Historisk arkiv

Barnehageutvikling i fokus

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Barnehageutvikling i fokus

Innlegg på fylkesmannskonferansen for barnehageutvikling

Oslo, 9 juni 1998

Kjære forsamling!

Det er ei stor glede for meg å få vere til stades her i dag for å ta del i presentasjonen av resultata frå Utviklingsprogrammet for barnehagesektoren. Fylkesmennene har hatt ei viktig pådrivar- og rettleiarrolle i høve til dei 2-5 deltakarkommunane i fylka sine. For meg er det difor veldig hyggeleg å kunne treffe alle representantane og seie tusen takk for arbeidet som er gjort! Det er enno eit stykke att til vi har full behovsdekking av barnehageplassar. Eg vonar at resultat og røynsler frå Utviklingsprogrammet vil støtte dykk i den viktige rolla de framleis vil ha overfor kommunane. For oss i departementet vil røynslene frå Utviklingsprogrammet bli gått igjennom grundig og vera viktige premissar i det vidare arbeidet.

Innleiing

Stortingsproposisjonen om kontantstøtte skal handsamast i Stortinget i morgon, og det blir ein viktig debatt. Viktig fordi vi snart får i hamn ei av regjeringa sine viktigaste merkesaker, men og fordi eg får høve til å understreke barnehagane sin viktige plass i satsinga vår på familien og oppvekstmiljøet.

Kontantstøtta er ei reform som skal vere med å sikre barnefamiliane større fridom i val av omsorgsløysing for borna, og ei meir rettferdig fordeling av offentlege løyvingar mellom dei som har barnehageplass og dei som ikkje har. Valfridom inneber at det både må finnast tilbod om barnehageplass for dei som ønskjer det og at familiar som ønskjer å vere heime eller nytta andre omsorgsløysingar får økonomisk høve til eit slikt val.

Det kan sjå ut som om nokre likar å gjere barnehagar og kontantstøtte til motpolar. For meg er dette to sider av same sak. Det er nemleg ikkje slik at regjeringa anten satsar på kontantstøtte eller barnehage. Barnehagane er eit naudsynt og viktig verkemiddel for at born skal få ein god barndom og at familiane skal få kvardagen til å fungera. Situasjonen for mange er at fasen der ein har små born ofte fell saman med økonomiske krav knytt til etablering av bustad og nedbetaling av gjeld. Tidsklemma for mange foreldre med små born er stram. Ei stor gruppe foreldre ønskjer seg difor meir tid heime med borna, også ut over den perioden fødselspermisjonen omfattar. Det inneber mellom anna sjanse til å kunne kombinere to goder, nemligbarnehage og kontantstøtte. Men det får vere nok om kontantstøtta for i dag - resten tek eg i Stortinget i morgon.

Målet med utviklingsprogrammet

I dag er temaet barnehagar. Eg er veldig glad for å få høve til å snakke om barnehagane. Tilbod om barnehage til alle som ønskjer det innan år 2000 står fast. Uoffisielle tal syner at vi i 1997 fekk ein tilvekst på 16600 plassar. Det er hyggelege tal som gir meg tru på at vi har rimeleg sjanse til å nå målet om full behovsdekking omkring tusenårsskifte.

Utviklingsprogrammet for barnehagesektoren blei sett i gang av den førre regjeringa, men hovudspørsmåla er så gode at eg kunne ha funne på dei sjølve. Spørsmåla som blei stilte i programmet kjenner de godt, men eg gjentek dei gjerne:

  • korleis kan fleire born under 3 år få tilbod om barnehageplass?
  • korleis kan vi organisere barnehagane slik at dei blir betre tilpassa brukarane sine behov, og
  • korleis kan vi dempe kostnadsveksten i barnehagesektoren når talet på born under 3 år aukar?

Eg har sett at programkommunane på ulike måtar har arbeidd med å finne døme på korleis barnehagane metodisk og organisatorisk kan løyse dei nye utfordringane i sektoren. På kommunalt nivå har ein arbeidd med behovs- og brukarundersøkingar, utarbeiding og revisjon av barnehageplanar, samordning mellom private og kommunale barnehagar og ulike organisasjons-, økonomi- og konsekvensutgreiingar.

På barnehagenivået har dei fleste vore opptekne av å tilpasse barnehagane til brukarane på ulike måtar. Dette har handla om alt frå å utvide opningstida med eit kvarter om dagen til å la foreldra heilt bestemme kor mykje dei vil bruka barnehagen og til kva tid. Nokre kommunar har til og med ulike opningstider på ulike tider av året, tilpassa behovet i ulike næringar. Andre kommunar har sette borna som brukarar i fokus. I Flekkefjord kommune har dei tilsette intervjua borna i arbeidet med å endre innhaldet i barnehagane, til dømes for å vurdere kva slag «reglar» barnehagen treng.

Eg er imponert over det mangfald av arbeidsoppgåver som har lege i Utviklingsprogrammet. Mykje av arbeidet har vore reint nybrottsarbeid med reiskapar som ikkje tidlegare har vore nytta. I dette arbeidet har de som representantar for fylkesmennene hatt ei nøkkelrolle. Sidsel Sverdrup frå SIFO har evaluert organiseringa og informasjonsflyten i programmet, og det manglar ikkje på ros og godord til fylkesmennene for det arbeidet de har gjort. Ho trekk mellom anna fram det positive samarbeidet som har vore mellom kommunar og fylkesmenn og som understrekar fylkesmannen si viktige rolle som kontaktskapar og «lim» i programmet.

Så litt om resultata:

Har vi fått svar på dei spørsmåla som vart stilte i Utviklingsprogrammet?

Eg vil seie eit ubetinga JA - og det vonar eg de alle er samde med meg i. Samstundes krev dei svara vi har fått at stat, kommune og kvar einskilde barnehage saman møter utfordringane på ein heilskapleg og konstruktiv måte.

Departementet har i heile programperioden henta inn røynsler og idear frå kommunane. Vi har fått fram svært mange og gode døme på korleis barnehagane mellom anna kan bli meir brukartilpassa og fleksible. Vi får og mange meldingar om at Utviklingsprogrammet har vore eit viktig verkemiddel for å halde fokus på barnehagane i ei tid då politikarar og kommuneadministrasjonane var mest opptekne av å førebu og gjennomføre grunnskulereforma.

Samstundes som vi sjølve har samla gode røynsler og idear i program-kommunane, engasjerte departementet også eksterne miljø for å hente inn resultat og røynsler frå deltakarkommunane. Representantar frå Statens Institutt for Forbruksforsking, Vista og Høgskolen i Vestfold skal de møte seinare på konferansen. Eg vil nytte høvet til å takke miljøa for arbeidet de har gjort, arbeid som mellom anna har vore med på å rette fokus på nye viktige utfordringar.

Som sagt skal dei nemnde miljøa dele sine inntrykk med oss seinare i dag, men eg vel likevel å trekkje fram nokre inntrykk heilt i starten på dagen.

Først nokre oppløftande tal som Vista har utarbeidd:

I dei 50 programkommunane har barnehagedekkinga samla sett auka frå 51 til 60 prosent for born i alderen 1- 5 år frå 1995 til 1997. Dekkingsgraden har auka frå 31 til 39 prosent for gruppa 1-2 år og frå 65 til 72 prosent for gruppa 3-5 år. Vi kan slå fast at nedlegginga av plassar etter 6-åringane blei langt mindre enn frykta i programkommunane.

Dei nye barnehageplassane har fyrst og fremst kome gjennom bruk av plassar etter 6-åringane, deling av plassar og ein betre bruk av dei tilsette og areala. Eit hovudtrekk i utviklinga er at barnehagar med dagleg kort opphaldstid er på retur. Det ser ut til at vi får ein ny trend der heildagsbarnehagen i større grad tilbyr variasjon og fleksibilitet - «heildagstilbod - men ikkje heile veka.»

Variasjonane i barnehagedekking er ikkje jamna ut i programperioden. Spennet varierer frå kommunar med under 40 prosent til dei med over 90 prosent dekking for gruppa 1-5 år. Eg er overraska over å sjå at dekkingsgraden har auka like mykje i kommunar som frå før hadde høg dekking, som i dei som hadde låg. Det kan sjå ut som om eit godt utbygd og variert samansett barnehagetilbod utløyser eit «restbehov» slik at nivået for full barnehagedekking er svært høgt i mange kommunar.

Kommunar med høg barnehagedekking vert kjenneteikna ved at dei fleste barnehageplassane har kommunal støtte. Desse kommunane har såleis teke ansvar for heile sektoren, uavhengig av kven som eig barnehagane.

Eg oppmodar dykk om å framheve nettopp dette poenget overfor kommunar som ikkje har samordna den kommunale og private barnehagemarknaden!

Talet på born under 3 år i barnehagane i programkommunane har auka med heile 30 prosent i løpet av programperioden. Samstundes er auken i talet på nye barnehagar liten. Dette inneber at dei nye plassane for småborna har kome i eksisterande barnehagar gjennom omorganisering , meirinntak, plassdeling og fysiske tilpassingar og utvidingar av barnehagelokala.

Spørsmål om brukartilpassing er no ein naturleg del i diskusjonane om kvalitet i barnehagen. Det generelle inntrykket er at ein i dei fleste barnehagane er ferdige med diskusjonen OM barnehagane skal vere brukartilpassa og fleksibel i høve til behovet. Diskusjonen fortsett likevel om KOR fleksibel barnehagen skal vere. Dette er eit skjeringspunkt som ikkje er lett å definere. Vi snakkar her t.d. om den pedagogiske standard borna bør ha - og om arbeidsforholda til dei tilsette som skal organisera tilbodet.

Eg har merka meg at programkommunane har peika på behovet for å evaluera og sikra kvaliteten på brukartilpassinga. Røynsler syner at mange kommunar alt sikrar dette aspektet gjennom å vera medvitne i høve til rutinar og arbeidsmåtar. Omgrepet brukartilpassing er heller ikkje eintydig. Ein må skilje mellom tiltak som har som mål å auka omfanget og variasjonen i tilbodet (auka tilgjenge) og brukartilpassing for betre samspel, relasjonar og kommunikasjon mellom personane i barnehagane.

Ei allmenn røynsle er at større differensiering i plasstilbodet og fleire små born krev tilpassingar både i pedagogisk innhald, praktiske arbeidsmåtar og i meir grunnleggjande haldningar til kva barnehagen skal innehalde og gje borna.

Dei fleste barnehagane har klart å bli meir fleksible utan å auka ressurs-bruken. Brukarane sine behov vil variere over tid. Dette krev ei stadig oppdatering av kunnskapen om brukarbehov og kontinuerlege prosessar med tilpassing til desse behova. I tillegg må det liggja til grunn eit godt fagleg pedagogisk fundament i personalgruppa i barnehagane.

Foreldra er generelt sett svært nøgde med barnehagane. Likevel syner SIFO sine undersøkingar at større variasjon og fleksibilitet i plasstilbodet ikkje naudsynleg gjer foreldra meir nøgde. Det er nok slik at foreldre som har fått barnehageplass, same kva tilbod og plasstype, fyrst og fremst vektlegg omsorga og ivaretakinga av eigne born og at barnehagen er ein trygg, triveleg og utviklande stad å vere for borna.

Ein viktig eigenskap med barnehagen er at born får vera saman med andre born. Borna sin trivsel i barnehagen er knytt til opplevingar av tryggleik, syner SIFO si undersøking. Turid Indrebø Næs og Tove Mordal peikar på at det for borna si skuld er viktig at tilbodet av fleksible plasstypar står i eit rett tilhøve til kva personalet kan møte av reaksjonar og behov hos borna som har variasjon i sine barnehagemønstre.

I tillegg til borna, er personalet barnehagen sin viktigaste ressurs. At personalet har kompetanse og arbeidsglede, engasjement, vilje og evne til å utvikla arbeidet sitt i kvardagen, kan ikkje verdsetjast for høgt. Det krevst kunnskapar for å utvikla eit variert og stimulerande miljø i barnehagen. Og det krevst kunnskapar for å kunne rettleie og stø kvart einskilt barn. Dette gjeld i høve til born i alle aldrar og det gjeld same kva driftsform ein har. Undersøkingar gjort av høgskolen i Vestfold, syner at personalet jamt over er positive til brukartilpassing i barnehagane. Dei er likevel avhengige av ei felles forståing og haldning til brukartilpassinga og at dei får tid, kompetanse og rammar til å gjennomføre dei omstillings- prosessane som dette inneber. Det er viktig at eigarane av både tid og økonomiske ressursar til opplæringstiltak.

Eit av hovudspørsmåla i Utviklingsprogrammet gjaldt å dempe veksten i kostnadene. Utviklingsprogrammet syner at det einskilde stader har vore mogeleg å dempe veksten utan at det går ut over kvaliteten. Men ein ting kan ein slå fast etter programperioden: Det er umogeleg å få eit godt grep om dette utan å involvere dei som arbeider i barnehagane. Styrarane må få naudsynleg makt, fridom og støtte i arbeidet, og ansvar og råderett må stå i eit rimeleg tilhøve til kvarandre.

Kvar ligg utfordringane no?

Vi skal ta fatt på innspurten når det gjeld å nå målsetjinga om full behovsdekking. Det er framleis trong for utbygging av barnehagar for å jamne ut skilnader mellom kommunane - særleg for barn under 3 år. Samstundes er det naudsynt å peike på at heile 22 prosent av programkommunane allereie har ledig kapasitet. Mange kommunar treng å utarbeide eller rullere barnehageplanar - mellom anna for å vurdere barnehagebehovet på nytt i lys av kontantstøtta. Dekkjer det tilbodet kommunen har i dag det reelle behovet for brukartilpassa løysingar?

Familiar med små born har ulike livssituasjonar og ulike prioriteringar, dei treng derfor ulike løysingar. Barnehagane må leggje opp tilboda sine slik at dei møter dei reelle behova den einskilde familien og det einskilde lokalsamfunn har. Samstundes skal tilbodet stette dei krava som er nedfelt i barnehagelova og i Rammeplanen.

Ein må arbeide med kvalitetssikring for barnehagesektoren og satsa meir på kompetanseoppbygging og haldningsskapande arbeid. Her vil eg minne om den kompetansen som er tilført kommunane gjennom rettleiingsprogrammet, lokalt utviklingsarbeid og sjølvsagt Utviklingsprogrammet. Fylkesmennene med sine oversikter bør peike på den kompetansen kommunane etterkvart har fått, ikkje minst vil dette vere viktig for alle dei nytilsette som kjem inn i sektoren.

Korleis få til den siste utbygginga mot full barnehagedekking og samstundes sikre drifta i eksisterande barnehagar no og i framtida? Dette er to sentrale utfordringar vi står framfor og som vi må løyse i samarbeid med kommunane. Eg ønskjer å høyre kva medspelarane i barnehagesektoren meiner bør gjerast. I denne samanheng hadde eg i førre veke ein idedugnad med ulike miljø innanfor sektoren. Dersom eg skal oppsummere i store bokstavar kva partane på denne dugnaden ga uttrykk for, prøvar eg meg på følgjande:

  • Det kommunale sjølvstyret på barnehageområdet inneber at kommunane sett ulike vilkår for å gje økonomisk støtte. Dette er ikkje berre ulikt frå kommune til kommune, men og innafor ein og same kommune.
  • Nokre private eigarar vil ikkje ta imot kommunal støtte fordi dei ikkje godtek vilkåra kommunen set.
  • Når berre eit fåtall av dei private barnehagane får kommunal støtte, tyder mykje på at kommunane opererer med en for høg terskel for slik støtte. Kva med felles veiledende normer/kriterier for slik støtte?
  • Det var ulike og sterke meiningar om det statlege tilskottet bør vera øyremerka eller inne i rammeoverføringa til kommunane.
  • Bør ein vurdera ei lovfesting av full barnehagedekking eller av at kommunane må gje tilskott til private barnehagar?

Desse spørsmåla må vi sjølvsagt arbeide vidare med.

Private barnehagar har vore ein særs viktig bidragsytar til veksten i talet på barnehageplassar, ikkje minst på 90-tallet. Utviklingsprogrammet syner at kommunane har auka satsinga på samordning av kommunale og private barnehagetilbod - men her gjenstår mykje arbeid. 42 prosent av borna går i private barnehagar, samordning blir derfor meir og meir naudsynt. Dette vil gjelde ulike typar støtteordningar, felles kompetanseutvikling, samordna opptak, nettverk mellom styrarar, samarbeid om tilsyn, auka kommunal støtte til plassar for små born, søskenmoderasjon med vidare.

Mangel på samarbeid mellom private barnehagar og kommunane er spesielt uheldig no som talet på små born aukar i barnehagane og dekkinga generelt vert høgare. Å leggje til rette rammevilkåra for stabil drift av private barnehagar er ei av dei største utfordringane framover.

Eg minner igjen om at høg barnehagedekking nesten krev at

kommunar tek ansvar for alle born som har barnehageplass, uavhengig av om dei går i private eller kommunale institusjonar. Det handlar om likeverdige vilkår.

Kontantstøtte og barnehagar - to sider av same sak

Eit viktig spørsmål for kommunane blir i kva grad kontantstøtta vil påverke behovet for barnehageplassar og kva slag plassar som vert etterspurde. Eg har fleire gonger åtvara mot at kommunar som i dag har eit udekt behov for plassar, legg vidare utbygging og planlegging på is. For fylkesmennene blir det ei viktig oppgåve å signalisere at kommunane må gå igjennom det reelle behovet for barnehageplassar i lys av kontantstøtta. Kva har vi? Kva treng vi på kort og lang sikt? Kva skal vera kommunen sin innsats - og kva med dei private barnehagane?

Innføringa av kontantstøtte og denne regjeringa sitt mål om valfridom er ei «mild tvang» for kommunane til å arbeide vidare for fleksible og brukartilpassa barnehageløysingar. Foreldra har ikkje valfridom så lengje det ikkje finst ledige barnehageplassar for dei minste borna!

I denne samanhengen er det særleg viktig at kommunane prioriterer å byggje ut fleksible tilbod til born under 3 år. Ein viktig faktor i planarbeidet er å finne ut i kor stor grad foreldra vil nytta kontantstøtta heilt eller delvis i 1998 og 99 og om og i kva grad dei vil velje barnehage.

Utviklingsprogrammet gir desse suksesskriteria for brukartilpassing: oppdatert oversikt over brukarbehov, dialog med omgjevnaden og brukarane, utnytte alle barnehagen sine ressursar, tilpasse innhald og aktivitetar og kvalitetssikre tilbodet. Stranda kommune konkluderer slik: «Ikkje så brukartilpassa som mogeleg, men så brukartilpassa som naudsynleg.»

Open barnehage og familiebarnehagar er spanande driftsformer som mellom anna møter behova blant mange av dei minste borna. Ulike eigarar som organisasjonar, kyrkjelydar, foreldrelag med vidare seier oss noko om det mangfaldet barnehagesektoren utgjer - eit mangfald som både er ønskjeleg og naudsynt. Ei ny fersk undersøking om open barnehage syner mellom anna at denne driftsforma møter behova til dei foreldra som er heime på dagtid, som er i foreldrepermisjon, som er under utdanning, og ikkje minst viktig for dei med innvandrarbakgrunn. I og med at open barnehage-modell føreset at foreldra sjølv skal ta aktivt del i arbeidet, har regjeringa foreslått at desse foreldra skal få behalde kontantstøtta sjølv om dei nyttar open barnehage. Open barnehage er både eit tilbod til borna, eit nærmiljøtiltak, ein treffstad for dei vaksne, eit fargerikt fellesskap og eit førebyggjande tiltak innan barnevernet. Eg ser på open barnehage som eit godt og viktig supplement til dei ordinære barnehagane - og eg ventar meg mykje av denne barnehageforma.

Stortingsmelding om barnehagar

Arbeidet med kontantstøtta har naturleg nok tatt mykje tid og merksemd det siste halve året. No er tida inne til å setje barnehagane sterkare på dagsorden. Det er eit arbeid eg gler med veldig til: Eg vil invitera Stortinget til ein viktig debatt om barnehagen, og trekkje opp retningsliner for korleis ein av samfunnet sine viktigaste sektorar bør sjå ut når han er ferdig utbygd. Her tenkjer eg både på kvalitet, økonomi og regelverk.

Det har skjedd mange positive endringar i omsorga for born dei seinare åra. Retten til utvida og fleksible permisjonsordningar og auka i barnehagetilbodet har vore viktige bidrag for å skape ein heilskapleg barneomsorg. Innføringa av kontantstøtta vil forsterka denne utviklinga. Barnehagesektoren har møtt krav om fleksibilitet og brukartilpassing, og har, ikkje minst gjennom Utviklingsprogrammet, synt stor vilje og evne til omstilling.

Barnehagane har over nokre tiår blitt eit tilbod som når fleirtalet av born mellom 1- og 5 år, og i løpet av få år vil dei fleste born ha fleire års røynsle frå barnehage før dei byrjar i skulen. Det vil stille kommunane overfor store utfordringar i å tilretteleggje og tilpasse tilbodet til familiane sine behov. Røynsler frå andre sektorar har synt at kommunane er i stand til å forvalte store tenesteområde når dei får den naudsynte fridomen til å finne løysingar som passar lokalt.

Ei viktig hovudutfordring blir difor å skissere korleis barnehagesektoren skal utvikla seg dei næraste 5-10 åra. Samstundes vil det vere naudsynt å drøfta korleis ein på kort sikt kan sikra innspurten for å nå full behovsdekking. Eg vil reise diskusjonen om korleis staten og kommunane saman kan sikre dei naudsynte rammetilhøva som skal til for at kommunane kan ta reelt ansvar for å sikre brukarane eit fleksibelt og kvalitativt god barnehagetilbod. Stikkord her vil mellom anna vere vurdering av rammefinansiering og utbyggingsplikt for kommunane. Eg er og svært oppteken av at ein får drøfta mogelege strategiar for å møte dei særskilde utfordringane som private barnehagar har. Nye barnehagemodellar, eigargrupper, bemanning og kompetanse, er og viktige moment i ei melding.

Det er ti år sidan Stortinget sist drøfta ei melding som berre handla om barnehagar. Kva har skjedd dei siste ti åra? Kor står barnehagesektoren i dag? Vi kan allereie no slå fast at mykje bra er gjort på feltet, noko som fylkesmennene i høgste grad har vore delaktige i.

Sist, men ikkje minst, ønskjer eg å vise at denne regjeringa tek barnehagar på alvor, at vi i høgste grad ønskjer barnehagar som ein viktig del av familiepolitikken og at vi har von om at staten saman med kommunane skal kunne finne gode strategiar og løysingar.

Avslutning

Barnehagen er, og skal i framtida og vere eit kompletterande miljø i høve til heimen for å sikre borna trygge og gode oppvekstkår og trygge rammer. Den gode barnehagen skal gi borna høve til å utvikle kunnskapar, praktisk dugleik og sunne haldningar på sentrale livs- og kunnskapsområde. Ein god barnehage gir borna fridom og høve til å styre kvardagen sin, så langt dei meistrar det ut frå alder og utvikling. Den gode barnehagen møter foreldra på ein open måte, med innsikt i behova og ønska deira, og med forståing for den livssituasjonen dei er i. Ein slik barnehage gir dei tilsette yrkesglede og høve til fagleg og personleg utvikling. Ein god barnehage er heile tida i utvikling både organisatorisk og pedagogisk i høve til dei måla som er sette. Og ikkje minst: Ein god barnehage er i dialog med brukarane og i takt med miljøet rundt barnehagen.

Sjølv om barnehagane fyrst og fremst er til for brukarane, har dei og ei viktig rolle for å fremje andre mål i samfunnet - mellom anna i høve til busetting, næringsliv, jamstelling mellom kjønna mv. Når vi utformar barnehagepolitikken for morgondagen, må vi og sjå han i denne samanhengen.

Røynslene frå Utviklingsprogrammet er viktige å ha med seg i åra som kjem. Som fylkesmannen sine representantar får de ei nøkkelrolle i å spreie desse røynslene og i å medverke til vidare utbygging og utvikling i sektoren. De sitt inne med førstehands kunnskap om kommune-Noreg og veit mykje om kor «kommuneskoen trykkjar».

Ei stor takk til dykk alle for innsatsen i Utviklingsprogrammet! Lukke til vidare med arbeidet og samlinga her i Oslo - og ein riktig god og velfortent sumarferie!

Lagt inn 23 juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen