Historisk arkiv

“Borna sitt verd og barnehagen sin verdi”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

“Borna sitt verd og barnehagen sin verdi”

Høgskulen i Agder 27. november 1998

Det er ei glede for meg å få sjansen til å seia noko til dykk i ein fagleg samanheng. No er det vel ikkje det reint barnehagefaglege eg har mest å bidra med som politikar, det kan de så mykje betre sjølve. Men dersom vi definerer ordet fagleg litt breitt, og ser på utviklinga av barnehagen som samfunnsinstitusjon, bør eg kunne ha noko vesentleg å bidra med, og særleg når det gjeld dei framtidige rammene for arbeidet.

Oppgåva eg har fått, er å snakka om borna sitt verd og barnehagen sin verdi, om barnehagen i eit samfunnsperspektiv. La meg då starta med å svara på oppgåva veldig kort:

Borna sitt verd skal først og fremst sikrast av foreldra, med støtte frå samfunnet. Og dei foreldra som vel barnehageplass for barnet sitt skal få eit tilbod som har høgt fagleg nivå og eit klart verdimesseg utgangspunkt. Foreldra skal vera trygge på at barnet sitt verd blir tatt vare på.

Norge har ratifisert FN sin barnekonvensjon, ein konvensjon som gjer klart både foreldreretten og foreldreansvaret, men som òg sikrar barnet rettar som sjølvstendig individ.

Eg synest det er viktig å understreka dette - det er foreldra sitt mandat å oppdra borna, mens det er samfunnet si plikt å leggja best mogeleg til rette for at foreldra skal kunne makta ei slik oppgåve. Og det er samfunnet sitt ansvar å sikra rammer for at borna skal bli høyrde i saker som vedkjem dei. Når det gjeld særleg dei yngste borna ønskjer mange foreldre å bruka meir tid saman med dei i dei fyrste leveåra. For å sikra sjanse til det har denne regjeringa innført kontantstøtte for eitt- og to-åringane. Dei fleste under eitt år vil bli omfatta av fødselspermisjon/fødselspengar, og for studentbarn dei tilbod Studentsamskipnadene gjev om barnehageplass. For det offentlege sin del er det derfor viktigast no å prioritera tilbod frå eitt år. Mange foreldre ønskjer barnehageplass frå dette alderstrinnet, og det offentlege tilbyr derfor barnehage. Det er kommunane som er ansvarleg barnehage-styresmakt, og som derfor er ansvarleg for å bygga ut i samsvar med det behovet som finst til kvar tid. I og med at etterspørselen ikkje er konstant, vil det i tillegg vera nødvendig at barnehagetilbodet er så fleksibelt at det kan møta slike svingingar. Det gjeld også der foreldre ønskjer å kombinera kontantstøtte og barnehageplass, noko eg trur mange vil nytta seg av.

Fordi vi har ratifisert FN sin barnekonvensjon er det viktig at vi følgjer opp intensjonane i konvensjonen, også når det gjeld foreldreretten. Dei foreldre som vel å vera heime, skal få sjanse til det gjennom same tilskot frå staten som det dei foreldra får som vel barnehageplass. Dette gjev større likebehandling av familiane, og er i høg grad med på å sikra borna sitt verd. For dei av foreldra som ønskjer ei eller anna form for barnehageplass er det viktig at vi sikrar eit tilbod som gjev borna eit best mogeleg oppvekstmiljø så lenge dei er i barnehagen. Også for born i barnehagen er foreldra det primære, ikkje institusjonen. Derfor er det så viktig at vi får til eit samarbeid med foreldra som er reelt, i den forstand at foreldra er trygge på at borna får det dei meiner borna skal ha. Den viktigaste faktoren for å sikra kvalitet er eit godt kvalifisert personale med ulik bakgrunn, alder og kjønn - og utdanna førskulelærarar.

Som de kanskje er kjende med, held vi i disse dagar på med ei stortingsmelding om framtida for barnehagesektoren, og det er utgangspunktet for arbeidet med denne meldinga eg vil konsentrera meg om i dag. Som de sikkert forstår er det ikkje mogeleg å gje konkrete opplysningar om kva meldinga endeleg vil innehalda. Meldingsarbeid er ein prosess, vi er veldig tidleg i prosessen, og eg ønskjer meg derfor konstruktive innspel i denne prosessen, også frå dykk som er her i dag.

La meg innleiingsvis minna forsamlinga om at barnehagen si historie etter kvart spenner over meir enn 160 år i Noreg, og sjølv om barnehage var eit tilbod for ganske få born fram til 1990-åra har han hatt mykje å seia for dei borna som fekk plass. Vi må kunne seia at i den spede starten var asyla som dei heitte, eit tilbod til dei fattigaste. Inn i vårt eige hundreår blei dei i 1920-åra delvis tenkt som eit sosialt hjelpetiltak spesielt for dei einslege mødrene gjennom å tilby plass i dagheimar, mens barnehagane stort sett var for dei som arbeidde heime. Når vi fekk lovfesting av daginstitusjonane fyrste gong i 1953, var det førebyggjande barnevern som var utgangspunktet for å bygga barnehagar. Fyrst i 1975 fikk vi eit eige lovverk for barnehagane, og politisk blei barnehagane no sentralt vurdert som eit familiepolitisk verkemiddel, etter kvart også som eit likestillingspolitisk tiltak.

Diskusjonen framover må dreia seg om kva hovudfunksjon barnehagane bør ha inn i det neste hundreåret - perspektivet er barnet si verd i eit institusjonalisert liv - barnehagane er til for borna sin eigen del.

I 1975 hadde 23 000 born frå 0 til 6 år plass i barnehage, og statstilskotet var 46 millionar kroner. I år vil vi nå rundt 187 000 plassar frå 0 til 5 år i meir enn 6 300 barnehagar med eit statleg tilskot på meir enn 4 milliardar kroner. Etter 25 år ser det ut til at vi snart er i mål - utan at vi dermed skal tru at det er ei enkel sak. For inneverande år har vi eit mål på 13 500 plassar - det er eit tal som viser seg å vere for høgt fordi nokre av kommunane avventar utviklinga med innføring av kontantstøtta før dei byggjer ut fleire småbornsplassar. Men i og med dei overoppfylte tala for 1997 kan vi likevel rekna med å nå det målet regjering og Storting har sett om full behovsdekning i år 2000. Det som uroar meg er fyrst og fremst skilnaden i tilbodet i dei ulike fylka - frå nærmare 75% i Oslo til litt over 50% i Østfold, og endå meir i kommunane, frå om lag 29% til over 90%. Forskjellar vil det vera, på grunn av fleire forhold. Men det er alt for stort sprik slik det er i dag. Utviklinga er likevel klar: Færre og færre kommunar ligg under 30% og fleire og fleire - no fleire enn 80% - har tilbod til fleire enn halvparten av borna.

Vi kan endeleg skimta slutten på utbyggingsfasen - og så blir spørsmålet om sektoren nokon gong blir ferdig utbygd?

Det blir han neppe - sektoren vil nok i lang tid framtid framleis vera på veg. Det meiner eg i så fall vil vera ein styrke for sektoren! Eit eksempel er at det er politiske grupperingar som har foreslått gratis tilbod nokre timar i veka for alle born over 3 år. Endå ein utviklingstrend kan koma som ei tilnærming til resten av Europa utanfor Skandinavia, nemleg at vi får endå lågare skulealder - eller barnehagane inn som del av utdanningssystemet. Eg seier ikkje at dette er aktuelt i dag, eller at det er ei utvikling eg ønskjer, men at det er mange trendar som peikar på at vi har ein sektor som er i endring og undervegs, meir enn at vi får nedbremsing eller full stopp.

For kommunane er dette i og for seg isolert sett ei lite ønskjeleg utvikling - stadig endra føresetnader gjev ikkje eit stødig grunnlag for planlegging og gjennomføring. Men eg trur vi berre må innsjå at med ei samfunnsutvikling i stadig endring, vil reformer og større endringskrav koma som perler på ei snor - og at vi må utvikla organisasjonar som klarar å takla nettopp dette. Det gjeld stat, det gjeld kommunar, og det gjeld den enkelte barnehage.

La oss sjå litt på status for barnehagane. Vi har god dekning for barn 1 - 5 år - 60%. For aldersgruppa 1 år er no dekninga over 30%, for 2-åringane 49%. For gruppa 3 - 5 år er dekningsprosenten over 72. Fleire enn 2 av 3 born går meir enn 2 år i barnehage. Alt dette er eit resultat av ei gedigen utbygging på 90-talet. Det er viktig å sei at utan dei private utbyggjarane hadde vi ikkje kunna visa til denne statistikken. Det er dei private utbyggjarane som står for den største satsinga. No skal det seiast at mange kommunar har auka sin del av barnehageplassar mykje, men dessverre er det også slik at ein del kommunar ikkje lenger tek oppgåva med å bygga ut, men overlet det til private aktørar.

Eg vil understrekar at det ikkje er noko mål i seg sjølv at kommunane skal eiga plassene. Dersom den private utbygginga gjev same forhold for born og foreldre, er det heilt greitt.

Men - dersom dette fører til at private barnehagar blir eit tilbod for barn av ressurssterke foreldre som har råd til å betala dyre løysingar, har vi eit problem, og vi klarar ikkje å gje foreldra den valfridommen dei skal ha.

Får vi private barnehagar for dei mest velhavande og kommunale barnehagar for resten, har vi ein todelt barnehagemarknad. Det skal vi ikkje ha! Statistikken viser at kommunalt tilskot berre utgjer noko over 8% av dei totale utgiftene ved barnehagedrifta i private barnehagar, mens foreldra betaler over 45%. Kommunane sit derfor med ei nøkkelrolle i forhold til dette.

Erfaringar som blei gjort i Utviklingsprogrammet viser at dei aller fleste barnehageplassane i kommunar med høg barnehagedekning blir drive av kommunen eller med kommunal støtte. Disse kommunane har såleis tatt ansvar for heile sektoren, uavhengig om barnehagane er i kommunal eller privat eige. Samtidig har disse kommunane utvikla eit til dels svært variert tilbod. I dei kommunane som har kome langt i samarbeidet med dei private eigarane, har nok dette skjedd gjennom eit utvida politisk og administrativt engasjement og ansvar, og det ser ut til at samarbeidet har kome lengst i dei små kommunane.

Etter at barnet er fylt 3 år er det stadig fleire foreldre som ønskjer barnehageplass. Og korleis skal vi innretta barnehagane slik at vi både kan gje foreldra den støtte dei ønskjer til oppsedinga, samtidig som vi gjev eit tilbod som er utviklande for borna?

Eg ser det som viktig at vi på nytt i barnehagemeldinga går inn i drøftingar om kvifor vi skal ha barnehagar, og vurderer endra grunngjevingar.

I dag er det mange grunngjevingar for å bygga ut barnehagar. Barnehagen skal gjera borna til gagns samfunnsindivid, utvikla det enkelte barnet ut frå sine individuelle og spesielle føresetnader, vera skuleførebuande, vera eit virkemiddel i distrikts- og arbeidsmarknadsutviklinga, gje foreldre fridom til å velja den omsorgsforma dei meiner er den beste. Framleis er barnehagane også eit viktig virkemiddel i likestillings- og familiepolitikken generelt.

Men no og inn i det neste hundreår vil også spørsmålet om korleis vi best mogeleg kan kvalifisera den oppveksande slekt bli ei stor utfordring. Korleis skal vi som samfunn møta dei globale og nasjonale utfordringane i ei langt frå fjern framtid? Og korleis skal barnehagane vera eit ledd i dette? Samtidig må dette kombinerast med at foreldra skal få mest mogeleg innverknad over utviklinga for borna sine.

Foreldra skal ha retten til å velja omsorgsform i førskulealderen. Det er ikkje aktuell politikk for denne regjeringa å innføra eit obligatorisk tilbod om barnehage. For dei som vel barnehage, er det heilt nødvendig at barnehagen tilbyr det foreldra treng hjelp og støtte til, og som borna sjølve har behov for. Eg er einig i at det ikkje lenger er slik at born kan læra alt i familien sin, og heller ikkje kan dei læra alt berre av vaksne. Like viktig som andre vaksne enn foreldra, like viktig er andre born i ulik alder. Like viktig som å læra fakta blir det å utvikla seg sjølv som sosialt individ i forhold til andre, og utvikla det sosiologen Ivar Frønes kallar ein brei allmen handlingsdugleik. Då kan du ikkje berre lesa om ting eller sitja på ein pult eller ved eit bord - du må også ut og inn i verda og sjølv delta, sjølv leggja premissane.

Barnehagen er blitt ein stadig viktigare arena for læring og kvalifisering, noko dei aller fleste foreldre innser og nyttar seg av. Men då er det ein føresetnad at tilbodet er tilgjengeleg. Med å vera tilgjengeleg tenkjer eg mellom anna på om prisen står i forhold til det foreldra synest dei kan betala, om dei kan nå tilbodet innan rimeleg avstand utan for mykje stress, og om opningstidene er tilfredsstillande.

Vi har som prinsipp ei tilnærma tredeling av utgiftene mellom stat, kommune og foreldre i storleiken 40 - 30 - 30, der staten i store trekk dekkjer dei 40% som er føresetnaden. Siste tal viser at staten dekkjer ca 38%. Kommunane sin del utgjer rundt 25% og minkar; mens foreldra sin del utgjer rundt 37% - og aukar. Kommunane dekkjer i snitt 28% av kostnadene i eigne barnehagar - og berre litt over 8% i private barnehagar. Dette hindrar ein del foreldre i å nytta seg av tilbodet, sjølv om kanskje både born og foreldre hadde hatt best av det og ynskt det. Men også dei kommunale barnehagane kan vera prisa så høgt at foreldre ikkje ser seg i stand til å nytta dei. Med dagens arbeidsmarknad vil neppe ein sum på 2 500 kroner i månaden, som i dag er snittet for foreldrebetalinga, vera uoverkommeleg for familiar med to inntekter. Men dersom familien har fleire born i barnehage, og med auka prisar som følgje av lønsoppgjeret, kan mange måtte gje opp plassen i barnehagen fordi den blir for dyr. Det er også denne regjeringa sitt uttrykte mål at foreldrebetalinga må liggja på eit rimeleg nivå. Kva eit slikt nivå er, er ikkje enkelt å svara både generelt og presist på ut over det eg nettopp har sagt, men foreldrebetalinga og mogelege reguleringar vil vera område vi må koma inn på i meldinga.

Vi veit at mange småsamfunn slit hardt for i det hele tatt å kunna oppretthalda eit tilbod, og at denne typen barnehagar ikkje har sjanse til å vera så fleksible som foreldra kanskje ønskjer. Vi vil ta opp drøftingane om barnehagar i grisgrendte strok i meldinga. Men vi må også innsjå og akseptera at dersom foreldre vel å vera heime som ein følgje av kontantstøtta kan grunnlaget for barnehagar falla bort, og nokre barnehagar må leggjast ned.

Stortingsmeldinga vil sjølvsagt ta opp spørsmålet om finansiering av kostnadene ved drift og den resterande utbygginga. I dag er statens tilskot øyremerka. Etter stortingsvedtak frå 1986 skal rammetilskotet også gjelda for barnehagar. Dette er ingen løyndom - men frå når skal dette skje? I alle fall frå det tidspunkt vi har full barnehagedekning.

Men kva er så full behovsdekking? Eg trur faktisk at det er uråd å definera, fordi behovet vil endra seg i takt med samfunnsutviklinga på andre område. Men det er ikkje tvil om at vi no nærmar oss tidspunktet då vi kan seia at vi har behovsdekning. Ei stortingsmelding som skal peika nokre år fram må ta opp spørsmålet om og eventuelt når rammetilskot skal innførast, overgangsordningar, og kriterium for tildeling. Stortingsmeldinga må også drøfta foreldrebetalinga. Då må vi tenkja både på fordeling og likeverd. Det er ikkje dermed sagt at Stortinget vil vedta eit bestemt tidspunkt for innføring, eller å gå inn for rammetilskot for den saks skuld, i denne omgangen. Men regjeringa må drøfta det, og koma med forslag til Stortinget.

Men kva skjer i kommunane om det øyremerka tilskotet forsvinn? Reint statistisk kan det sjå ut til at kommunane i større grad overlet utbygging og drift til private, at kommunane ikkje held foreldrebetalinga innanfor ramma for prisauke, eller yter nok midlar til å halda oppe den prosentvise tredelinga av kostnadene etter at private utbyggjarar har overtatt verksemda, at kommunane ikkje tilbyr fleksible nok barnehagar til at foreldra ser seg i stand til å bruka dei, at kommunane ikkje ser ut til å villa oppfylla sin del av den opptrekte modellen for samfinansiering.

Men det er også mange kommunar som ikkje vil kjenna seg igjen i dette biletet. Kommunar som tek ansvar, som inngår avtalar med private eigarar for å sikra likeverdig tilbod i alle barnehagane, som er så fleksible at nær sagt alle får dekt sine behov. Eg skal derfor korkje meina eller påstå at dette biletet ikkje har ulike valørar.

Og nettopp fordi biletet er så brokut og uklart, er nok tida opplagt inne for å vurdera å lovfesta kommunen si plikt til å tilby plass - eventuelt gje born ein rett til plass dersom foreldra ønskjer det. Eg kan ikkje seia om regjeringa vil gå inn for lovfesting, heller ikkje kva Stortinget vil seia til det. Men som de veit har Stortinget vedtatt å pålegga kommunane å tilby skulefritidsordning (SFO). Det er ikkje lett å sjå kvifor omsorgstilbodet til born frå 6 år skal ha annan status enn for born under 6 år. Korleis dette vil gje seg utslag i den endelege meldinga frå regjeringa til Stortinget, eller korleis Stortinget vil landa, kan eg ikkje svara på her og no. Min bodskap er at vi må innom ei vurdering, og eg høyrer gjerne dykkar syn på dette.

Eg trur mykje av utfordringane som dei større kommunane står overfor kan løysast gjennom betre totalitet i barnehagetilbodet. Svara kan koma i form av meir fleksibilitet i aldersgrupper gjennom mellom anna avdelingslause barnehagar og differensiering av barnehagetilbodet gjennom ulike former som open barnehage, naturbarnehagar og kommunale familiebarnehagar. Mykje tyder på at heildagsopne barnehagar er mest kostnadseffektive, og at eigarane i størst mogeleg grad bør tilby variasjonar i plantypar og opphaldstider innanfor rammene av denne driftsforma. Gjennomsnittlege og små kommunar har ikkje så store fødselskull, og har ofte også mykje betre oversikt over endringane i folketalet. For disse kommunane er det kanskje enklare å halda oversikt over endringane i etterspørsel etter barnehageplassar, samtidig kan dei kanskje ikkje vera fleksible nok i forhold til behovet, eller altså ha for små barnekull til at det er mogeleg å driva.

Kontantstøtta vil sjølvsagt verka inn på barnehagetilbodet til dei minste. Det kan ikkje overraska nokon. Vi har lagt opp til at foreldra kn kombinera barnehage og kontantstøtte, og eg trur foreldra kjem til å nytta seg av den løysinga.

For nokre vil kontantstøtte koma i staden for barnehage, for nokre vil ho koma i tillegg, for nokre vil barnehagen vera det einaste tilbodet. Vi er sjølvsagt klar over at i enkeltkommunar kan biletet vera eit heilt anna, til dømes at dei aller fleste småbarnsforeldre ønskjer å vera heime. Men derfor gjev det lita meining i å avventa korleis kontantstøtta vil slå ut. For å seia det litt provoserande - det får vi aldri vita.

Foreldra sin bruk av kontantstøtta vil gjera at ingen år er like - etterspørsel og behov vil svinga frå år til år. Og då blir ikkje oppgåva å avventa, men å utvikla ein organisasjon og eit tilbod som kan møta disse svingingane kvart år. Altså blir planlegging for fleksibilitet viktig for kommunane og barnehagane i arbeidet framover - og dei må tenkja grundig igjennom korleis svingingane kan møtast på beste måte, også økonomisk.

La meg understreka at fleksible barnehagar ikkje kan vera fleksible berre på foreldra sine premiss. Også borna sine premiss må gjelda, sjølvsagt i tillegg til arbeidsvilkåra for dei tilsette i barnehagane. Men i utgangspunktet er det foreldra som skal avgjera kva slags type barnehage dei ønskjer for borna sine - ikkje personalet. Personalet må kunne utvikla og tilby ein pedagogikk som er tilpassa ulike former for organisering og opningstider, og heller råda foreldre til å nytta andre opphaldstider dersom det viser seg at barnet ikkje trivst.

Erfaringane frå Utviklingsprogrammet har alle kommunar fått del i. Eg skal ikkje påta meg nokon gjennomgang av alle erfaringane, men det er nokre stikkord som uansett blir nødvendige å fokusera på. Stikkorda er betre og meir total planlegging av sektoren, eit nært samarbeid med dei private barnehagane - ikkje minst økonomisk, avdelingslause barnehagar der det ikkje er spørsmål om alder, kjønn eller tilstand, ulike barnehagemodellar som open barnehage, frilufts- eller naturbarnehage, kommunale familiebarnehageordningar, og sambruks- eller fleirbruksløysingar mellom for eksempel skule og barnehage - eventuelt SFO og barnehage.

Dette krev blant anna at kommunane jobbar motiverande i forhold til personalet. Utviklingsprogrammet konkluderer med at personalet faktisk er svært så motiverte for endringar, blant anna under føresetnad av at dei får positiv tilbakemelding på at dei gjer ein god jobb, ikkje minst frå sine lokale politikarar. La også meg som politikar nytta høvet til å takka barnehagepersonalet for den endringsjobben de har gjort for sektoren.

Vi treng eit motivert personale for å utvikla den gode barnehagen!

God og total planlegging er altså viktig både i kommunen og i den enkelte barnehage.

Ei viktig sikring av kvaliteten ligg i eit utdanna og motivert personale. Når det gjeld tilgangen på førskulelærarar, har vi den siste tida tatt inn årskull på i alt 2 900 studentar. I alt er det derfor inne over 8000 førskulelærarstudentar, og no i sommar fekk vi uteksaminert det fyrste av dei store kulla med førskulelærar. Dette skal etter Stortinget si vurdering vera nok til å fylla opp ledige stillingar, med noko uvisse knytta til kor mange som vil forlata barnehagen som arbeidsplass.

Eit anna usikkert moment er at færre søkjer seg til dei pedagogiske yrka. Det er eit fenomen vi såg også på slutten av 80-talet. Når konjunkturane fyk opp, kan det sjå ut som interessa for slike yrke fell proporsjonalt. Vi får sjå kva som skjer neste haust.

Vi arbeider saman med KUF om ein tiltaksplan for å auka talet på søkjarar, planen er tenkt å vera ferdig neste år. Det ligg klart eit potensiale i å få menn til å søka slike utdanningar. Og no på slutten av 90-talet er det rundt 700 menn i førskulelærarutdanning. Om alle disse går inn i barnehageyrket vil talet på mannlege førskolelærarar auka med meir enn 100%! Den nye forskrifta i Likestillingslova gjer det no mogeleg å søka spesielt etter menn til slike stillingar.

I stortingsmeldinga vil det vera nødvendig og riktig å drøfta bemanninga i barnehagane, medrekna å vurdera endringar i dagens reglar om pedagognorm. Ikkje for å svekkja det kvalitative, men for å gje betre sjanse til å vera fleksible. Det er ingen tvil om at utforminga av bemanningskravet i barnehagelova med forskrifter ikkje lenger fungerer godt nok når vi skal tenkja fleksibilitet. Når vi skal sjå nokre år fram, kan det vera tenleg å heller stryka krava til kvalitet på meir overordna måtar. Dette kan skje til dømes ved at staten fastset mål for kvalitet som kommunane må rapportera om. Spørsmålet eg vil ha drøfta i den komande meldinga er om vi kan sikre kvaliteten på andre måtar enn ved statiske reglar.

Også i framtida er det kommunane som må ta eit overordna ansvar for å få det personalet dei vil ha. Ein ting er at utdanninga må bli så høveleg for formålet at førskulelærarane blir i yrket, og at det endå kan gjerast mykje her i eit samspel mellom kommunal tilbakemelding til høgskulane om det produktet dei gjev frå seg og høgskulane sjølve. Ny øvingslæraravtale er oppnådd, og med den får eg håpa at den praktiske opplæringa i barnehagane blir endå nyttigare for studentane - ei opplæring som motiverer for eit livslangt yrke i barnehagen.

Ein annan ting er dei tiltak som kommunane kan bidra med, og som har vist seg å ha mykje å seia. Det er ikkje tvil om at lønns- og arbeidsforhold er nøkkelen til å få eit stabilt personale, og at kommunane sjølve har styring over disse verkemidla.

Førskulelærarane er kommunalt lønna, men er dei rett lønna?

Eg understrekar at det er kommunane sjølve som avgjer dette spørsmålet - noko statleg styring av førskulelærarlønningane er på ingen måte aktuelt. Men eg ønskjer å peika på lønningane som ein viktig faktor for å få personalet til å bli, i tillegg til utfordringane sjølve jobben inneber.

Ei anna viktig side ved å få eit motivert personale er, som eg har sagt, tilbakemeldingar frå og samvirke med politikarane i kommunane. Vidare har lokalt utviklingsarbeid vist seg å gje eit svært motivert personale, noko vi frå mitt departement gjennom mange år har stimulert med statlege midlar. Endeleg har vi gjennom fleire år hatt eit statleg program for rettleiing i barnehagen. Og det har ført til at nesten kvar einaste styrar i landet, og dei fleste kommunale barnehagekonsulentar, har fått tilbod om rettleiingskompetanse. Denne kompetansen er det viktig for kommunane å nytta seg av i ei vidareutvikling av sektoren, også med tanke på rettleiing av nyutdanna førskulelærarar.

Til sist vil eg nemna utfordringar som eit institusjonssamfunn truleg må ta mykje meir på alvor. Disse utfordringane er både reint faglege, men også politiske fordi dette er knytta til ulike ideologiar.

Det er viktig å ta kritikken av institusjonaliseringa på alvor fordi den er heilt nødvendig for å forstå læringsdilemmaet for borna, og for å gje born den oppveksten dei treng. Nokre foreslår å riva institusjonane og overlata alt til foreldra.

Det er ikkje mogeleg i eit moderne samfunn som vårt. Det er heller ikkje ønskjeleg slik eg ser det. Samtidig er det viktig å ha med seg det mange forskarar i dag er opptekne av - nemleg at foreldra i det post-industrielle samfunnet er viktigare som støtteapparat for borna i oppveksten enn nokon gong før. Foreldrerolla er altså viktigare enn nokon gong. EU har hatt ei ekspertgruppe som har konkludert heilt klart: at ein i Europa både treng å betra den offentlege barneomsorga og å styrka foreldra sin sjanse til å gje borna sine den nødvendige støtta. Det er altså nødvendig både å styrka sjansen for borna til å klara sin eigen oppvekst gjennom barnehageutbygging, samtidig som oppgåva for foreldra som støttespelarar og rettleiarar er viktigare enn nokon gong, og derfor må støttast. Slik støtte kan barnehagane gje, derfor blir barnehagen eit viktig supplement til foreldra si oppgåve, såframt foreldra sjølve ønskjer å velja barnehagetilbod til borna sine. Både born og foreldre må dragast meir inn i den daglege drifta og verksemda i institusjonane.

Med ein barnehage for rundt 70% av alle born, i alle fall over 3 år, og ein skule for alle med ei skulefritidsordning for 35 - 40% av alle 6-, 7- 8- og 9-åringane, vil oppveksten for born i mykje større grad også bli prega av nettopp livet i institusjonane. Borna sin påverknad frå foreldra og media er stor i oppveksten, og korkje foreldre eller media skal eller kan styrast av det offentlege. Det som kan styrast, er korleis institusjonslivet skal utformast. Her må både politikarar, foreldre og personale saman med borna på det aktuelle alderstrinnet bli meir medvitne føresetnadene for eit best mogeleg samspel mellom aktørene. Også høgskulane må bli meir medvitne dei rammefaktorane som alltid vil styra verksemda i barnehagen, til dømes dei endra behova i foreldregruppa.

Med dette seier eg takk for interessa, med den konklusjonen at det er langt igjen til denne sektoren har funne si endelege form. Det er nok å ta fatt på - og det kan vi vel ikkje sjå på som anna enn positivt?

Lagt inn 10 desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen