Historisk arkiv

Innleiing på dagsmøte med representantar frå kommunesektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland

Innleiing på dagsmøte med representantar frå kommunesektoren

Oslo, 30. oktober 1998

Kjære representantar for kommunesektoren!

Velkommen til dette dagsmøtet ! Eg er glad for at de har prioritert å kunne vera med på denne samlinga. Dykkar innspel vil vera viktige i det vidare arbeidet med å utforme barnehagepolitikken på kort og lang sikt.

Som de kjenner til, skal vi leggje fram ei stortingsmelding om barnehagar i løpet av 1999. Meldinga skal gje Stortinget grunnlag for å drøfte dei framtidige økonomiske, juridiske og faglege rammevilkåra for barnehagesektoren. Samstundes har vi målet om full behovsdekking av barnehageplassar i løpet av år 2000. I arbeidet med å leggje til rette rammevilkåra for barnehagesektoren, er det viktig og nødvendig for meg å ha eit konstruktivt samarbeid og ein god dialog med kommunane.

I dette møtet ønskjer vi spesielt å drøfte barnehagane med utgangspunkt i situasjonen i kommunane slik den er i dag. Vi har tenkt oss følgjande tema:

  • Behovet for barnehagar
  • Kommunane sin rolle og ansvar i barnehagesektoren - kva for rolle har og skal kommunane ha som ansvarleg styresmakt for barnehagane?
  • Forholdet mellom kommunane og dei private barnehagane - kva slags plass har og skal dei private barnehagane ha i ein heilskapleg barnehagesektor?
  • Verkemiddel for full behovsdekking: Er dei statlege og kommunale tilskotsordningane vi har i dag tilstrekkelege til at vi kan nå målet om full behovsdekking? Er det nødvendig med andre verkemiddel?

Slik eg ser det, er dei viktigaste utfordringane for kommunane no å skaffe nok barnehageplassar med god kvalitet til ein pris foreldra kan betale. Samstundes blir det viktig å gje tilbod om fleksible plassar, ikkje minst sett i høve til kontantstøtta.

Regjeringa sitt mål om tilbod om barnehageplass til alle som ønskjer det i løpet av år to tusen står fast. Det inneber eit mål om at alle som spør etter plass, uavhengig av livssituasjon, status og yrkestilhøve, skal få tilbod. Korleis blir det oppfatta lokalt i kommunane? Er vårt mål i samsvar med kommunale mål på feltet?

Vi har røynsler på at mange kommunar allereie har nådd eller er på god veg til å nå målet om full barnehagedekking. Framleis er det likevel store skilnader mellom kommunane. Kva full barnehagedekking er, vil sjølvsagt variere frå kommune til kommune. Eg er overtydd om at de frå kommunesektoren veit mykje om akkurat dette - til dømes kor stor skilnad det vil vere på behovsdekking frå det eine året til det andre og kanskje og i løpet av eit barnehageår.

Etterspørselen etter barnehagar er ikkje eit einsidig og stabilt statisk fenomen. Vi veit mykje om dei faktorane som påverkar han: Yrkesaktiviteten til foreldra er viktig - ei endring frå det å vera arbeidsledig til full yrkesaktivitet kan vera brå, like eins det motsette! For mange foreldre vil kvalitet på tilbodet spele ei rolle - og haldning til barneomsorg. Utvikling i offentlege stønads-ordningar, avstand til barnehage og pris på tilbodet er og viktige rammetilhøve når ein skal sjå på etterspørselen. Og sjølvsagt vil etterspørselen bli påverka av om foreldra har realistiske alternativ. Desse faktorane gjer at det er vanskeleg å få sikre tal på kor stor del av årskulla det er eller vil vera behov for barnehagetilbod til.

Barnehagedekking skal avspegla lokale behov. Når vi no nærmar oss målet om full behovsdekking, er det nødvendig for kommunane å ha fokus på kommunane sine registrerte behov i staden for å skjegle til statlege måltal for barnehagedekking. Ja, for kva er verdien av eit slikt måltal når dimensjonering av sektoren skal fattast av lokalpolitikarar i kommunane?

Ein kan ha kommunar med låg barnehagedekking sett i høve til nasjonale mål (gjennomsnittstal), men som samstundes har full dekking ut frå det reelle behovet i kommunen. Dette heng tydeleg saman med andre demografiske og strukturelle endringar i kvar einskild kommune. Kontantstøtta og målet om større valfridom for småbarnsforeldre vil og innebera nye utfordringar for kommunane.

Kva er det reelle behovet for plassar på kort og lang sikt sett i lys av kontantstøtta? Mange foreldre ønskjer å kombinera barnehageplass og kontantstøtte - korleis kan kommunane møte dei ønska? Utfordringa for kommunane blir å vurdere kor høgt utbyggingsnivået må vere for å gje alle som har behov eit tilbod om barnehageplass. Eg har lyst til å stille dykk følgjande spørsmål: Korleis ser de på samsvaret mellom behov og kapasitet og samstundes kunne sikre fleksibilitet i tilboda? Er det ikkje og slik at når fleire får ja på sit ønske om deltidsplass, får ein og fortare redusert køane?

Som ein apropos til dette, syner røynsler frå Utviklingsprogrammet og at det kan sjå ut som om eit godt utbygd og variert samansett barnehagetilbod utløyser eit restbehov. Det er dette restbehovet som gjer nivået for full barnehagedekking svært høgt i mange kommunar.

Fleire kommunar og andre har peika på det relativt låge måltalet i statsbudsjettet for 1999 når det gjeld nye barnehageplassar. Men vi har registrert ringverknader av seksårsreformen og registrerer ein del uvisse i kommunane når det gjeld kontantstøtta si innverknad på bruken av barnehage. Regjeringa har difor valt forsiktige anslag for talet på nye plassar neste år. Dette mellom anna for å gje kommunane sjanse til å finne ut av behovet. I den samanheng vil eg minne om den nyleg reviderte rettleiaren for Behovs- og brukarundersøkingar som departementet har sendt alle kommunar. Rettleiinga er meint å vere eit verktøy for kommunane i deira planlegging av «kva full behovsdekking er».

Kommunane har, i følgje § 7 i barnehagelova, ansvar for utbygging og drift av barnehagar. I kommentarane til § 7 heiter det at «utbyggingsmønster og driftsformer skal tilpassast lokale forhold og behov.» Det inneber at barnehageutbygging fyrst og fremst er ei kommunal oppgåve. Men kommunane skal arbeide for at det samla barnehagetilbodet i kommunane er godt og svarar til behovet. Eg har lyst til å utfordre dykk her: Korleis blir denne lovparagrafen oppfatta i kommunane? Og det kan fort leie til eit anna spørsmål: Kor står barnehagane på dagsorden i kommunane?

Mangfaldet i løysingar på barnehagetenesta er eit gode det er viktig å ta vare på. Private barnehagar er, og skal og i framtida vere, ein viktig del av det totale barnehagetilbodet i kommunen. Det er verdifullt med eit variert barnehagemarknad med eit bredt innslag av private aktørar, ikkje minst foreldregrupper, organisasjonar, kyrkjelydar og bedrifter. Eg trur heller ikkje vi kan nå målet om full barnehagedekking utan at private aktørar framleis gjer ein stor innsats.

For at barnehagetilbodet skal vere best mogeleg, er det viktig med eit tett samarbeid mellom kommunale og private eigarar. Samarbeidet må ta ulik form alt etter dei lokale forholda. Nokre stader bidrar kommunane med tomter, lokale eller lånegarantiar. Andre stader får private barnehagar kommunale driftstilskot. Men i mange kommunar får dei private barnehagane så lite tilskott at dei har problem med økonomien sin. Dette viser seg m.a. i høge foreldrebetalingar. Men dersom ein privat barnehage går dukken, kan kommunen få ei større rekning enn om dei gjev eit godt tilskot. Utan dei private barnehagane kan kommunane både få ansvaret for å ta kostnaden for nye kommunale barnehagar, samstundes som dei må innfri lån og garantier. Etter mi meining er det viktigaste å få til eit samarbeid som gjer at ein så godt som mogleg sikrar at barnehagane gir born og foreldre dei same vilkåra, uavhengig om barnehagen er kommunal eller privat. Ein godt samordna sektor som og respekterer verdien av mangfoldet vil og gje sjanse for eit rasjonelt samarbeid på fleire område, m.a. opplæring og vidareutdanning i kommunal regi for tilsette i alle barnehagane i kommunen og større fagfellesskap.

Utviklingsprogrammet syner at kommunane har auka satsinga på samordning av kommunale og private barnehagetilbod - men her gjenstår mykje arbeid. Ei anna røynsle frå Utviklingsprogrammet er at kommunar med høg barnehagedekking vert kjenneteikna ved at dei fleste private barnehageplassane har kommunal støtte i tillegg til den statlege støtta. Desse kommunane har såleis tatt ansvar for heile sektoren, uavhengig av kven som eig barnehagane.

Dei private barnehagane har stått for ein stor del av utbygginga dei seinare åra, spesielt plassar for dei yngste barna. Litt provoserande kan eg då spørje: Er det slik at kommunane har lent seg litt tilbake og satsa på at dei private aktørane er aktive? Korleis ser de på det private initiativ i framtida? Korleis betra og sikra tryggleiken for kommunane sitt totale barnehagetilbod?

Samstundes har vi sett at dei private aktørane etterlyser verkemiddel for å sikre stabil drift. Korleis ser de som representantar frå kommunane på dette? Kor er det skoen trykkjer i samarbeidet mellom kommune og private aktørar?

Barnehagane har over nokre tiår blitt eit tilbod som når fleirtalet av born i førskulealder. Barnehagen er no ein av dei viktigaste arenaene for kvalifisering i brei forstand. Det stiller offentlege styresmakter, både statlege og kommunale, overfor nye utfordringar i å leggje til rette og tilpasse tilbod til det behov barna, familiane og samfunnet har. Sagt på ein annan måte: Korleis kan staten og kommunane saman sikre rammetilhøva slik at kommunane kan ta reelt ansvar for barnehagesektoren?

Eg har hittil sagt noko om behovsdekking og mangfald i løysingar der private aktørar må vera med. Er statlege verkemiddel gode nok som rammevilkår for nettopp fleksible løysingar i ein mangfaldig barnehagemarknad? Kritikken frå kommunane om at det ordinære statlege tilskotet er for lite fleksibelt, er rimeleg. Spørsmålet om å gå over frå øyremerking til rammefinansiering er difor ein viktig debatt framover. Eg ser både fordelar og ulemper med rammefinansiering. Det er ikkje tvil om at øyremerka midlar har vore ein viktig årsak til den sterke tilveksten i talet på barnehageplassar. Når vi no nærmar oss full behovsdekking, er tida inne for å sjå på alternative tilskotsordningar.

Eg ønskjer å invitere kommunane til nytt møte på nyåret der vi drøftar nærmare utfordringar omkring rammefinansiering og juridiske verkemiddel. I dag er målet fyrst og fremst å halde fokus på behovet for barnehagar, kommunane sin rolle og ansvar i sektoren og tilhøvet mellom kommunar og dei private barnehagane.

La dette vere mi innleiing til dialogen vi skal ha her i dag. Eg ser fram til konstruktive og nyttige drøftingar med viktige medspelarar frå kommunesektoren.

Lagt inn 6. november 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen