Historisk arkiv

Helsing på årsmøtet for kirkens familievern

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Helsing på årsmøtet for kirkens familievern

Norges Røde Kors konferansesenter, Hausmanssgt. 7, Oslo, 8. juni 1998

Kirkens Familievern har bede meg om å koma med ei helsing til årsmøtet i organisasjonen, og det gjer eg gjerne. Det er første gongen eg møter representantane for alle dei kyrkjelege kontora på eitt brett, og for meg er det både nyttig og interessant å koma i direkte kontakt med dykk som arbeider rundt om på familievernkontora. Eg er også beden om å koma med nokre tankar om familievernets framtid. I regjeringa er vi opptekne av å styrkja og utvikla denne tenesta, så eg er gjerne med på «å tenkja litt høgt» omkring familievernet.

Først og fremst vil eg gi uttrykk for glede over at vi har fått lov om familievernkontor. KrF har gjennom mange år vore ein pådrivar i Stortinget for å sikra tenesta gjennom eiga lov, og dette er no ein realitet. Som dei fleste her kanskje veit, har vi også meint at ein ville sikra tenesta best gjennom statleg forvaltning. Eit svært knapt stortingsfleirtal gjekk i mot dette, og så får vi sjå kva utslag den nye forvaltningsordninga vil gi for familievernet. Eg vonar at flest mogeleg av kontora no har fått i stand driftsavtalar med fylkeskommunane, at avtalane er tilfredsstillande og at de får til eit godt samarbeid. Frå regjeringa si side har vi tatt signala om at somme kontor har kome økonomisk dårleg ut i 1998, på alvor. Derfor har vi fremja forslag om ei ekstraløyving på 2 mill. kroner til familievernet i revidert nasjonalbudsjett. Framlegget skal opp i Stortinget 19. juni, og vi vonar at dette går igjennom.

Før eg vender meg mot framtida, vil eg kort summera opp litt av det som er gjort på familievernområdet i det aller siste og det som no er under arbeid i departementet.

Det viktigaste tiltaket sett frå departementet si side - i tillegg til lovfesting av tenesta - er arbeidet med å evaluera familievernet som vart avslutta i februar i år. Eg veit at sluttrapporten frå prosjektet vil bli presentert her seinare i dag, så eg skal ikkje gå nærare inn på den. Men eg vil gjerne gratulera KF-kontora med dei gode resultata rapporten presenterer for denne delen av familievernet! Av det eg har lese meg til, går det ma. fram at KF-klientane rapporterer om større betring i problema enn dei som har fått hjelp ved andre kontor, at KF-kontora er dei beste samarbeidspartnarane og at dei også er mest effektive. Det er hyggjeleg å kunna trekkja fram slike resultat, og eg vonar at dette gir mot og inspirasjon til å halda fram i det vanskelege, men uhyre viktige arbeidet som de gjer til dagleg.

Departementet vil følgja opp rapporten. Vi er alt i gang med prosjektet «Kompetanse i familievernet» som også vert gjennomført av NIBR v/Wenche Jonassen. Vi ser dette som ei vidareføring av evalueringa, for også dette dreiar seg om å få kunnskap om «dagens tilstand» i familievernet. Vi vil kartleggja kompetansen og kompetansebehovet, særleg med tanke på familieterapiutdanning, og dermed skaffa oss vurderingsgrunnlag for framtidige tiltak. Eg veit at familievernet sjølv har vore pådrivarar i dette arbeidet, og de er også representerte i gjennomføringa gjennom ei referansegruppe som er knytt til prosjektet.

I nær framtid vil vi gå inn på fleire sider av NIBR-rapportane og vurdera dei funn som er gjort, og kva og korleis dei kan følgjast opp. Departementet skal i løpet av sommaren utarbeida eit forslag til ei slik oppfølgjing, og vi vil sjølvsagt sjå dette i samanheng med andre framtidige tiltak innan familievernet.

Eit anna viktig tiltak som departementet no er i gang med, er å etablera ny statistikk for familievernet. Dette har vore utsett i lang tid i påvente av ny forvaltningsordning, men det er no oppretta ny kontakt med Statistisk Sentralbyrå. Det vil enno ta ei tid før eit system for ein ny statistikk er på plass, og inntil vidare må vi basera oss på det gamle systemet som organisasjonane har ansvaret for. Departementet vil sjølvsagt informera organisasjonane i god tid før nytt statistikksystem vert sett ut i livet.

Når det gjeld den framtidige utviklinga av familievernet, vil eg først og fremst understreka at regjeringa ser på familievernet som eit svært viktig familiepolitisk verkemiddel. Familievernet er den einaste tenesta som har spesialisert seg på relasjonsaspektet i par- og familieforhold. Dette er no også nedfelt i den nye lova, der familievernet er definert som ei spesialteneste som har familierelaterte problem som sitt fagfelt. Familievernets profil som ei fagteneste med kompetanse på kommunikasjon og samhandling i familien er dermed skjerpa. For oss som politikarar er det ikkje vanskeleg å sjå behovet for nettopp denne kompetansen, og den aukande tilstrøyminga til familievernkontora stadfester også dette behovet. Det er derfor all grunn til å halda fast på det som tradisjonelt har vore kjernen i familievernets arbeid, nemleg å støtta opp om varige og stabile samlivs- og familierelasjoner og forebyggja familieoppløysing. Frå regjeringa si side ønskjer vi å styrkja ekteskapet og samhaldet i familiane, og eg vil derfor understreka dette som eit viktig mål for arbeidet i familievernet. Men i tillegg er det i dagens samfunn også eit stort behov for å gi hjelp og støtte når ekteskapet (eller sambuarforholdane) likevel går i oppløysing. Foreldreskapet skal halda fram, og omsynet til borna tilseier at vi må gjera det vi kan for å redusera skadeverknadene av familieoppløysinga mest mogeleg. På dette området har familievernet dei siste åra gjort eit stort og viktig arbeid både gjennom mekling og terapi for foreldre etter skilsmål.

I Voksenåsen-dokumentet har sentrumsregjeringa uttalt at vi vil styrkja familievernet, og dette står vi sjølvsagt ved. Vi er no i gang med å sjå på korleis vi skal realisera denne målsetjinga. Vi anser ikkje dagens familievern-tilbod som ferdig utbygd.

Vi ser klart eit behov for å styrkja nokre eksisterande kontor, men både i NIBR- rapporten og i tidlegare dokument er også behovet for nye kontor understreka. Vi er klar over at familievern-dekninga framleis er ujamn sett på landsbasis, og vi er også kjende med at fleire kontor har køar og lang ventetid. Likevel må vi gjera ein jobb for å skaffa oss eit påliteleg og relevant datamateriale som grunnlag for å vurdera ei styrking av familievertenesta, ma. nettopp med tanke på å vurdera styrking av eksisterande kontor kontra etablering av nye. Ei utbygging må også byggja på behovsvurdering i fylkeskommunane som no har førstehandskjennskap til forholda i sine respektive fylke.

Departementet har sett i gang arbeidet med å skaffa fram dette datagrunnlaget. Når det er tilgjengeleg, vil det i samråd med fylkeskommunane bli utarbeidt ein plan for styrking av familievernet. Eg reknar med at ein slik plan vil liggja føre våren 1999..

Som de veit, har ikkje denne regjeringa eit stortingsfleirtal bak seg. Det fører med seg at vi ikkje alltid får gjennomslag for alle våre forslag. Men vi vil i alle fall frå vår side gå inn for å ta eit nytt tak for familievernet.

I mellomtida må både vi og familievernet arbeida for å nytta dei ressursane vi har best mogeleg, og utvikla og halda oppe både innsatsviljen og den faglege kvaliteten i tenesta. Eit viktig tiltak frå departementet si side i så måte er dei årlege fagkonferansane for heile familievernet. I år skal fagkonferansen haldast i Oslo i dagane 2. - 3. november. Hovudtemaet på konferansen er brukarane og familievernet - og kva er vel meir sentralt enn det? Konferansen i år vert den største til denne tid, sidan representantar for både fylkeskommunane og fylkesmennene vert inviterte i tillegg til alle familievernkontora. Dermed får vi ei samling av heile det feltet som no har ansvar og oppgåver innan famlieverntenesta.

Utviklinga av tenesta har vore ei hovudsak for familievernorganisasjonane, og KF har gjennom åra gjort ein stor innsats på dette feltet. Av programmet ser eg at dette er ei viktig sak også på denne samlinga. I tillegg ser eg at de også har sett temaet samlivstiltak på dagsordenen. Dette er eit tema som skulle liggja familievernet nær, og eg synest det det er gledeleg at familievernet engasjerer seg på dette feltet. På denne bakgrunnen vil eg berre ønskja lukke til med årsmøtet, og med den fine innsatsen de gjer rundt om på kontora!

Lagt inn 23. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen