til glede og nytte, og ikkje som næring til angst og forvirring.

Film på kino står framleis i ei særstilling - vi "går på kino". "Å gå på kino" er ein aktivitet i seg sjølv, vi oppsøkjer aktivt kinoen, vi les kinoannonsar - les filmomtalar på Internett, følgjer med i filmkritikkar i aviser og på fjernsyn, vi spør menneske vi har tiltru til om dei synest filmen var god. Alt dette gjer vi ofte før vi bestiller billettar og eventuelt avtalar kven vi vil oppleva filmen saman med. Kven vi ser film saman med kan også avgjera kva for film vi vel å gå på. Kinofilmen oppsøkjer vi gjerne med håp om ei oppleving - kanskje ei oppleving for livet - når filmen er på sitt beste.

Gjennom filmen sin "magi " blir heile kjensleregisteret sett i sving - lått og gråt - sinne og glede - grøss og lette - skrekk og fryd. Mental trim - frå den djupaste avgrunn til dei høge svev. Inspirasjon til engasjement, leik og anna skapande verksemd.

Samkjensle - innlevingsevne, å kunna identifisera seg med ein annan person og igjennom det kunne sjå verda frå andres ståstad - er kanskje av dei viktigaste og mest grunnleggjande eigenskapar eit menneske kan ha for å forstå ei mangesidig verd. Å ha toleranse og respekt for andre, å vera open for det framande krev stor grad av innlevingsevne. Filmens intensitet - og evne til å la publikum identifisera seg med rollefiguren - kan hjelpa til å utvikla desse evnene når bodskapen i filmen gir oss innsikt i tenkjemåte hos andre menneske og kulturar.

Spekulative produkt kan innehalda eit iskaldt menneskesyn og rollefigurar som utøver sadisme og grov vald, produkt som på mange måter opptrer med forakt for menneskeverdet og ikkje let oss sjå følgjene for dei det går ut over. Det kan vera svært uheldig. For på same måte som innleving og identifisering kan utvikla verdfulle eigenskapar hos oss, kan vi få heilt skeive signal om kva som er rett og gale gjennom filmar som formidlar forakt for menneskeverdet, valdsromantikk og vald framstilt som høvelege konfliktløysingar.

Born har rett til å søka, få og spreia informasjon av alle slag, utan omsyn til grenser - muntleg, skriftleg, trykt, i kunstnarisk form eller gjennom eit anna medium etter barnets val.

På den andre sida har born rett til vern mot informasjon og stoff som er skadeleg for han eller henne. Desse rettane er nedfelte i FN sin Barnekonvensjon.

Kinovising er underlagt ansvarleg kontroll og blir drive av fagfolk med innsikt i filmens verkemiddel og høve til påverknad. Vi må ha tillit til at kinoen fører ein ansvarleg repertoarpolitikk og at aldersgrensene blir haldne.

Fjernsyn og video er svært lett tilgjengeleg, og det er derfor vanskelegare å skjerma born frå opplevingar dei med fordel kunne ha vore for utan. Born er nysgjerrige, og dei har ei naturleg kunnskapslyst som ikkje så lett let seg stoppa av foreldrekontroll og videoutleigars handheving av reglar. Vi bør etter mi meinig likevel framleis satsa på ein kombinasjon av førehandsvurdering av filmar og videogram, aldersgrenser på kino og merking av videogram med tilrådd alder. Positive verkemiddel, så som omtalar og kritikkar av film for born og ungdom, kan framleis få større rom på kultursidene i avisene og i barne- og ungdomsprogramma i radio og fjernsyn. Det må også vera nok filmar som passar for born og ungdom, slik at dei får mindre trong for å oppsøkja ueigna filmar. Eg trur born og unge vel kvalitet - når tilbodet er der.

Barne- og ungdomsfilmfestivalen i Sandnes ser ut til å ha eit spennande program, med veksling mellom filmvising, seminar, kurs og diskusjonar - og eit program som spelar på alvor, spenning, humor og dramatikk - slik film også gjer. At born og foreldre skal delta i Filmfestivalen synest eg er svært bra. Det er behov for å retta søkjelyset mot film og medietilbod til born, ungdom og familiar, og det er viktig at born og unge lærer noko om det som ligg bak det som blir uttrykt gjennom filmen, slik at dei lettare kan forhalda seg til dei bilda dei ser.

Det er positivt at ein kommune tek eit slikt initiativ. At festivalen er open for publikum, og blir gjennomført i samarbeid med skulen, gjer at festivalen kan fungera som eit møtepunkt mellom film- og kinobransjen og publikum. Bransjen kan ha nytte av å få reaksjonar direkte frå born, ungdom, familiar og pedagogar.

Born er "ekspertar" på seg sjølve og sin eigen røyndom. Om ein film "treffer", kvifor og eventuelt kvifor ikkje, må vera viktig kunnskap å få for dei som lagar og viser film.

Borna og ungdommane bør ha sjanse til å påverka utvalet av film som vist. Det kan dei få gjennom kontakt med filmbransjen. Barne- og ungdomsfilmfestivalen kan gjera sitt til at born også blir tatt med i omtale av film i media og at kinosjefar lokalt bruker barn og unge som "konsulentar" når dei legg repertoaret for barne- og ungdomsfilm.

Satsinga på barne- og ungdomsfilm har gitt norske barne- og ungdomsfilmar eit kvalitetsstempel også internasjonalt. Det er svært gledeleg, men tilbodet til mindre born er framleis mangelfullt. Det er også viktig at born og unge gjennom mediekunnskap og eigenaktivitet får uttrykka seg gjennom ulike media. Kommunikativ kompetanse handlar ikkje berre om å kunne skriva og lesa. Dagens mediesituasjon fordrar evne og kunnskap til å forstå og kunne uttrykka seg gjennom levande bilete.

Når lyset blir sløkt - og Lanterna Magica blir tent - så stig spenninga hos born og vaksne. Lukke til med Barne- og ungdomsfilmfestivalen.

Lagt inn 6. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen